Wednesday, March 25, 2009

Enda ein framgangsrapport

I dag har eg (i ukronologisk rekkefølgje):
  • Lese Studvest
  • Ete eit sjokoladekakestykkje (veldig godt)
  • Lese innlegg på Bokbloggen
  • Kjøpt havremjølk
  • Snudd eit histogram
  • Planta 16 tomatplanter på Molehill Empire
  • Hausta 16 tomatplanter på Molehill Empire
  • Lasta ned ein dings som skulle fiksa eit problem på Windows Media Player slik at eg får spela av ting eg vil spela av (blir alltid like fornøgd med meg sjølv når eg får slike ting til å fungera, sjølv om eg ikkje veit kva eg har lasta ned, korleis det installerte seg, kva som var problemet i utgangspunktet eller kvifor det no er løyst)
  • Skrive ca. 5 linjer på masteroppgåva
  • Leita etter spanske ord i hjernen min og på WordReference, med lite hell begge stadar
  • Vore innom Only og slege fast, enda ein gong, at dei ikkje har nokonting eg kunne tenkja meg å kjøpa lenger
  • Kjøpt bøker på Studia (sparte jo masse på Only...)
  • Løyst eit statistisk problem som er vagt relatert til masteroppgåva, men mest eit interessant tankeeksperiment ved å gjera det om til eit geometrisk problem (sidan geometri jo er den koselege og forståelege delen av matematikken)
  • Bestemt at eg likevel ikkje skal ta med noko om det statistiske problemet i oppgåva
  • Lurt litt på om hjernen kan fordampa eller sakte forvandlast til bomull utan at ein merkar det
  • Lurt litt på om ein ville vore i stand til å lura på om hjernen hadde fordampa dersom hjernen hadde fordampa (eller vorte forvandla til bomull)
  • Lurt litt på om bruken av verbtider i den førre setninga eigentleg var heilt reglementer
  • Slege opp reglementer, sidan dette er eit slikt ekkelt ord som eg ikkje er heilt sikker på korleis ein skal skriva fordi mi dialekt berre har 8 vokalfonem og ein del skrivemåtar difor er heilt og fullstendig ulogiske for meg
  • Tenkt litt på om det å gå heim og sjå Stargate Atlantis med Haldis eller lesa ferdig Fedra, min Fedra kanskje eigentleg er meir meiningsfylt som å sitja her noko lenger
  • Slege fast at jau, det er det nok

Friday, March 20, 2009

Vårteikn ved vårjamndøgn

.
Vårjamndøgn fell i 2009, ifølgje kjelda-til-alt-som-er-sant-og-interessant, på den 20. mars, kl. 12:44, norsk tid.

Dvs. akkurat no.

Tykkjer eigentleg det er ganske trist at dette ikkje er ein høgtidsdag. Føresler at me sender eit brev til kongen (eller stasministaren eller kven de no er som bestemmer slikt) og forklarar kvifor vårjamndøgn er ein mykje betre kandidat til fri- og heilagdag, spesielt her oppe i nord, enn mange av dei dagane me no har avmerkte i kalendaren. Meinar ikkje nødvendigvis at me skal byta ut fridagar, men heller legga til nokre fleire. I dagens multikulturelle og multireligiøse (og antireligiøse) samfunn burde det jo verkeleg vera plass for meir enn dei kristne helgadagane. Og ettersom det kanskje blir litt problematisk å innføra heilagdagane til alle religionar (interessant, men komplisert, ser eg for meg...) kan me jo satsa på meir generelle, allmenne fridagar, som f.eks. vårjamndøgn (igjen, det er sjølvsagt ikkje snakk om ei redusering av talet på fridagar, berre ei evt. redefinering og omorganisering). Her kan Noreg gå føre og vera eit eksempel til etterfølgje for resten av verda, noko me jo er glade i å tenkja på oss sjølv som.
Vårjamndøgn er dessutan World Storytelling Day, noko som òg er verd å markera.

