Sunday, February 28, 2010

Tuesday, February 23, 2010

Møbelsnikring light

Eigentleg skulle eg jo vore møbelsnikkar, ikkje lingvist, men det er kanskje litt seint å gjera noko med no. Har likevel ambisjonar om store møbelsnikringsprosjekt ein gong i framtida, når eg får tid, ork og, ikkje minst, plass.
Veit ikkje heilt om dette eigentleg kan reknast som eit møbel, men monteringa innebar saging av trematerialar (rett nok med brødkniv, sidan eg berre eig grovsag og ikkje t.d. baufil), liming og litt hamring (oppheng...), så det er ikkje så langt unna. "Kunst&handverk" kanskje?
Har lenge tenkt at eg burde oppbevara øyrepynten min litt meir skånsamt, og samtidig gjera han litt meir tilgjengeleg (så langt har han budd i ein boks, noko som gjer at alt festar seg saman i store flokar og fell i fillebitar når eg desperat prøver å slita det frå kvarandre om morgonen).
Ganske fornøgd med resultatet, eigentleg. Fekk berre plass til ein brøkdel av øyrepynten min, men det vart meir dekorativt enn eg hadde tenkt. Har allereie litt lyst på ei ramme til, men det blir nok ikkje med det fyrste. Sjølve jobben var ikkje så vanskeleg eller tidkrevjande, men materialinnkjøp inneber ein tur på IKEA, og det er jo litt arbeidsamt...


Bildet vart ikkje så fantastisk, for fotoapparatet mitt nekta å virka i dag (litt bekymra for at det har teke skade av å bli oppbevart i minusgrader...) og snapshot-funksjonen til webkameraet mitt gir ikkje bilder av spesielt imponerande kvalitet, men eg håpar det i alle fall formidlar eit inntrykk av ideen.

Monday, February 22, 2010

In da muud

Litt hekta på 40-talsmusikk for tida. Trur det kanskje det begynte som
ein Dr.Who/Torchwood-konsekvens...


Wednesday, February 17, 2010

Musikk-måndag

Hadde på eit tidspunkt ein plan om ein slags fast tema-post i veka for å tvinga meg sjølv til å oppdatera og kanskje gjera det lettare å finna noko å blogga om. Den originale tema-vekespost-ideen ligg foreløpig og kosar seg på is medan han ventar på at eg skal få Fri og God Tid til å setja i gang med alle dei viderløftige fritidsplanane eg måtte ha kokt saman, (og det er ikkje så reint få) - eit tidspunkt som magisk bevegar seg framover i tid like kjapt som meg og slik held seg frekt-og-friedig like utanfor rekkevidde.
Anyways, poenget, for å komma tilbake til dét etter den førre fantastiske det-er-midt-på-natta-og-eg-har-jobba-heile-dagen-og-dessutan-drukke-rom-og-då-har-eg-det-med-å-uttrykka-meg-i-5-linjers-setningar-setningen, er (poenget altså): eg har tenkt å begynna med ein temavekespost som kanskje, muligens, kan henda, ber bittelitt preg av latskap og kreativitetstørke, men dog ... Musikk-måndag startar denne veka, med tilbakeverkande kraft, og skal etter planen følgjast opp kvar måndag framover på ubestemt tid. Har eg hatt denne typen føresett før? Jepp. Har det vore spesielt vellukka? Nope. Evig pessimist.

Okidok, på høg tid å gi seg. Dagens øyreorm: