Wednesday, March 25, 2009

Enda ein framgangsrapport

I dag har eg (i ukronologisk rekkefølgje):
  • Lese Studvest
  • Ete eit sjokoladekakestykkje (veldig godt)
  • Lese innlegg på Bokbloggen
  • Kjøpt havremjølk
  • Snudd eit histogram
  • Planta 16 tomatplanter på Molehill Empire
  • Hausta 16 tomatplanter på Molehill Empire
  • Lasta ned ein dings som skulle fiksa eit problem på Windows Media Player slik at eg får spela av ting eg vil spela av (blir alltid like fornøgd med meg sjølv når eg får slike ting til å fungera, sjølv om eg ikkje veit kva eg har lasta ned, korleis det installerte seg, kva som var problemet i utgangspunktet eller kvifor det no er løyst)
  • Skrive ca. 5 linjer på masteroppgåva
  • Leita etter spanske ord i hjernen min og på WordReference, med lite hell begge stadar
  • Vore innom Only og slege fast, enda ein gong, at dei ikkje har nokonting eg kunne tenkja meg å kjøpa lenger
  • Kjøpt bøker på Studia (sparte jo masse på Only...)
  • Løyst eit statistisk problem som er vagt relatert til masteroppgåva, men mest eit interessant tankeeksperiment ved å gjera det om til eit geometrisk problem (sidan geometri jo er den koselege og forståelege delen av matematikken)
  • Bestemt at eg likevel ikkje skal ta med noko om det statistiske problemet i oppgåva
  • Lurt litt på om hjernen kan fordampa eller sakte forvandlast til bomull utan at ein merkar det
  • Lurt litt på om ein ville vore i stand til å lura på om hjernen hadde fordampa dersom hjernen hadde fordampa (eller vorte forvandla til bomull)
  • Lurt litt på om bruken av verbtider i den førre setninga eigentleg var heilt reglementer
  • Slege opp reglementer, sidan dette er eit slikt ekkelt ord som eg ikkje er heilt sikker på korleis ein skal skriva fordi mi dialekt berre har 8 vokalfonem og ein del skrivemåtar difor er heilt og fullstendig ulogiske for meg
  • Tenkt litt på om det å gå heim og sjå Stargate Atlantis med Haldis eller lesa ferdig Fedra, min Fedra kanskje eigentleg er meir meiningsfylt som å sitja her noko lenger
  • Slege fast at jau, det er det nok

11 comments:

Z said...

Jeg syns du er flink! Spesielt er du en god loggfører, og det er veldig viktig i samfunnet. Fin trening til arbeidslivet!

e said...

Jeg og Åsne og Pappa satt opp en kveld og så lugubert realityprogram, og jeg formelig kjente hjernen min krympe. Tilslutt var jeg nødt til å gå opp og skrive et avsnitt på oppgaven min i stedet. Hvis jeg hadde blitt sittende lenger hadde jeg ikke hatt mer hjerne igjen.

H said...

Problemstillingen "vil man være klar over at hjernen har forsvunnet dersom hjernen har forsvunnet" er en klassiker. Jeg tror at svaret er nei, men at dersom det skjer i flere trinn så vil man nok får det med seg. Ellers så er Stargate Atlantis alltid det riktige valget.

-S- said...

Ein kan vera klar øve at hjernen e i ferd me å førsvinna, men ikkje at han e førsvunnen. OK, høyrest rimele logisk ut.
Ja, bjøna å sjå at Stargate Atlantis e eit bra val, men litt usikker på k lenge da kan vara.

John said...

For å forlenge tiden, samt å holde hjernen på plass med uanstrengende aktiviteter, vil jeg på det sterkeste anbefale Firefly...

-S- said...

OK, jobba me saken. Håpa berre da forsatt e plass på dan eksterne hardisken min, før no bjøna da å bli nåke fullt... Finst da meir enn èin sesong?

John said...

Er desverre bare en sesong, men det er også en film. Kan lage en dvd til deg.

-S- said...

Da ville jo løysa plassprobleme :)

John said...

Og alle kan gå hjem glade og fornøyde med fine tv-serier :-D

-S- said...

Og leva lykkele alle sine dagar.
(Elle iallefall te piratkopipolitie kjemme å teke dei...)

H said...

Ja, de er skikkelig skumle - i hvertfall hvis man skal tro IT-crowd:P