Wednesday, June 02, 2010

Sommarnatt i Sogn

Klokka er midt i natta og eigentleg burde eg sova no, for om nokre få, korte timar må eg stå opp att for å ta båten til byn igjen for å gå på vakt på turistinformasjonen kl.15. Vart berre heilt nøydd til å lasta ned litt lydbok til å ha klar på mp3-spelaren. Fem timar på båt er betre enn fem timar på buss, men det er likevel best å vera førebudd.
Berre litt over to dagar heime denne gongen, men det er jo meir enn ingenting,og slik stoda er no blir det nok ikkje nokon tur heimatt på ei stund, sjølv om eg må innrømma at det fristar når veret er så fint som det er no, det er akkurat passeleg sommarskymt i natta og det einaste ein kan høyra er ei og anna sauebjølle og suset frå Engjadalselva. Om dagen hoppar lamma våryre rundt husnovene, spredarane lagar tsjukk-tsjukk-lydar på markene og epletrea i hagen har pynta seg til eg skulle komma. No er det muligens blomsterpynten som er skuld i at eg, ganske umiddelbart etter at eg kom heim, fekk eit allergianfall av ein styrke det er lenge sidan eg har opplevd, og difor har gått og snufsa og nose og vore heller slapp og trøytt. Håpar at det kjem seg i Bergen, sjølv om det jo er blomster og tre nok der òg for tida. Håpar uansett det er floraen som er problemet og ikkje den lokale faunaen som heiter Tessa, er sju år, brunstripete og verdas mest perfekte skapning (i følgje ho sjølv), og som Mamma truar med å bli kvitt viss ikkje eg går til legen og får det svart på kvitt at eg ikkje har utvikla pelsdyrallergi ... Allergien har i det minste ikkje øydelagt for planane eg hadde for desse dagane: har vore på hyttemøbelshentingstur til Lom med Mamma og elles stort sett sove - utan vekkarklokke, utan bilstøy, utan fotgjengarovergangsulyd utanfor vindauga og utan dårleg samvit.