Sunday, May 20, 2012

Storebror ser deg

Vurderer å stenga bloggen.

Grunnen er rett og slett at eg er drittlei av at Google insisterer på å lagra absolutt alt eg gjer, og sidan bloggen min er knytt til Google-kontoen, er eg usikker på om eg kan stenga denne utan å stenga bloggen òg. Har i dag stengd YouTube-kontoen, fordi det provoserte meg at alt eg gjorde på YouTube vart lagra, og vist fram til meg kvar gong eg gjekk inn, men det hadde ingen effekt i det heile teke. Så lenge eg har ein Google-konto, lagrar den alt eg gjer på YouTube uansett, så utfallet blir akkurat det same. No driv eg ikkje eigentleg med så lugubre ting på internetten (YouTube eller andre stadar) at det er noko problem at det blir lagra, men merkar meir og meir at det gjer meg skikkeleg stressa og sint å kjenna meg så fullstendig og konstant overvaka.

Vurderer å stenga Facebook-kontoen av same grunn.

Om det skulle gå så langt at eg legg ned det heile, er det mogleg eg prøver å skaffa meg ein ny blogg som ikkje er knytt til noko som helst. Dersom det viser seg å vera mogleg.

Meir info seinare, når eg ha bestemt meg for kva eg skal gjera. Eventuelt ei feilmelding neste gong de trykker på lenkja hit ...

Thursday, April 07, 2011

Thank you for understanding how to English!

Kven treng språkkunnskapar når ein har Google Translate?!

   







 

 




 

Fleire vakre eksempel her.
 Og her ein ganske underhaldande artikkel frå BBC om eit tilfelle som får den avsindige nynorsken (og forsåvidt bokmålen) på ein del norske skilt til å bleikna litt.
 

Monday, February 28, 2011

Programvarefeilmeldingsforfattargrubling

Kven er eigentleg desse sjelene som sit og forfattar feilmeldingane ein får opp når noko går gale på datamaskina? Det slår meg at dei enten må ha ein skikkeleg dårleg (eller i det minste ekstremt intern) sans for humor, eller tilhøyra ein skriftkultur som er så radikalt forskjellig frå min (og dei fleste andre eg kjenner sin) at det som for dei høyrest rimeleg ut, for meg i mange tilfelle blir strålande eksempel på vakker absurditet.

Frå tidlegare er eg kjend med at ein del programvaretypar likar å vera høflege når dei har klappa saman,og gi deg alternativ av typen: "Vil du slå av, eller vil du slå av?" Eg har òg tidlegare vore innom nokre av dei meir spesielle forsøka internetten gjer på å kommunisera med meg.
I dag vart eg møtt med denne meldinga frå PASW Statistics, etter ein halvtimes fullstendig resultatlause forsøk på å få programmet til å gjera det det er meininga det skal gjera:

"The PASW Statistics Processor is terminating due to a catastrophic error. Any working file is lost."
OK, slapp av PASW, ingen grunn til panikk. Spesielt sidan du nettopp har nekta å legga inn noko som helst i den "tapte" fila ...
 
Den dramatiske starten vart følgt av: "A program error has occurred". 
Takk, det ante meg vel. Trur kanskje fyrste setninga kommuniserte dette grundig nok.

Det som verkeleg fekk meg til å stussa var likevel den siste biten:
"Please note the circumstances under which this error occurred, attempting to replicate it if possible".

   ???

Det har skjedd ein katastrofe!!!
- Sjå om du kan klara å få det til ein gong til ...?

Monday, February 14, 2011

Premieutdeling !!!

(For rett effekt, spel denne ↓ medan du les.)


I kategorien "fleste riktige svar": Elin Ree Michelsen, Den Vise


 I kategorien "flest avgidde svar": Suzanne Thobro, Den Brave


I kategorien "beste science-fiction-svar": Kristine Vinje Haukaas, Master of the Universe


Premie kjem i posten.