Kven seier at musikk ikkje kan vera lærerikt? Har ein ambisjon om å læra meg i alle fall nokre av faktaa i denne teksten ...
Showing posts with label Musikk-måndag. Show all posts
Showing posts with label Musikk-måndag. Show all posts
Monday, April 12, 2010
Monday, April 05, 2010
Påskerapport
Då var vel påsken så godt som over og eg har sjølvsagt ikkje gjort halvparten av det eg hadde planlagt at eg skulle få gjort på ti fridagar heime utan husarbeid og førelesning og jobb. Enda, som vanleg, utan at det var planlagd og utan at eg heilt forstår korleis det skjedde, med å ta meg heilt å fullstendig fri. Det eg har fått gjort (utanom å eta altfor mykje og sjå uendelege mengder krim på TV, som jo er obligatoriske påskeaktivitetar), er sova, lenge og ofte. Og sjølv om eg eigentleg har kjend meg ganske utsliti heile ferien og har lurt på korleis det går an å bli så trøytt av å gjera så lite, så trur eg kanskje det var nødvendig og at det har hjelpt og at eg no er klar for ny dyst! Prøver iallefall hardt å overbevisa meg sjølv om det.
I dag var planen å panikkjobba og få gjort unna noko av det aller viktigaste arbeidet eg ikkje har gjort i påsken. Men så kjem H og seier at klokka 18 må ein ut og drikka øl, og då må ein jo sjølvsagt ut og drikka øl. Triste greier, sidan eg hadde mykje meir lyst til å lesa grammatikk, formatera korpusmateriale og vaska hus ...

* * *
I tillegg til all sovinga har eg faktisk fått lese ein del i påsken. Ikkje krim, sidan eg meinar at krim absolutt gjer seg best på TV, men eg har bl.a. omsider lese ut fjerde bind av Krig og fred (så no har eg berre att epilogen ...) og eg har endeleg lese Slaughterhouse 5, ei av bøkene som har stått lengst på har-store-planar-om-å-lesa-snart-lista mi. Dessutan har eg, av alle ting, lese ein biografi, ein sjanger eg prinsipielt ikkje er nokon fan av sidan andre folk sine liv sjeldan interesserer meg noko særleg. Men, eg var på Kvarteret for nokre veker sidan og høyrde forfattaren, Hege Duckert, snakka om Mitt grådige hjerte, og bestemde meg for at eg vart nøydd til å gi ho ein sjanse. Trur eg kan slå fast at eg er ganske positivt overraska. Har planar om å anmelda boka skikkeleg før eller sidan, men det blir nok ikkje i dag kjenner eg. Legg ved bidrag frå dei fire kvinnene boka handlar om her, og så får me sjå om det blir ein bloggpost på Bokbloggen etter kvart.
«Den lille piken lærer seg at man må være elsket for å bli lykkelig. For å bli elsket må man vente på kjærligheten. Kvinnen er Tornerose, Askepott, Snøhvit, den som lider og tar imot alt.»
Simone de Beauvoir
Billie Holiday: Strange Fruit
Frida Kahlo: Las dos Fridas«Å være seg selv. Å være noe i seg selv. Å ha noe som er sitt eget, utrette noe som er sitt, for å kunne leve og for å holde ut at kjærligheten kan forsvinne.
Det er nødvendig.»
Karen Blixen
Monday, March 29, 2010
Monday, March 22, 2010
Monday, March 15, 2010
Soundtrack of my Life
Mp3-spelaren må vera ein av mine favorittoppfinningar i nyare tid. Eg veit ikkje lenger korleis eg kom meg gjennom kvardagen tilbake i gamledagar, då eg måtte vera utan musikk i timevis av gangen. Den store skrekken er sjølvsagt å gå tom for batteri ute på vegen ein stad, noko som før, for flire mp3-spelarar sidan, kunne løysast ved å gå inn i næraste butikk og kjøpa nytt, men som no inneber at eg må klara meg utan anna lyd enn bildur, fuglekvitter og skrikande småungar til eg kjem meg til næraste datamaskin. Verda kjem brått skremmande nær. Rett nok hender det eg let øyretelefonane vera på, berre sånn i tilfelle (om ein går utan kan ein jo risikera at kva som helst slags lugubre individ skulle føla for å snakka til ein), men det er ikkje heilt det same. No har eg heldigvis god tilgang på datamaskiner, og har vorte ganske god på å hugsa å lada batteriet når eg har sjansen (det har nesten vorte ein generell leveregel på linje med "gå alltid på do når du har sjansen, uansett om det kjennest naudsynt eller ikkje"), og foreløpig har spelaren rimeleg bra batteri. Sjanse for at han varer lenge nok til å få nedsett batterikapasitet er vel òg heller liten (denne spelaren har eg faktisk hatt ganske lenge no, fleire månadar...).
Men det eg eigentleg skulle skriva om var konsekvensane av å gå rundt med musikk på øyra heile tida. Utanom dei openbert positive, som mulegheita til å stenga verda ganske fullstendig ute og konstant bli utsett for gode vibbar (undersøkingar viser at folk som høyrer på musikk på mp3-spelar har betre mental helse enn andre), og nokre ikkje udelt positive, som f.eks. tiltakande øyresus og eit par nær-døden-opplevingar i trafikken, har vanen òg ført til at eg gjerne assosierer spesielle sangar eller sangarar med stadar eller situasjonar. Slik går det til at når eg høyrer All these Things that I've done står eg brått på Passeig de Gracia i Barcelona, når eg Kent spelar Berlin sit eg på ein skranglete gammal buss midt i eit nattemørkt mellomamerikansk ingenmannsland, Karl Jenkins manar fram bilde av eit snødekka Voss, medan Glasvegas tek meg med på mopedtur til Haukeland i augustsol. The Soundtrack of my Life.
Den siste veka har øyreormane mine stort sett vore henta frå eit faktisk soundtrack, nemleg dei til saman fem CDane med musikk frå Battlestar Galactica. Det meste har difor vore instrumentalmusikk (har funne to sangar med tekst, ein av dei er ein versjon av Bob Dylan-sangen All along the Watchtower - anbefalast òg), noko som frustrerer meg litt innimellom sidan eg ikkje kan synga med. Vedlagt eit lite utval ...

