Hadde planar om å begynna å gjera noko att i dag. Var flink nokre få dagar i førre veke, men det er lite hjelp i når hjernen og konsentrasjonen so tek ferie på ubestemt tid. Verkar litt som om dei må ha minst to dagar fri for kvar dag dei er aktive for tida.
Merkar at masterpanikken har slege inn att, delvis som eit resultat av at alle (kjennest det som) rundt meg har utsett innlevering til hausten. Panikken har ført til mange gode forsett om å gjera noko, fort!, men gode forsett har vel vist seg å særs sjeldan føra til noko særleg effektivitet for min del.
Merkar at konsentrasjonsnivået har sunke til eit nytt lågmål (har problem med å jobba meg gjennom meir enn eitt avsnitt tekst av gangen). Det er no so lågt at eg lurar på om det kan reknast som ei form for ADHD. (Tenkjer då helst på AD-delen, føler meg alt anna enn hyperaktiv...)
Merkar at kvar gong eg vurderar mengda av atterhald eg må nemna om datasettet mitt er eg klar for å gi opp heile masteroppgåva.
Merkar at alt lesestoff, inkl. faglitteratur, som ikkje er direkte relevant for oppgåva har vorte utruleg interessant i det siste.
Merkar at EE-nivået (Energi&Entusiasme) har falle so mykje at eg ikkje eingong gidd å legg krefter i å finna nye prokrastineringsprosjekt.
Merkar at tankar som "skulle eg ikkje kanskje heller vore møbelsnekkar/ bibliotekar/ arkeolog/ lege/ smusslitteraturforfattar/ elektrikar/ kunstnar/ action-heltinne/ instumentbyggjar/ museumskonservator/ you-name-it, og kva gjer eg eigentleg her?" melder seg stadig oftare.
I tillegg har Frieleguden forlate meg og dei siste dagane har eg vore omgidd av dårleg kaffi. Ikkje berre den eg kokar sjølv (som jo pleier vera av varierande kvalitet), men både kaffien i SiB-kantina og den i kaffiautomaten i fjerde har vorte merkbart kjipare sidan helga.
Har filosofert litt over omgrepet "selvmedlidenhet" (tilfeldig?), som eg ikkje er i stand til å finna eit nynorsk ord for (sjølvmedkjensle finst ikkje i ordboka, og høyrest dessutan skikkeleg rart ut):
Er det eigentleg mogeleg å føla (saman) med seg sjølv? Ville ikkje dette innebera eit innslag av schizofreni?
Isofall, kan eg få godkjend utsett innlevering av masteroppgåva på bakgrunn av psykiske helseproblem?
Dersom ikkje, kva konsekvensar får det? Kva anna kan ein gjera saman med seg sjølv?
Dessutan: Kan ein bruka autosympati som eit framandordleg synonym for dette konseptet (evt. som nynorsk synonym, sidan latin og gresk og slikt er heilt uproblematisk i nynorsk, det er tysk som er Satans verk)?
Dersom det finst prokrastinatorar der ute på den Vide Vebben som er desperate nok etter å kasta vekk tid til å ha lese heilt hit, ville eg setja eg pris på om de kunne gi meg ei tilbakemelding med dykkar tankar om desse essensielle filosofiske spørsmåla.