Monday, March 02, 2009

Oppdateringspress

Har, som de sikkert ser, lagt ut nye fjonge sideelement (trur ikkje me skal gå inn på kor lang tid det faktisk tok meg å få bloggen til å gå med på at eg ville ha sideelement på begge sider av innlegga...), som, etter overskriftene å dømma oppdaterast med jamne mellomrom. Veldig skeptisk til kor lurt dette eigentleg er, men det vil jo visa seg. Kan henda dei forsvinn att om ikkje so altfor lenge.
Uansett, sidan eg av og til, innimellom bloggoppdatering og andre andre viktige prokrastineringssysler, sit og jobbar litt med språk og sånt, dumpar eg stadig borti fine sitat som eg kjenner trong til å dela med verda, men som ikkje alltid passar inn i masteroppgåva (har innsett at det kan bli for mykje sitat og at eg kanskje treng litt meir tekst som eg har dikta sjølv innimellom). No kan ein jo òg spørja seg om det å putta dei i masteroppgåva eigentleg er å dela dei med verda, sidan eg ser for meg at ein særs liten del av verda nokon gong kjem til å ha noko med masteroppgåva mi å gjera. Om verda kjenner trong til å bli gjort merksam på desse sitata føler eg er heilt irrelevant.
Elles er det jo alltid like kjekt med fjonge ord, og medan Suzanne har sett i gong eit svært aktverdig prosjekt med å skaffa ord til ordlause omgrep, tenkte eg eg skulle slå eit slag for ord som allereie eksisterar, men som kanskje blir brukt for lite eller som berre rett og slett fortener meir merksemd. Forslag blir mottekne med takk, men avgjerda om kva som skal reknast som gjævt nok til å leggast ut reserverar eg hermed for meg sjølv.
Månadens språksitat er på jiddisch, i tilfelle nokon lurte. Vekas ord er eit av mine favorittord i heile verda. Etymologien er verd å lesa om.

Friday, February 27, 2009

Svart hol

Eg har eit svart hol i hjernen min av og til. Det kjem og går litt, men i dag er det definitivt til stades og syg til seg alt som kjem i nærleiken av det, med det resultatet at idear og tankar forsvinn sporlaust frå ein augeblunk til neste. Eg les ei setning på ei nettside, tenkjer "dette kan eg bruka", klikkar på Word- dokumentet mitt og har gløymt ikkje berre det eg skulle skriva, men kva heile nettsida handla om. Eg set inn ei fotnote og går inn i EndNote, men før eg har komme so langt har eg gløymt kva eg skriv om og kva for ei bok eg difor skulle sitera frå, for ikkje å snakka om sidetalet.
Det går framover, men sakte sakte...
Skilpaddetempo. Snigletempo.
Tilbakeståandegullfiskhukommelsestempo.

Thursday, February 26, 2009

No more Avisturking

Har i dag vore på BT og spurt om det gikk an å få kjøpa ein aviskassesak. "Aviskassesak?" sa mannen i informasjonen og smilte. Og so gikk han og henta ein svart postkasse med BT-logo. OK, tenkte eg, og spurde kor mykje han ville ha for han. "Du ser so grei ut at den skal du få av meg", sa mannen, og pakka han i ein plastpose for meg. Og eg gikk ut i vårsola og kjøpte espresso og velviljen min mot BT var gjenoppretta.
Har vore litt småsur på dei i det siste, noko som mest er avisbudet sin feil. Veit jo frå før at avisbud generelt er litt tilbakeståande (ikkje at eg har møtt eit avisbud, trur ikkje det er so ofte me er ute og luskar på same tid av døgnet, men slik frå handlingane å dømma kan iallefall ikkje våre avisbud vera spesielt intelligente), men kor vanskeleg kan det eigentleg vera å levera oss èi turr avis (fortrinnsvis dagens - tenk at eg måtte slå opp i engelskordlista for å finna "fortrinnsvis" på norsk!) kvar morgon? I tillegg til at budet føler for å legga avisa ute på dagar med heftig regn (men gjerne i postkassa når det er opplett) har me fleire helgar no (stort sett kvar helg faktisk) berre fått avisa èin dag. Denne veka fekk me laurdagsavisa på måndag, og stadig oftare er avisa ikkje kommi når eg er klar for frukost. At det er litt ork å ta på seg sko for å gå heilt bort til postkassa om morgonen er jo ikkje budet sin feil, men det er enda ein god grunn til å skaffa seg ein boks nærare.
Men utdeling av gratis avisboks tykkjer eg er eit svært positivt trekk, og viss me kan få dette nye vidunderet på plass i kveld ser eg for meg at all avisproblem er løyst for all framtid!

