Showing posts with label Språktullogkrull. Show all posts
Showing posts with label Språktullogkrull. Show all posts

Thursday, April 07, 2011

Thank you for understanding how to English!

Kven treng språkkunnskapar når ein har Google Translate?!

   







 

 




 

Fleire vakre eksempel her.
 Og her ein ganske underhaldande artikkel frå BBC om eit tilfelle som får den avsindige nynorsken (og forsåvidt bokmålen) på ein del norske skilt til å bleikna litt.
 

Thursday, August 19, 2010

Nye ord

Gode forslag til ei norsk omsetjing av den nyaste glosen i Tesaurusen (i.e. skrivesperre som rammar bloggoppdatering) blir mottekne med takk.

Sunday, January 24, 2010

Hjerneskade?

Lurar på om det muligens er noko som er feil i hjernen når ein brukar tid og krefter på å lura på om det finst eit framandord for "framandord"?

Thursday, April 16, 2009

Wonderful Word of the Week

Sidan eg ikkje har funne ei ordlisteforklaring av tesaurus-ordet mitt denne veka, fann eg ut at eg kanskje skulle providera eit sjølv, i tilfelle tydinga ikkje er like gjennomsiktig for folk som ikkje er Indresogningar med over gjennomsnittleg fascinasjon for fabuløse ord og vendingar:

Honkalaus, adj./adv.
a) Som er utan honk.
Du må ta deg ein tur på IKEA og oppdatera bidnesortimentet
ditt - du har berre honkalause koppar.
b) Vanskeleg, vanvittig, dum, irrasjonell, absurd, unyttig, idiotisk osb. som ein honkalaus kopp.
For ei honkalaus plassering!

Fleire eksempel:
Eksempel 1
Eksempel 2

Monday, March 02, 2009

Oppdateringspress

Har, som de sikkert ser, lagt ut nye fjonge sideelement (trur ikkje me skal gå inn på kor lang tid det faktisk tok meg å få bloggen til å gå med på at eg ville ha sideelement på begge sider av innlegga...), som, etter overskriftene å dømma oppdaterast med jamne mellomrom. Veldig skeptisk til kor lurt dette eigentleg er, men det vil jo visa seg. Kan henda dei forsvinn att om ikkje so altfor lenge.
Uansett, sidan eg av og til, innimellom bloggoppdatering og andre andre viktige prokrastineringssysler, sit og jobbar litt med språk og sånt, dumpar eg stadig borti fine sitat som eg kjenner trong til å dela med verda, men som ikkje alltid passar inn i masteroppgåva (har innsett at det kan bli for mykje sitat og at eg kanskje treng litt meir tekst som eg har dikta sjølv innimellom). No kan ein jo òg spørja seg om det å putta dei i masteroppgåva eigentleg er å dela dei med verda, sidan eg ser for meg at ein særs liten del av verda nokon gong kjem til å ha noko med masteroppgåva mi å gjera. Om verda kjenner trong til å bli gjort merksam på desse sitata føler eg er heilt irrelevant.
Elles er det jo alltid like kjekt med fjonge ord, og medan Suzanne har sett i gong eit svært aktverdig prosjekt med å skaffa ord til ordlause omgrep, tenkte eg eg skulle slå eit slag for ord som allereie eksisterar, men som kanskje blir brukt for lite eller som berre rett og slett fortener meir merksemd. Forslag blir mottekne med takk, men avgjerda om kva som skal reknast som gjævt nok til å leggast ut reserverar eg hermed for meg sjølv.
Månadens språksitat er på jiddisch, i tilfelle nokon lurte. Vekas ord er eit av mine favorittord i heile verda. Etymologien er verd å lesa om.

