Wednesday, March 18, 2009

Æsj...


Hadde planar om å begynna å gjera noko att i dag. Var flink nokre få dagar i førre veke, men det er lite hjelp i når hjernen og konsentrasjonen so tek ferie på ubestemt tid. Verkar litt som om dei må ha minst to dagar fri for kvar dag dei er aktive for tida.
Merkar at masterpanikken har slege inn att, delvis som eit resultat av at alle (kjennest det som) rundt meg har utsett innlevering til hausten. Panikken har ført til mange gode forsett om å gjera noko, fort!, men gode forsett har vel vist seg å særs sjeldan føra til noko særleg effektivitet for min del.
Merkar at konsentrasjonsnivået har sunke til eit nytt lågmål (har problem med å jobba meg gjennom meir enn eitt avsnitt tekst av gangen). Det er no so lågt at eg lurar på om det kan reknast som ei form for ADHD. (Tenkjer då helst på AD-delen, føler meg alt anna enn hyperaktiv...)
Merkar at kvar gong eg vurderar mengda av atterhald eg må nemna om datasettet mitt er eg klar for å gi opp heile masteroppgåva.
Merkar at alt lesestoff, inkl. faglitteratur, som ikkje er direkte relevant for oppgåva har vorte utruleg interessant i det siste.
Merkar at EE-nivået (Energi&Entusiasme) har falle so mykje at eg ikkje eingong gidd å legg krefter i å finna nye prokrastineringsprosjekt.
Merkar at tankar som "skulle eg ikkje kanskje heller vore møbelsnekkar/ bibliotekar/ arkeolog/ lege/ smusslitteraturforfattar/ elektrikar/ kunstnar/ action-heltinne/ instumentbyggjar/ museumskonservator/ you-name-it, og kva gjer eg eigentleg her?" melder seg stadig oftare.

I tillegg har Frieleguden forlate meg og dei siste dagane har eg vore omgidd av dårleg kaffi. Ikkje berre den eg kokar sjølv (som jo pleier vera av varierande kvalitet), men både kaffien i SiB-kantina og den i kaffiautomaten i fjerde har vorte merkbart kjipare sidan helga.

Har filosofert litt over omgrepet "selvmedlidenhet" (tilfeldig?), som eg ikkje er i stand til å finna eit nynorsk ord for (sjølvmedkjensle finst ikkje i ordboka, og høyrest dessutan skikkeleg rart ut):
Er det eigentleg mogeleg å føla (saman) med seg sjølv? Ville ikkje dette innebera eit innslag av schizofreni?
Isofall, kan eg få godkjend utsett innlevering av masteroppgåva på bakgrunn av psykiske helseproblem?
Dersom ikkje, kva konsekvensar får det? Kva anna kan ein gjera saman med seg sjølv?
Dessutan: Kan ein bruka autosympati som eit framandordleg synonym for dette konseptet (evt. som nynorsk synonym, sidan latin og gresk og slikt er heilt uproblematisk i nynorsk, det er tysk som er Satans verk)?

Dersom det finst prokrastinatorar der ute på den Vide Vebben som er desperate nok etter å kasta vekk tid til å ha lese heilt hit, ville eg setja eg pris på om de kunne gi meg ei tilbakemelding med dykkar tankar om desse essensielle filosofiske spørsmåla.

8 comments:

H said...

Jeg hadde heller ingen tro på at jeg faktisk kom til å bli ferdig da jeg holdt på med min oppgave, men det hjalp at vi var flere i samme situasjon og å innse at master=ræv + at jeg hadde veldig streng veileder som maste om å få ting til gjennomlesning. Lurer for så vidt på hvorfor jeg fortsatte jævelskapen og ikke heller brukte mer tid på å oppnå min egentlige drøm som altså da er å bli avsindig rik og kunne daffe rundt som det passer meg. Av og til tenker jeg også at å jobbe i kassen på rimi/rema hadde vært noe jeg fint kunne gjort.

Tror løsningen på selvmedlidenhets-problemet ditt er at nynorskinger ikke driver med slikt og derfor ikke har et ord for det (alternativt kan jeg spørre mamma når hun kommer for å hente Platon-boken sin i kveld).

-S- said...

Hmmm... Må innrømma eg lika nynorsk-teorien din, sjøl om eg ha mine tvil.
Trur nok ikkje da hjelpe på motivasjonen at eg enda ikkje ha fått ei einaste tebakemelding frå veiledar og tykkje slett ingenting om at folk drive å utsete. Tykje adle burde bli ferdige i mai!
Litt usikker på om kassen på Rema hadde vore ein ting å driva me, men e nok litt i ferd me å bli meir eit spørsmål om lønn enn k interessant jobben e i seg sjøl. Merka at tanken på "lønn" - peng so kjemme magisk inn på kontoen kvar måne (veffal viss ikkje Danmark ha teke dei) å so e mineminemine før allti (elde heilt te eg bruka dei) - e ein veldi lokkande tanke. Sama eigentleg me ideen om å kunna gå heimatte på eit vetigt tidspunkt å ikkje ha dårle samvittigheit viss ein bruka restn ao dagen på å sjå på tv-seria elde jera masse ingenting.
Ikkje sikker på kelais da kjemme te å gå me denna masteroppgåva, men trur kansje eg bjøna å bli litt klare før å vera ferdige. Enda ein grunn te å få da overstått i mai!

Anonymous said...

Lider av alvorlig EE-mangel. Fins det piller mot slikt? Hvis ikke syns jeg Haldis skal forske fram noen.



Jeg er ikke så veldig annonym, det er bare tingen som påstår at brukernavnet og passordet mitt ikke finnes... Hmmm. Elin her:)

-S- said...

Framleis i live, me andre or...
Ha no lese ferdig artikkeln min om metode (dan eine eg ha brukt absolutt heile dagen på å lesa) å slege fast at eg ikkje ha jort ein einaste ting rett på feltarbeie mitt å at resultati mine e verdilause. Prøve å skulda da på andre enn meg sjøl, men da jelpe berre bittelitt.

Z said...

Jeg har vært skikkelig sur og sint i dag, for det er ikke gøy å skrive doktorstipendiatsøknad, hvertfall ikke når verden motarbeider meg (de hadde ikke store nok konvolutter på posten/duste-coop-butikken til alt som må sendes med søknaden, og de hadde heller ikke store nok esker til formålet). Og i tillegg lurer jeg på om det er taktisk lurt for sjelefreden (selv når man har pinner til å dunke i hodet på folk) å søke stipendiatstilling på et prosjekt som har samme tema som masteren hadde, i og med at jeg hatet det ganske mye, og i tillegg krever at jeg må flytte til Tromsø og fryse 10 måneder i året eller noe sånt.

Blæ.

-S- said...

Kjenne da jelpe litt, faktisk, at andre tykkje verdn e kjipe òg...

Ofta tenke eg at kansje ønskje om å holda seg i akademia før dei fleste eigentle berre e ei blanding av jobbofobi og masochisme.

"Blæ" uttrykke førrestn utrule bra tingenes tilstand.

Z said...

Tror din bli-i-akademia-analyse stemmer ganske bra.

Anonymous said...
This comment has been removed by a blog administrator.