Tuesday, October 20, 2009

Silje mot verda (her representert ved "Betre Vitande"), del I.

"Når eg blir ferdig med masteroppgåva, då skal eg ta meg fri, slappa av eit semester eller to, berre ta kosefag, slike eg har hatt lyst til å ta lenge, og ikkje stressa med noko som helst, skriva på norsk om skriving skulle vera naudsynt og elles berre ha det moro. Dessutan skal eg gjera andre ting enn å studera, eg skal lesa skjønnlitteratur og bli sunn og ha ein kvardag og fritid."
Tenkte eg. I uendeleg naivitet.
So kom sommaren og sidan eg berre skulle ta kosefag likevel gjekk det vel greit at eg jobba ut september, tente meg litt ekstra pengar (kjem jo godt med på vegen mot arbeidsløysa) og gjekk glipp av nokre førelesningar i starten av semesteret.
Tenkte eg.
Det er jo heilt klart min eigen feil at eg har ein tendens til å gapa over litt for mykje. Men so finst det so altfor mange fag eg kunne tenkja meg å ta på universitetet (og enda fleire om ein reknar med dei eg kunne tenkja meg å ha teke...). Løysinga vart som vanleg å melda seg opp i ca. 1000 studiepoeng, og so vurdera utover semester kva eg skulle melda seg av att. Då kunne eg dessutan avgjera kor mange fag eg ville ta utifrå kor mykje tid eg hadde når konteeksamenen i oktober var unnagjort og det var klart om eg fekk meg ein jobb. Måtte jo vera ein strålande plan.
Tenkte eg.
Fyrst gjekk det opp for meg at jobbing og studering på same tid slett ikkje er så greit som eg hadde tenkt. Når dagane skal delast mellom to ulike stadar, to ulike typar aktivitet, to ulike (men like lite ryddige) timeplanar, må ein bruka mykje krefter på rein omstilling.
Deretter oppdaga eg at sjølv om det hender eg vrir meg i smerte over førelesarar som oppfører seg som om me framleis var på barneskulen, uendeleg repetisjon av ting ein burde kunna før ein begynte på universitetet og medstudentar som umuleg kan ha fylt 14 dersom ein skal dømma etter kor modne, informerte og sjølvstendige dei er, trass alt dette, er førelesningar ein god ide og dersom ein går glipp av mange må ein jobba desto hardare med å få inn pensum.
"Når eg blir ferdig med jobbinga, då skal eg gå på alle førelesningane og begynna å lesa, både pensum og ikkje-pensum, og livet mitt skal bli ryddig og organisert, og eg skal ha fritid."
Tenkte eg.
So fann eg ut at statistikk verkeleg ikkje er noko som ligg naturleg for den stakkars HF-hjernen min, og at eg eigentleg skulle hatt mykje meir tid til å setja meg inn i ikkje-parametriske testar og regresjonsanalyse enn det eg hadde sett for meg og dessutan sikkert hadde nytt godt av å faktisk ha førelesningar å støtta meg til. Og samtidig var eg over ein månad inn i semesteret utan å ha opna ei bok i dei andre faga eg var oppmeld i.
"Når eg blir ferdig med statistikkeksamen, då skal eg lesa heile lingvistikkpensum på ei helg, og kosa meg med alle dei fine bøkene som ikkje har tal i seg og lesa skjønnlitteraturen på nordisk litteraturpensum (sjølv om det begynnar å gå opp for meg at dette faget får eg nok ikkje tid til å ta) og dessutan skal eg setja av nokre ettermiddagar og kveldar i veka til å gjera andre ting og lesa andre ting og ha fritid."
Tenkte eg.
Og langt bak i hjernen ein stad kviskra ei lita stemme: "Ser me ikkje kanskje eit mønster her?"
"Kjeften," tenkte eg.

Monday, September 28, 2009

Internett og slikt

Fyrst vart Eldreven min, som eg vanlegvis er svært så god venn med og som uttrykker seg på (stort sett) fjong nynorsk (diktar til og med nye ord heilt sjølv), flau...:


...og i dag fekk eg denne feilmeldinga:

Det kan verka som internetten og vennene hans har gått litt inn for å uttrykka seg på eit språk eg forstår i det siste. Følte eg måtte uttrykka at det blir sett pris på.

Tuesday, September 22, 2009

Bedre seint enn aldri

Etter 6 år på universitetet har eg i dag, omsider, gått til innkjøp av eit SIB-krus, etter å ha oppdaga at ein då får dobbelt so mykje kaffi for same pris. Kvifor har ingen informert meg om dette før?

Monday, September 21, 2009

Dikt

...medan ein ventar på oppdatering...

Hadde
planar om oppdatering. Dvs. (liten verbtidskorreksjon):
Har planar om oppdatering. Men på magisk vis, som så mange gonger før, skjer ting ikkje av seg sjølv uansett kor lenge og hardt ein tenkjer på dei. Og sidan det no har gått opp for meg at det er ca. 10 dagar att til konteeksamen, at eg berre såvidt har begynt på pensum og at hjernen min har litt vanskelegare på å halda på tal og greske bokstavar når dei inngår i ein statistikksamanheng heller enn ein lingvistikksamanheng, kan det henda det blir ei stund enda før det kjem ei ordentleg oppdatering.
I mellomtida, i staden for pausemusikk, eit lite dikt eg oppdaga for ei stund sidan, medan eg framleis følte eg hadde tid til å lesa på eit koseleg nordiskpensum som eg no (foreløpig) bokstaveleg tala har lagt på hylla:


BRIGDE

Hugbód som fyrr leika hauk over hauk
i storstilla blå
og solblanke ned over tankane strauk,
er ingen stad høyre hell sjå.

Stride som strålande kvæde dei kvad
og lyste seg leid.

No er det att berre burtblåsne blad
ein haustdag pa villande heid.

Mjukar enn myrull som voggar i vind
langt inn i fjell,
er minni som sviv gjenom mannasinn
ein skybleik og blåsande kveld.


Olav Aukrust