Sidan me no offisielt (i.e. ifølgje meg) har gått inn i sommarhalvåret og det går mot lysare tider (som jo er finst for dei som føler dei treng lys og litt irrelevant for oss andre, men uansett), nyttar eg høvet til å gi ei oppsummering av vårteikna eg har lagt merke til i det siste:
  • Vårlukt (no har det rett nok ikkje lukta vinter på ei god stund, kanskje fordi det eigentleg ganske sjeldan luktar vinter i ein by utan vinter, men det er uansett først no det verkeleg luktar vår).
  • Blomster i blomsterbedet utanfor stovevindauga.
  • Buekorpsøving på Sydnes.
  • Den gule jakken begynnar å bli for varm, sjølv på scooter.
  • Eksamensangsten (eller, enda skumlare, masterangsten) begynnar å melda seg (ganske personleg observasjon dette, sidan folk flest på Nygårdshøgden verkar uforskamma avslappa enda).
  • Folk utanfor vindauga mitt på lesesalen oppheld seg ute i friluft lenger enn det som er absolutt naudsynt for å røyka ein sigarett eller gå frå eitt bygg til eit anna.
  • Behovet for nye tennis-/jogge-/tøy-sko kjem snikande.
  • Særs skiglade medstudentar må stadig lengre vekk og opp for å gå på ski.
  • Påskemarsipan i butikken (som vel eigentleg berre betyr at restane av julemarsipanen no endeleg enten er selde eller kasta (evt. pakka vekk til neste år..), men det er jo eit slag vårteikn likevel).
  • Underskjørt er ikkje lenger absolutt nødvendig for ikkje å dø av kulde på lesesalen.
  • Torgallmenningen gir meg lyst på is.

Blomsterbedet i Elsters gate 8

Vår- og haustjamndøgn heiter forresten equinox på engelsk (frå latin aequinoctium). Dette er eitt av mine favorittord, litt fordi det har fin lyd og litt fordi det får meg til å tenkja på ein pegasus i måneskin, noko som ein jo blir nøydd til å tolka positivt.


Wednesday, March 18, 2009

Æsj...


Hadde planar om å begynna å gjera noko att i dag. Var flink nokre få dagar i førre veke, men det er lite hjelp i når hjernen og konsentrasjonen so tek ferie på ubestemt tid. Verkar litt som om dei må ha minst to dagar fri for kvar dag dei er aktive for tida.
Merkar at masterpanikken har slege inn att, delvis som eit resultat av at alle (kjennest det som) rundt meg har utsett innlevering til hausten. Panikken har ført til mange gode forsett om å gjera noko, fort!, men gode forsett har vel vist seg å særs sjeldan føra til noko særleg effektivitet for min del.
Merkar at konsentrasjonsnivået har sunke til eit nytt lågmål (har problem med å jobba meg gjennom meir enn eitt avsnitt tekst av gangen). Det er no so lågt at eg lurar på om det kan reknast som ei form for ADHD. (Tenkjer då helst på AD-delen, føler meg alt anna enn hyperaktiv...)
Merkar at kvar gong eg vurderar mengda av atterhald eg må nemna om datasettet mitt er eg klar for å gi opp heile masteroppgåva.
Merkar at alt lesestoff, inkl. faglitteratur, som ikkje er direkte relevant for oppgåva har vorte utruleg interessant i det siste.
Merkar at EE-nivået (Energi&Entusiasme) har falle so mykje at eg ikkje eingong gidd å legg krefter i å finna nye prokrastineringsprosjekt.
Merkar at tankar som "skulle eg ikkje kanskje heller vore møbelsnekkar/ bibliotekar/ arkeolog/ lege/ smusslitteraturforfattar/ elektrikar/ kunstnar/ action-heltinne/ instumentbyggjar/ museumskonservator/ you-name-it, og kva gjer eg eigentleg her?" melder seg stadig oftare.

I tillegg har Frieleguden forlate meg og dei siste dagane har eg vore omgidd av dårleg kaffi. Ikkje berre den eg kokar sjølv (som jo pleier vera av varierande kvalitet), men både kaffien i SiB-kantina og den i kaffiautomaten i fjerde har vorte merkbart kjipare sidan helga.

Har filosofert litt over omgrepet "selvmedlidenhet" (tilfeldig?), som eg ikkje er i stand til å finna eit nynorsk ord for (sjølvmedkjensle finst ikkje i ordboka, og høyrest dessutan skikkeleg rart ut):
Er det eigentleg mogeleg å føla (saman) med seg sjølv? Ville ikkje dette innebera eit innslag av schizofreni?
Isofall, kan eg få godkjend utsett innlevering av masteroppgåva på bakgrunn av psykiske helseproblem?
Dersom ikkje, kva konsekvensar får det? Kva anna kan ein gjera saman med seg sjølv?
Dessutan: Kan ein bruka autosympati som eit framandordleg synonym for dette konseptet (evt. som nynorsk synonym, sidan latin og gresk og slikt er heilt uproblematisk i nynorsk, det er tysk som er Satans verk)?

Dersom det finst prokrastinatorar der ute på den Vide Vebben som er desperate nok etter å kasta vekk tid til å ha lese heilt hit, ville eg setja eg pris på om de kunne gi meg ei tilbakemelding med dykkar tankar om desse essensielle filosofiske spørsmåla.