Wednesday, February 25, 2009

Dagens absurditet

Ved-sida-av-meg-på-lesesalen-Rakel fekk nettopp denne SMSen (frå eit ukjend nummer):
"hva heter frida? hva heter du?"
Eit av livets store mysterium...

Tuesday, February 24, 2009

Bokblogging I, del 2


Bokblogging I, Part 2, by -Silje-. This is an AraMateix publication. All AraMateix publications are not in the public domain. Recording by -Silje-

Observasjon 1: Kvifor, når handlinga føregår i Irland og forfattaren er irsk og irsk engelsk er ein av dei stiligaste variantane av engelsk, skulle eg ynskja å høyra boka lesi på heavy USAnsk?

Observasjon 2: Eitt problem med lydbøker er at det har fryktleg mykje å seia (iallefall for meg) om ein likar stemma og lesemåten til opplesaren. Mi første lydbok vart lesi av Peter Bobby, som i tillegg til å vera svært USAnsk hadde ein lite behageleg leserytme i første del av boka.

Konklusjon førsteinntrykk: På ingen måte overtydande, men eg bestemde meg likevel for å halda fram, mest fordi eg har litt tvangstankar i samband med ideen om å ikkje lesa ferdig ei bok, men delvis òg for å ikkje vera pinglete og gi opp Mr. Peter Bobby, the Artist og Prosjekt Lydbok slik med ein gong. Alle fortener visstnok ein sjanse til (litt usikker på dette, prinsipielt sett, men let tvilen komma alle til gode i dette tilfellet).

Lesinga tok seg heldigvis opp. Ikkje at Mr. Bobby vart noko mindre USAnsk, men han vart hakket mindre irriterande. Er litt usikker på om den mystiske rytmen og tonefallet i første del var eit resultat av at han prøvde å tilpassa seg hovudpersonen sin unge alder, eller om det berre var det at han vart meir van med å lesa etter kvart. Sette uansett pris på endringa.
Boka derimot, tok seg ned. Ho har berre fem kapittel, som iallefall i lydbokversjonen er delte opp i mindre deler, og dei to første kapitla tek for seg barndommen til the Artist. Kapittel tre er ei einaste lang dommedagspreik. Masse "du skal brenna i Helvete og pinast i all Æve for at du ikkje gjer som Gud har gitt deg beskjed om" og deprimerte og angrande filosoferingar om ei syndefull fortid (mest pga. hyppig omgang med prostituerte) og ei grusom framtid i Helvete frå the Artist si side. Utanom nokre småinteressante skildringar av Helvete (men har lese mykje meir interessante skildringar andre plassar, Dante f.eks...), var det ikkje spesielt mykje eg fekk ut av denne delen av boka og etter fleire timars svovelpreik var nok ikkje konsentrasjonen om det som strøymde inn i øyrene mine so stor lenger. So, eit stykkje ut i kapittel fire (dersom eg hugsar rett), går the Artist i kyrkja, finn ein prest og legg ut om syndene sine i detalj, i god katolsk stil. Deretter kjenner han seg ovanpå og overlegen og fødd på ny ei stund, før han mot slutten av boka (dersom eg skjønte dette rett) endeleg konverterar til ateismen (eller iallefall agnostisismen). Mot slutten tek det seg litt opp att, sjølv om dei djupe filosofiske samtalane er litt harde å følgja, spesielt dersom ein er litt trøytt og omringa av høglydd trafikk i bergensvêr. Det skal òg seiast at latinen min på ingen måte er god nok til å fylgja replikkane i dei tilfella dei ikkje er omsette, og at å høyra ein USAnar lesa latin er eit lite Helvete i seg sjølv.

Andre observasjonar: Det hadde vore ein god idé å dela opp bøkene i mindre deler, for det er ikkje alltid det passar å høyra ei 45 min. lang opplesing og dessutan likar ikkje mp3-spelaren min dei - han blir sur og gretten og har det med å låsa seg litt og generelt skapa trøbbel i rein protest. Dessutan burde dei kutta litt ned på introduksjonane. Det er verkeleg ikkje påkrevd at dei opplyser meg om kva bok eg høyrer på, kven som har skrive ho, kven som les osb.osb. i byrjinga av kvar einaste ny del.

Konklusjon: Ikkje overtydd om at lydbok er heilt min ting, men framleis heller ikkje overtydd om at det er ein dårleg idé. Problemet blir å finna kombinasjonen rett bok og rett opplesar. Har no rydda meir plass på mp3-spelaren for å kunna ha deler fleire bøker der om gongen, slik at eg har litt å velja mellom. Har lasta ned meir litteratur, både romanar, faglitteratur, poesi og noveller, på diverse språk, og satsar på å finna den perfekte lydboka snart.
Will let u know...

End of Bokblogging I.