Friday, March 20, 2009

Vårteikn ved vårjamndøgn

.
Vårjamndøgn fell i 2009, ifølgje kjelda-til-alt-som-er-sant-og-interessant, på den 20. mars, kl. 12:44, norsk tid.

Dvs. akkurat no.

Tykkjer eigentleg det er ganske trist at dette ikkje er ein høgtidsdag. Føresler at me sender eit brev til kongen (eller stasministaren eller kven de no er som bestemmer slikt) og forklarar kvifor vårjamndøgn er ein mykje betre kandidat til fri- og heilagdag, spesielt her oppe i nord, enn mange av dei dagane me no har avmerkte i kalendaren. Meinar ikkje nødvendigvis at me skal byta ut fridagar, men heller legga til nokre fleire. I dagens multikulturelle og multireligiøse (og antireligiøse) samfunn burde det jo verkeleg vera plass for meir enn dei kristne helgadagane. Og ettersom det kanskje blir litt problematisk å innføra heilagdagane til alle religionar (interessant, men komplisert, ser eg for meg...) kan me jo satsa på meir generelle, allmenne fridagar, som f.eks. vårjamndøgn (igjen, det er sjølvsagt ikkje snakk om ei redusering av talet på fridagar, berre ei evt. redefinering og omorganisering). Her kan Noreg gå føre og vera eit eksempel til etterfølgje for resten av verda, noko me jo er glade i å tenkja på oss sjølv som.
Vårjamndøgn er dessutan World Storytelling Day, noko som òg er verd å markera.

Sidan me no offisielt (i.e. ifølgje meg) har gått inn i sommarhalvåret og det går mot lysare tider (som jo er finst for dei som føler dei treng lys og litt irrelevant for oss andre, men uansett), nyttar eg høvet til å gi ei oppsummering av vårteikna eg har lagt merke til i det siste:
  • Vårlukt (no har det rett nok ikkje lukta vinter på ei god stund, kanskje fordi det eigentleg ganske sjeldan luktar vinter i ein by utan vinter, men det er uansett først no det verkeleg luktar vår).
  • Blomster i blomsterbedet utanfor stovevindauga.
  • Buekorpsøving på Sydnes.
  • Den gule jakken begynnar å bli for varm, sjølv på scooter.
  • Eksamensangsten (eller, enda skumlare, masterangsten) begynnar å melda seg (ganske personleg observasjon dette, sidan folk flest på Nygårdshøgden verkar uforskamma avslappa enda).
  • Folk utanfor vindauga mitt på lesesalen oppheld seg ute i friluft lenger enn det som er absolutt naudsynt for å røyka ein sigarett eller gå frå eitt bygg til eit anna.
  • Behovet for nye tennis-/jogge-/tøy-sko kjem snikande.
  • Særs skiglade medstudentar må stadig lengre vekk og opp for å gå på ski.
  • Påskemarsipan i butikken (som vel eigentleg berre betyr at restane av julemarsipanen no endeleg enten er selde eller kasta (evt. pakka vekk til neste år..), men det er jo eit slag vårteikn likevel).
  • Underskjørt er ikkje lenger absolutt nødvendig for ikkje å dø av kulde på lesesalen.
  • Torgallmenningen gir meg lyst på is.

Blomsterbedet i Elsters gate 8

Vår- og haustjamndøgn heiter forresten equinox på engelsk (frå latin aequinoctium). Dette er eitt av mine favorittord, litt fordi det har fin lyd og litt fordi det får meg til å tenkja på ein pegasus i måneskin, noko som ein jo blir nøydd til å tolka positivt.


4 comments:

H said...

Jeg har hatt vårfølelse siden slutten av februar/begynnelsen av mars...

-S- said...

Ja, ha eigentle hatt han ei stund eg og, men tykte da passa bra å blogga om da no i samband me vårjamndøgn, siao eg hadde andre ting å blogga om tidlegare. Ikkje vert å legga ut blogga før tett me dan fryktele labre kommenteringsfrekvensen i da sista...

H said...

Ja, må ha minst en kommentar før det er verdt det å legge ut noe nytt. Jeg har noen semi-planlagte blogginlegg som stadig utsettes fordi de krever at jeg anstrenger meg mer enn å skrive noen linjer vas/slenge på et bilde... Skal likevel se om det ikke blir 1 post denne uken også.

-S- said...

Ha ein haug me utkast liggande av same typen. Ha òg ein del so sannsynlevis ikkje kjemme te å bli lagde ut, førdi da dei handla om no e litt gammalt nytt...