Thursday, March 12, 2009

Vestnorsk snurrepipp [snurrus pippus vestlandis]

Wednesday, March 11, 2009

Breaking News

The lost supervisor has been found!
He is sorry for not having answered my e-mails earlier, but he was temporarily occupied in the jungle.

I now need to urgently start working really hard and stop wasting time on the blog.

Tuesday, March 10, 2009

Dagsmålsliste tysdag 10.03.09:

  • Stå opp tidlegare enn på måndag (dvs. før 14:00).
  • Snakka med husverten og sjekka om scooteren verkar.
  • Levera biblioteksbøker.
  • Kjøpa liksommjølk.
  • Sjekka om Bergen Storsenter framleis har ting på sal.
  • Kontakta Solveig og høyra om ho veit om ein måte å få tak i Miguel på.
  • Finna (og sjå) nyaste House-episoden.
  • Sjekka yrkesinndeling for informantar i statistikken.
  • Skilja agricultores og obreros og sjå om det finst skilnad mellom gruppene.
  • Leita opp statitikk over kva jobbar nics. i CR generelt utfører (Otros amenazantes?) og hist. utvikling.
  • Finna statistikk over costaricansk utvandring til USA (Mito roto?)
  • Skriva ut samfunnsbakgrunnskap.; rydda og sjå om noko av det kan brukast.
  • Prøva å komma inn på http://www.migracion.go.cr/ for å finna oppdatert migrasjonsstatistikk for CR.
  • Skriva ut info. frå Statistical Yearbook for Lat.Am. and the Caribbean.
  • Finna statistikk over remisser frå nics. i CR til slektningar i Nic.
  • Samanlikna gjennomsnittar for San José og Valle Central og tolka.
  • Senda e-post m/spørsmål om kvifor cor.testen for yrkesgruppestatistikken ikkje verkar og dessutan kvifor plot-funksjonen i R gir ei heilt anna framstilling når eg brukar ho på region, kvifor rownames ikkje vil festa seg på plottet over reg.mat og kva Error in t(obj$rowcoord[, 1:nd]) : subscript out of bounds eigentleg betyr.
  • Helst skriva 10 sider på masteroppgåva (joda, innser at iallefall dette punktet er heilt urealistisk).
  • Vurdera om eg kanskje er litt i overkant tidsoptimistisk...

Monday, March 09, 2009

Flink

Har sendt e-post på italiensk til il Mulino for å spørja om kvifor eg ikkje har fått grammatikken eg har bestilt hjå dei (og betalt for) enda. Har ikkje gjort noko særleg meir i dag, men merkar at dette var nok til å få meg til å føla meg ganske flink. Muleg eg treng høgare standardar for eiga flinkheit viss eg skal komma i mål med noko denne våren...

Monday, March 02, 2009

Oppdateringspress

Har, som de sikkert ser, lagt ut nye fjonge sideelement (trur ikkje me skal gå inn på kor lang tid det faktisk tok meg å få bloggen til å gå med på at eg ville ha sideelement på begge sider av innlegga...), som, etter overskriftene å dømma oppdaterast med jamne mellomrom. Veldig skeptisk til kor lurt dette eigentleg er, men det vil jo visa seg. Kan henda dei forsvinn att om ikkje so altfor lenge.
Uansett, sidan eg av og til, innimellom bloggoppdatering og andre andre viktige prokrastineringssysler, sit og jobbar litt med språk og sånt, dumpar eg stadig borti fine sitat som eg kjenner trong til å dela med verda, men som ikkje alltid passar inn i masteroppgåva (har innsett at det kan bli for mykje sitat og at eg kanskje treng litt meir tekst som eg har dikta sjølv innimellom). No kan ein jo òg spørja seg om det å putta dei i masteroppgåva eigentleg er å dela dei med verda, sidan eg ser for meg at ein særs liten del av verda nokon gong kjem til å ha noko med masteroppgåva mi å gjera. Om verda kjenner trong til å bli gjort merksam på desse sitata føler eg er heilt irrelevant.
Elles er det jo alltid like kjekt med fjonge ord, og medan Suzanne har sett i gong eit svært aktverdig prosjekt med å skaffa ord til ordlause omgrep, tenkte eg eg skulle slå eit slag for ord som allereie eksisterar, men som kanskje blir brukt for lite eller som berre rett og slett fortener meir merksemd. Forslag blir mottekne med takk, men avgjerda om kva som skal reknast som gjævt nok til å leggast ut reserverar eg hermed for meg sjølv.
Månadens språksitat er på jiddisch, i tilfelle nokon lurte. Vekas ord er eit av mine favorittord i heile verda. Etymologien er verd å lesa om.