Monday, February 23, 2009

Ord på kryss og skrå - Ei forteljing om frustrasjon

.
Korleis seier ein eigentleg "haldningskampañe" på spansk?!?!
Kan Wikipedia stolast meir på som omsetjingsassistent enn som kjelde?
Skal ein velja å bruka "prevalente"eller "preponderante"?! - og kvifor slik ei overflod av fjonge&fengjande ord i denne contexto når det ikkje går an å oppdriva eitt einaste ynkjeleg lite eit til neste setning?!
Kviforkviforkvifor (helvete, helvete!) kan ein ikkje Ctrl-Z'e EndNote?!?!
Burde nettordlister eigentleg ha nok psykologi til å ha dårlege og gode dagar, slik at Diccionario de la Real Academia Española er amigo med meg i dag og finn alt eg leitar etter, medan WordReference derimot er meir på jordet enn vanleg og berre surmular? (Og gir det eigentleg meining å seia at eit omsetjingsprogram oppheld seg på ein åker?)
Korleis uttrykkjer ein "input" på andre språk enn engelsk? Innputt? Meir spesifikt i ein diskusjon om behaviourisme? (Bør ein eigentleg nedlata seg til å diskutera behaviourisme i det heile...?)
Kvifor har alle spr`k sine tastatur nokre teikn plassert p`usannsynleg lite praktiske stadar? Og kvifor skulle eg vilja ha den idiotiske "caps lock"-tasten på ein slik utsett plass når eg brukar han circus ein gong kvar kongedaude? Dessutan: kvifor, n`r Word kan kjenna att spr`ket eg skriv p`, er Windows so utruleg tilbakestànde npr det gjeld `skjñnna kva for eit tastatur eg vil ha til ei kvar tid?
Finst det ord for "todeling", "tredeling" osb. på andre språk? Korleis skal ein elles uttrykka dette effektivt? ("deling i tre" er ikkje effektivt...)
Kvifor kjem eg ikkje på fabelaktig profesjonelle uttrykk som "tek sikte på", som fint&flott oppsummerar akkurat det har lyst til å seia, når eg skriv på norsk?! Å komma på det medan eg skriv spansk er jo heilt futilt!
Kvifor har ikkje nokon laga ei ordliste som omset fabelaktig profesjonelle uttrykk som "tek sikte på" til andre språk?

Nokre gonger trur eg hjernen min har ei språkfeilkopling ein stad. SPANSK NO! ¡Español! ¡Olé! ¡Caramba! #Nein nein nein!!#

Kanskje på tide å call it a Day. Sjølv om denne eigentleg ikkje har gjort seg fortent til mayuscula...

Monday, February 11, 2008

Om affiks og nynorsk

Myce rart ein kan komma til å tenca på når ein eigentleg burde skriva innlevering om sterke og svake sider ved den komparative metoden i historisk lingvistikk. Affiks, for eksempel. Eigentleg er eg ein stor tilhengar av affiks. Og xølv om me har ganske mange fine på norsk, føler eg av og til at det hadde vore fint med enda fleire. Saknar litt å kunna gjera noko lite eller koseleg eller nusseleg med å smetta på ein -ito eller ein -ino eller ein -etto eller ein -illo (litt sånn alt etter humør og grad). Og å kunna uttrykka at noko er stygt og fælt med ein -ejo eller ein -accio, eller stoooooort ved å henga på -one eller -ote. Men kanxe det viktigaste er å utnytta betre dei me faktisk har, om det så er nynorsk eller bokmål. Og innanfor prefiks-kategorien finst det uante uutnytta mogelegheiter trur eg. Dessutan er det ingenting som hindrar oss i å kombinera både den eine og den andre (og den tredje, dersom me innfører nokre infiks - trur nemleg icce dei finst på norsk, men det skal eg icce sverga på) typen.
Samtidig er eg veldig fornøgd med norske ordsamanseccingsmogeleg- heiter, som gjer f.eks. februarettermiddagslesesalstrøyttleiksblogging til eit mogeleg, om enn kanxe bittelitt tungt, ord.
Grunnen til at eg i det heile teke kom til å tenca på dette er at eg under ei februarettermiddagslesesalstrøyttleiksinternettsørfingsøkt var innom Elin sine blogg-kommentarar og forelska meg i ordet "befjongelse". Men dette er jo eit nei-nei-ord på nynorsk, pga. dei frykteleg bokmålske affiksa. Så no lurar eg på korleis det ville seiast på nynorsk. Fjonging? Forfjonging? Påfjonging? Oppfjonging? Åtfjonging? Er open for gode forslag. Alltid nyttig å utvida ordforrådet sitt.

Og dersom det er nokon som lurar så testar eg for tida ut i tydinga [ç] og i tydinga [ʃ], for å xå om den norske rettskrivinga blir litt meir logisk slik og om det kan gi ein funkxon til desse stakkars unyttige bokstavane. Litt uvant, så det er mogeleg eg sleivar litt med konsekvensen her og der.