Monday, November 16, 2009

Reading up...

I've never understood how people can read one book at a time. I think having anywhere between 5 and 10 (ususally closer to 10) to choose from at any time is much more comfortable. However, now and then I find that the pile on my night stand (and on the dining room table and in the study hall and on the window sill and in my bag and on the floor and, well, elsewhere...) just keeps growing and that I have become incapable of finishing anything. Most of this autumn has been such a period. But today, finally, the list of "stuff I'm reading at the moment" again contains less than 20 books - for the first time in months...

Sunday, November 01, 2009

Photos

Photos (ok, so they're a year old, but still...) have been posted here.

Wednesday, October 28, 2009

...men undrenes tid var ikke forbi

Statistikkeksamenen min har komme opp på StudentWeb med ein B som resultat. Har skunda meg på Glashuset for å få karakterutskrift før nokon oppdagar at dei har gjort ein feil.

Sunday, October 25, 2009

Silje mot verda (her representert ved UiB), del II

Eigentleg kan eg ikkje fordra folk so skuldar på andre og fråskriv seg ansvar.
Eigentleg burde det finnast ei aldersgrense for uttrykket "det var ikkje min feil".
Eigentleg er det likevel (sjølv om eg no, gammal og driven student som eg er, burde ha lært meg korleis ting fungerar) litt kjekt å kunna skyva alt over på nokon annan, uiversitetsadministrasjonen til dømes, når ting ikkje går som planlagd:

Sidan eksamenen har forsvunne fullstendig frå Studentweb etter at eg tok han, veit eg enda ikkje noko om resultatet mitt i statistikk, men det anar meg at eg har stroke. Og sjølv om min HF-hjerne sin svært begrensa toleranse for tal og formlar nok hadde mykje med den saki å gjera, tenkjer eg at det kanskje hadde gått litt betre om eg hadde visst at det var ein eksamen med "alle hjelpemiddel tillatne"... Dette var dessverre ikkje noko instituttet følte behov for å opplysa om. Informasjonen ligg dessutan på Internetten. Der kan ein enkelt finna han sjølv, ein må berre innsjå at når faget ikkje kjem opp automatisk på Mi Side etter oppmelding, må ein søka seg fram til det på eiga hand, forstå at det går fint å be om medlemskap i ei gruppe som eksisterte førre semester, og so finna fram til eit hypotetisk dokument i fillageret der det står: "alle hjelpemiddel tillatne". Pis åv keik, m.a.o. Og difor sjølvsagt ufatteleg naivt av oss som tok eksamenen å tru at sidan ingen av oss hadde grave fram denne fila og me difor stilte utan hjelpemiddel, kunne ein kanskje gi sensor beskjed om at eksamen var løyst utan... Tenk å finna på å føreslå slikt.
No hadde eg aldri forventa nokon fantastisk karakter i statistikk uansett, so eg tok ikkje den katastrofale eksamenen so tungt - var stort sett glad og fornøgd med at det heile var over og eg kunne finna på noko anna. Med statistikken ute av verda klarte eg omsider å bestemma meg for kva to nordiskfag eg ville ta eksamen i dette semesteret, og enda sjølvsagt på dei to som har eksamen same dag. Konteeksamen er jo ei fantastisk oppfinning, so eg tenkte det uansett skulle gå greit, men gjekk til administrasjonen for å spørja om obligatoriske aktivitetar i NOSP102. Fekk beskjed om at NOSP102 har undervisning kvart semester, og difor kan det ikkje kontast. Prøvde meg med NOSP208 i staden, sidan det er eit spesialiseringsfag og ein byter på tema. Fekk beskjed om at NOSP208 òg har undervisning kvart semester, dvs. emnekoden NOSP208, so det kan eg ta til våren, men då er det ikkje same tema som no. Rykk tilbake til start.
Klok av skade (litt erfaring har ein jo) gjekk eg til førelesar i NOSP208, sidan han er den typen som nærmar seg pensjonsalder, hugsar korleis ting var i gode gamle dagar og ikkje forstår kvifor alt må vera so vanskeleg, spesielt administrativt sett, no etter Den Store Reforma. Min type førelesar, m.a.o. Han foreslo eit eksmensformsbyte, frå skuleeksamen til bacheloroppgåve, og tok seg stort sett av å ordna det administrativt (ser for meg at han gikk til administrasjonen og sa "slik blir det" og so viste det seg at nett slik vart det og det var ikkje eingong særleg vanskeleg å få det til...).
I god Reformånd har dei fleste faga mine dette semesteret oppgåveinnlevering, med obligatorisk førsteutkast. Etter å ha brukt store delar av helga og natta på NOSP102-utkastet (dvs. på å stressa fordi eg ikkje hadde skrive det. Sjølve utkastet skreiv eg på ein times tid morgonen for innleveringa), kjende eg meg ganske fornøgd, logga inn på Mi Side kl.12:30, ein halvtime før fristen, og vart møtt med meldinga: "denne mappa er no stengd".
Dobbelsjekka fagkoden.
Gjekk inn på nytt.
Prøvde ei anna innleveringsmappa.
Ringde Ida på administrasjonen (jepp, har lært meg namnet på administrasjonsfolka på LLE. Klårt teikn på at eg har hatt altfor mykje med dei å gjera.) Sjølvsagt (det måtte jo vera slik, korleis kunne eg tru noko anna) hadde NOSP102, i motsetnad til alle andre fag på nordisk ikkje innleveringsfrist 20.10, men derimot 12.10. Dette burde eg vel ærleg talt ha fått med meg, men sidan dette nye instituttet mitt insisterar på å senda meg epost om kvar vesle filleting, og ikkje berre èin epost, men ein kopi av eposten for kvart fag eg er oppmeld i på nemnde institutt (og det er jo ca.1000) har eg for lengst slutta å finlesa dei. Eg les den fyrste, og så slettar eg resten, for at ikkje epostkontoen min skal fullstendig drukna i LLE-spam. Og dermed har eg tydelegvis gått glipp av denne fikse vesle vrien på innleveringa i det faget eg har krangla med administrasjonen og bytta eksamensform (sjølv om det "eigentleg er to veker sidan fristen for å byta!") for å få ta. Og sidan det heile vart oppklart for meg 10 min. før innleveringsfristen til dei andre faga rakk eg heller ikkje å kladda noko utkast til nokon av dei.
Resultatet er at dei 1000 faga mine no er reduserte til 3. To bittesmå, men ganske fantastiske lingvistikkfag og NOSP208 med bacheloroppgåve. Timeplanen vart plutseleg noko meir medgjerleg, og eg merkar at eigentleg kjenner eg meg ganske fornøgd med det heile. Kanskje eg no faktisk vil få litt fritid.

Tuesday, October 20, 2009

Silje mot verda (her representert ved "Betre Vitande"), del I.

