Monday, March 29, 2010

Til ære for Våren

Men det er snø i lufta i Gaupne i dag ...

Monday, March 22, 2010

Monday, March 15, 2010

Soundtrack of my Life

Mp3-spelaren må vera ein av mine favorittoppfinningar i nyare tid. Eg veit ikkje lenger korleis eg kom meg gjennom kvardagen tilbake i gamledagar, då eg måtte vera utan musikk i timevis av gangen. Den store skrekken er sjølvsagt å gå tom for batteri ute på vegen ein stad, noko som før, for flire mp3-spelarar sidan, kunne løysast ved å gå inn i næraste butikk og kjøpa nytt, men som no inneber at eg må klara meg utan anna lyd enn bildur, fuglekvitter og skrikande småungar til eg kjem meg til næraste datamaskin. Verda kjem brått skremmande nær. Rett nok hender det eg let øyretelefonane vera på, berre sånn i tilfelle (om ein går utan kan ein jo risikera at kva som helst slags lugubre individ skulle føla for å snakka til ein), men det er ikkje heilt det same. No har eg heldigvis god tilgang på datamaskiner, og har vorte ganske god på å hugsa å lada batteriet når eg har sjansen (det har nesten vorte ein generell leveregel på linje med "gå alltid på do når du har sjansen, uansett om det kjennest naudsynt eller ikkje"), og foreløpig har spelaren rimeleg bra batteri. Sjanse for at han varer lenge nok til å få nedsett batterikapasitet er vel òg heller liten (denne spelaren har eg faktisk hatt ganske lenge no, fleire månadar...).
Men det eg eigentleg skulle skriva om var konsekvensane av å gå rundt med musikk på øyra heile tida. Utanom dei openbert positive, som mulegheita til å stenga verda ganske fullstendig ute og konstant bli utsett for gode vibbar (undersøkingar viser at folk som høyrer på musikk på mp3-spelar har betre mental helse enn andre), og nokre ikkje udelt positive, som f.eks. tiltakande øyresus og eit par nær-døden-opplevingar i trafikken, har vanen òg ført til at eg gjerne assosierer spesielle sangar eller sangarar med stadar eller situasjonar. Slik går det til at når eg høyrer All these Things that I've done står eg brått på Passeig de Gracia i Barcelona, når eg Kent spelar Berlin sit eg på ein skranglete gammal buss midt i eit nattemørkt mellomamerikansk ingenmannsland, Karl Jenkins manar fram bilde av eit snødekka Voss, medan Glasvegas tek meg med på mopedtur til Haukeland i augustsol. The Soundtrack of my Life.

Den siste veka har øyreormane mine stort sett vore henta frå eit faktisk soundtrack, nemleg dei til saman fem CDane med musikk frå Battlestar Galactica. Det meste har difor vore instrumentalmusikk (har funne to sangar med tekst, ein av dei er ein versjon av Bob Dylan-sangen All along the Watchtower - anbefalast òg), noko som frustrerer meg litt innimellom sidan eg ikkje kan synga med. Vedlagt eit lite utval ...





Monday, March 08, 2010