Tuesday, February 23, 2010

Møbelsnikring light

Eigentleg skulle eg jo vore møbelsnikkar, ikkje lingvist, men det er kanskje litt seint å gjera noko med no. Har likevel ambisjonar om store møbelsnikringsprosjekt ein gong i framtida, når eg får tid, ork og, ikkje minst, plass.
Veit ikkje heilt om dette eigentleg kan reknast som eit møbel, men monteringa innebar saging av trematerialar (rett nok med brødkniv, sidan eg berre eig grovsag og ikkje t.d. baufil), liming og litt hamring (oppheng...), så det er ikkje så langt unna. "Kunst&handverk" kanskje?
Har lenge tenkt at eg burde oppbevara øyrepynten min litt meir skånsamt, og samtidig gjera han litt meir tilgjengeleg (så langt har han budd i ein boks, noko som gjer at alt festar seg saman i store flokar og fell i fillebitar når eg desperat prøver å slita det frå kvarandre om morgonen).
Ganske fornøgd med resultatet, eigentleg. Fekk berre plass til ein brøkdel av øyrepynten min, men det vart meir dekorativt enn eg hadde tenkt. Har allereie litt lyst på ei ramme til, men det blir nok ikkje med det fyrste. Sjølve jobben var ikkje så vanskeleg eller tidkrevjande, men materialinnkjøp inneber ein tur på IKEA, og det er jo litt arbeidsamt...


Bildet vart ikkje så fantastisk, for fotoapparatet mitt nekta å virka i dag (litt bekymra for at det har teke skade av å bli oppbevart i minusgrader...) og snapshot-funksjonen til webkameraet mitt gir ikkje bilder av spesielt imponerande kvalitet, men eg håpar det i alle fall formidlar eit inntrykk av ideen.

2 comments:

e said...

Særs dekorativt!

Z said...

Stilig! Og så med brødkniv. Imponerende!