"Når eg blir ferdig med masteroppgåva, då skal eg ta meg fri, slappa av eit semester eller to, berre ta kosefag, slike eg har hatt lyst til å ta lenge, og ikkje stressa med noko som helst, skriva på norsk om skriving skulle vera naudsynt og elles berre ha det moro. Dessutan skal eg gjera andre ting enn å studera, eg skal lesa skjønnlitteratur og bli sunn og ha ein kvardag og fritid."
Tenkte eg. I uendeleg naivitet.
So kom sommaren og sidan eg berre skulle ta kosefag likevel gjekk det vel greit at eg jobba ut september, tente meg litt ekstra pengar (kjem jo godt med på vegen mot arbeidsløysa) og gjekk glipp av nokre førelesningar i starten av semesteret.
Tenkte eg.
Det er jo heilt klart min eigen feil at eg har ein tendens til å gapa over litt for mykje. Men so finst det so altfor mange fag eg kunne tenkja meg å ta på universitetet (og enda fleire om ein reknar med dei eg kunne tenkja meg å ha teke...). Løysinga vart som vanleg å melda seg opp i ca. 1000 studiepoeng, og so vurdera utover semester kva eg skulle melda seg av att. Då kunne eg dessutan avgjera kor mange fag eg ville ta utifrå kor mykje tid eg hadde når konteeksamenen i oktober var unnagjort og det var klart om eg fekk meg ein jobb. Måtte jo vera ein strålande plan.
Tenkte eg.
Fyrst gjekk det opp for meg at jobbing og studering på same tid slett ikkje er så greit som eg hadde tenkt. Når dagane skal delast mellom to ulike stadar, to ulike typar aktivitet, to ulike (men like lite ryddige) timeplanar, må ein bruka mykje krefter på rein omstilling.
Deretter oppdaga eg at sjølv om det hender eg vrir meg i smerte over førelesarar som oppfører seg som om me framleis var på barneskulen, uendeleg repetisjon av ting ein burde kunna før ein begynte på universitetet og medstudentar som umuleg kan ha fylt 14 dersom ein skal dømma etter kor modne, informerte og sjølvstendige dei er, trass alt dette, er førelesningar ein god ide og dersom ein går glipp av mange må ein jobba desto hardare med å få inn pensum.
"Når eg blir ferdig med jobbinga, då skal eg gå på alle førelesningane og begynna å lesa, både pensum og ikkje-pensum, og livet mitt skal bli ryddig og organisert, og eg skal ha fritid."
Tenkte eg.
So fann eg ut at statistikk verkeleg ikkje er noko som ligg naturleg for den stakkars HF-hjernen min, og at eg eigentleg skulle hatt mykje meir tid til å setja meg inn i ikkje-parametriske testar og regresjonsanalyse enn det eg hadde sett for meg og dessutan sikkert hadde nytt godt av å faktisk ha førelesningar å støtta meg til. Og samtidig var eg over ein månad inn i semesteret utan å ha opna ei bok i dei andre faga eg var oppmeld i.
"Når eg blir ferdig med statistikkeksamen, då skal eg lesa heile lingvistikkpensum på ei helg, og kosa meg med alle dei fine bøkene som ikkje har tal i seg og lesa skjønnlitteraturen på nordisk litteraturpensum (sjølv om det begynnar å gå opp for meg at dette faget får eg nok ikkje tid til å ta) og dessutan skal eg setja av nokre ettermiddagar og kveldar i veka til å gjera andre ting og lesa andre ting og ha fritid."
Tenkte eg.
Og langt bak i hjernen ein stad kviskra ei lita stemme: "Ser me ikkje kanskje eit mønster her?"
"Kjeften," tenkte eg.

Monday, September 28, 2009

Internett og slikt

Fyrst vart Eldreven min, som eg vanlegvis er svært så god venn med og som uttrykker seg på (stort sett) fjong nynorsk (diktar til og med nye ord heilt sjølv), flau...:


...og i dag fekk eg denne feilmeldinga:

Det kan verka som internetten og vennene hans har gått litt inn for å uttrykka seg på eit språk eg forstår i det siste. Følte eg måtte uttrykka at det blir sett pris på.

Tuesday, September 22, 2009

Bedre seint enn aldri

Etter 6 år på universitetet har eg i dag, omsider, gått til innkjøp av eit SIB-krus, etter å ha oppdaga at ein då får dobbelt so mykje kaffi for same pris. Kvifor har ingen informert meg om dette før?

Monday, September 21, 2009

Dikt

...medan ein ventar på oppdatering...

