Sunday, May 20, 2012

Storebror ser deg

Vurderer å stenga bloggen.

Grunnen er rett og slett at eg er drittlei av at Google insisterer på å lagra absolutt alt eg gjer, og sidan bloggen min er knytt til Google-kontoen, er eg usikker på om eg kan stenga denne utan å stenga bloggen òg. Har i dag stengd YouTube-kontoen, fordi det provoserte meg at alt eg gjorde på YouTube vart lagra, og vist fram til meg kvar gong eg gjekk inn, men det hadde ingen effekt i det heile teke. Så lenge eg har ein Google-konto, lagrar den alt eg gjer på YouTube uansett, så utfallet blir akkurat det same. No driv eg ikkje eigentleg med så lugubre ting på internetten (YouTube eller andre stadar) at det er noko problem at det blir lagra, men merkar meir og meir at det gjer meg skikkeleg stressa og sint å kjenna meg så fullstendig og konstant overvaka.

Vurderer å stenga Facebook-kontoen av same grunn.

Om det skulle gå så langt at eg legg ned det heile, er det mogleg eg prøver å skaffa meg ein ny blogg som ikkje er knytt til noko som helst. Dersom det viser seg å vera mogleg.

Meir info seinare, når eg ha bestemt meg for kva eg skal gjera. Eventuelt ei feilmelding neste gong de trykker på lenkja hit ...