&ik&:
Musikk-måndag
Monday, March 08, 2010
Sunday, February 28, 2010
Monday, February 22, 2010
In da muud
Litt hekta på 40-talsmusikk for tida. Trur det kanskje det begynte som
ein Dr.Who/Torchwood-konsekvens...
ein Dr.Who/Torchwood-konsekvens...
&ik&:
Musikk-måndag
Wednesday, February 17, 2010
Musikk-måndag
Hadde på eit tidspunkt ein plan om ein slags fast tema-post i veka for å tvinga meg sjølv til å oppdatera og kanskje gjera det lettare å finna noko å blogga om. Den originale tema-vekespost-ideen ligg foreløpig og kosar seg på is medan han ventar på at eg skal få Fri og God Tid til å setja i gang med alle dei viderløftige fritidsplanane eg måtte ha kokt saman, (og det er ikkje så reint få) - eit tidspunkt som magisk bevegar seg framover i tid like kjapt som meg og slik held seg frekt-og-friedig like utanfor rekkevidde.
Anyways, poenget, for å komma tilbake til dét etter den førre fantastiske det-er-midt-på-natta-og-eg-har-jobba-heile-dagen-og-dessutan-drukke-rom-og-då-har-eg-det-med-å-uttrykka-meg-i-5-linjers-setningar-setningen, er (poenget altså): eg har tenkt å begynna med ein temavekespost som kanskje, muligens, kan henda, ber bittelitt preg av latskap og kreativitetstørke, men dog ... Musikk-måndag startar denne veka, med tilbakeverkande kraft, og skal etter planen følgjast opp kvar måndag framover på ubestemt tid. Har eg hatt denne typen føresett før? Jepp. Har det vore spesielt vellukka? Nope. Evig pessimist.

Okidok, på høg tid å gi seg. Dagens øyreorm:
&ik&:
Metablogging,
Musikk-måndag
Subscribe to:
Posts (Atom)