Hadde
planar om oppdatering. Dvs. (liten verbtidskorreksjon):
Har planar om oppdatering. Men på magisk vis, som så mange gonger før, skjer ting ikkje av seg sjølv uansett kor lenge og hardt ein tenkjer på dei. Og sidan det no har gått opp for meg at det er ca. 10 dagar att til konteeksamen, at eg berre såvidt har begynt på pensum og at hjernen min har litt vanskelegare på å halda på tal og greske bokstavar når dei inngår i ein statistikksamanheng heller enn ein lingvistikksamanheng, kan det henda det blir ei stund enda før det kjem ei ordentleg oppdatering.
I mellomtida, i staden for pausemusikk, eit lite dikt eg oppdaga for ei stund sidan, medan eg framleis følte eg hadde tid til å lesa på eit koseleg nordiskpensum som eg no (foreløpig) bokstaveleg tala har lagt på hylla:


BRIGDE

Hugbód som fyrr leika hauk over hauk
i storstilla blå
og solblanke ned over tankane strauk,
er ingen stad høyre hell sjå.

Stride som strålande kvæde dei kvad
og lyste seg leid.

No er det att berre burtblåsne blad
ein haustdag pa villande heid.

Mjukar enn myrull som voggar i vind
langt inn i fjell,
er minni som sviv gjenom mannasinn
ein skybleik og blåsande kveld.


Olav Aukrust

Thursday, September 03, 2009

Endeleg semesterregistrert

Etter mykje Om-og-men.
Litt rart å vera tilbake på 100-nivå. Stadige teikn på at eg begynnar å bli gammal...

Thursday, June 11, 2009

Bildeutfording

OK, I rise to the challenge...

Det 6. bildet i den 6. bildemappa mi er datert 05.05.06, 21:36.
Voilà:

Eg kallar det Ung kvinne i blått, eller bursdagsfeiring på Møhlenpris.

Elles var det jo fint, spesielt for Elin, at personen som starta utfordringa valde talet 6. Dette er nemleg eit av dei meir flatterande bilda eg har av Elin, i motsetning til t.d. bilde nr. 5 og 7.

Hmm... No er det vel ikkje så mange eg kjenner som har blogg, så om eg skal komma opp i 3, må nesten utfordringa gå vidare til Z, H & John W.

Tuesday, June 09, 2009

Heim til ho mor

Har vore dårleg med oppdatering ei stund. noko som er masteren, (både innleveringa og rehabiliteringa i etterkant) sin feil. Hadde sett for meg på førehand at eg skulle finna både tid og inspirasjon til mengder av blogginnlegg etter innlevering, men det har vist seg at det var naudsynt å gå inn for å ha fullstendig fri ei stund. Trudde eg skulle ha masse ferie før eg begynte å jobba i år, men det er skremmande kor fort tida spring av garde når ein ligg på sofaen og gjer ingenting. Og no er det snart slutt på latinga.
I morgon ber det heim ein tur. Har fått billett på ein visningstur med Nutshell & Walk, som del av Turistinformasjonsoppleringa mi - med guiding og gratis og greier, og får lov å hoppa av i Flåm. Blir difor tog denne gongen, for ein gongs skuld, og so må eg berre hugsa å ringa mormor og gi beskjed om at eg kjem. Distansen Flåm-Sogndal finst det foreløpig ikkje ein plan for, men tenkjer det må ordna seg på eit vis. I verste fall får me ringa ein bror. Håpar elles det ikkje er så heftig med walking på denne turen, for foten er ikkje heilt god att enda (har faktisk, omsider, etter månadar med klaging, skaffa meg ein legetime), og veret er jo no tilbake til det normale (no er ikkje eg akkurat nokon stor tilhengjar av høge temperaturar, men må innrømma eg tykkjer det kan vera bittelitt varmare i midten av juni).
Einaste bakdelen med den fantastiske liksomturist-gratisturen er at toget mitt forlet jernbanestasjonen kl. 06:57, noko som betyr at eg ikkje kjem til å sova spesielt mykje i natt (heller), men det går sikkert greit, sidan intensiv og langvarande soving utgjer brorparten av planen min for den kommande veka. Kan henda må eg ein tur til fjells - det finst hyttebyggingsplanar eg moglegvis må bidra til på eit eller anna vis - men på ein vekes tid skal eg nok rekka begge deler, før eg reiser tilbake til Bergen for å reisa til København. Kort ferie i år, både tids- og distansemessig, men trur det blir bra. Etter Danmark har eg so cirkus 3 dagar på å læra meg alt som er å vita om turisme, hotell og atraksjonar i Bergen/Hordaland/Vestlandet, før eg begynnar på jobb.
Men kor vart det eigentleg av all fritida, daudtida, feriedaffingstida? Har ikkje rukke å bli lei av å gjera ingenting enda, og har ikkje gjort noko av det eg såg for meg at eg skulle nå i løpet av juni. Rett nok har eg begynt på nokre av dei cirkatusen bøkene eg skal lesa i sommar, men har ikkje lese ut nokon av dei. Har tenkt på å gå på museum, men så rauk scooteren. Hadde planlagt å reisa på Damsgård, men så regna det. Har vurdert å vaska huset, men Elin har jo eigentleg nett gjort det. Er altfor giddalaus til å gjera noko som helst, spesielt viss det føregår utanfor huset, og har valt å ta dette som eit teikn på at eg treng meir avslapping. Begynnar å innsjå at eg må revurdera planane mine. Og skaffa meg litt energi. Nokon som har litt til overs?

Sunday, May 24, 2009

Holidays over. For now. Perhaps...

I'm back. Not that I've really been gone, I've just been AFK for a while, sleeping and reading and generally trying very hard not to think about my thesis while I do as little as possible. It's been a week, and even though I still don't know when my oral exam will be, I think it's about time I started preparing a little (actually I've been thinking that for days, but magically, no preparing happened). So obviously, the blogging is a result of me having a reason to procrastinate again. After spending all day yesterday adding books to my Shelfari page, today I have forbidden myself entry, tinking that would get me started with something useful early on. It's now 16:30 and I'm still getting ready to start. Not that I've been up that long, but if I'm to get anything done before I have to start cooking dinner... Perhaps I should cook now, and then start? No use in studying on a (relatively) empty stomach. Oh, and then there's the laundry! I need to deal with the laundry - very urgetn! And perhaps I should consider getting dressed today as well. Hmm... All of a sudden, so many things to do... Looks like the studying may have to wait.

Tuesday, May 05, 2009

Hmm...

OK, sånn bortsett frå at eg ikkje ha et eit einaste utkast me veiledar-kommentarar og at ein evt. Quarantine Section er litt mindre tilgjengeleg: denne var bittelitt freaky...

Thursday, April 23, 2009

Verdas Bokdag 2009

Feirar med bilde frå Bokdagen i 2007 då eg var i Barcelona der feiringa oppsto og framleis er ein kjempefest med bøker og roser overalt i gatene og eit yrande folkeliv (ikkje at det er så stille slik til kvardags på la Rambla, men 23. april er det ekstra vanskeleg å ta seg fram både der, på Passeig de Gracia og elles på alle opne plassar og torg i byen). Bergen har nok ikkje akkurat same nivå på feiringa, men har høyrt rykter om at det føregår saker og ting på Torgallmenningen. Det pleier jo vera utandørs bruktboksal så eg har tenkt meg ein tur inn litt seinare for å sjekka forholda. Må berre drikka opp kaffien og jobba litt meir med oppgåva (dvs. sørfa litt meir på interntt) fyrst. Strålande fint ver vart det jo og alt i dag; mystisk eigentleg at det aldri pleier regna 23. april... (kan jo henda det er eg som innbillar meg ting, men likar å tru det har med datoen å gjera).

God St.Jordi alle saman!



Gatelangs i Barcelona...




Alma & Erica




Wednesday, April 22, 2009

Kvardagsgleder

Har kjøpt skriveblokk med ein rosa elg på og lommelykt med dynamo.
Det gjeld å gleda seg over små ting her i livet :)

Tuesday, April 21, 2009

Friday, April 17, 2009

Tilfeldig internetting

Trur dette er den typen post som på Elin sin blogg fell i kategorien "Resultat av tilfeldig internetting..." Ikkje heilt sikker på korleis eg hamna på denne sida, men det er jo eit klassisk trekk ved internettsørfing. Uansett, har no slege fast at kanskje det er greit å vera språkmasterstudent likevel, samanlikna med andre ting ein kan ta seg til her i livet.
Nokre av desse jobbane skjønnar eg rett nok ikkje kvifor er med på listene, men andre er det meir forståeleg at ein har trekt fram. Personleg tykkjer eg kanskje "flatus odor judge" må vera ein av dei aller mest disgustingaste. Kva er det som får folk til å frivilleg utsetja seg for slikt?

Thursday, April 16, 2009

Wonderful Word of the Week

Sidan eg ikkje har funne ei ordlisteforklaring av tesaurus-ordet mitt denne veka, fann eg ut at eg kanskje skulle providera eit sjølv, i tilfelle tydinga ikkje er like gjennomsiktig for folk som ikkje er Indresogningar med over gjennomsnittleg fascinasjon for fabuløse ord og vendingar:

Honkalaus, adj./adv.
a) Som er utan honk.
Du må ta deg ein tur på IKEA og oppdatera bidnesortimentet
ditt - du har berre honkalause koppar.
b) Vanskeleg, vanvittig, dum, irrasjonell, absurd, unyttig, idiotisk osb. som ein honkalaus kopp.
For ei honkalaus plassering!

Fleire eksempel:
Eksempel 1
Eksempel 2

Wednesday, April 15, 2009

Back 2 Business

Og panikken har offisielt sett inn...

Friday, April 10, 2009

Påskeprokrastinering

Ting å driva med når ein eigentleg bør driva med andre ting:
  • Løysa sudoku
  • Løysa kryssord
  • Spela WordGames på Merriam Webster
  • Rydda i Molehill Empire-hagen
  • Sjå på fjonge remix-videoar på YouTube
  • Koka kaffi
  • Lesa litt i ei bok
  • Lesa litt i ei anna bok
  • Lesa avisa
  • Lesa nyheiter på nettet
  • Sørfa på nettbokhandelsider
  • Lasta ned musikk/filmar/TV-seriar
  • Koka meir kaffi
  • Leita etter fleire sudokuar/kryssord
  • Lesa måndagsavisa
Når ein blir skikkeleg desperat:
  • Ta oppvasken
  • Ta klesvasken
  • Ta husvasken
  • Tømma boset
  • Tømma papirboset
  • Rydda i stova
  • Rydda på rommet
  • Rydda i bokhylla
  • Rydda i kjøleskåpet
  • Rydda på datamaskina
Når ein innser at ein har gått tom for unnskyldningar:
  • Skriva ein plan over kva ein har tenkt å skriva/gjera i forhold til masteroppgåva
  • Skriva blogginnlegg om prokrastinering
  • Føla seg effektiv og ta kvelden.

Monday, April 06, 2009

Twitterblogging

I løpet av ei prokrastineringsøkt for nokre dagar sidan var eg innom og såg på Twitter sin introduksjons-skryte-video, noko som overbeviste meg fullstendig om at eg absolutt ikkje skal skaffa meg Twitter-konto (dersom meir overtyding eigentleg trongst). Må likevel innrømma at eg er litt fascinert av maks-140-teiknsprinsippet og tenkjer at kanskje det er enda ein måte ein kan senka standarden for blogginnlegg på, og dermed, forhåpentlegvis, auka frekvensen på innlegga. (Muleg eg no snart har so mange teoriar om blogginnleggsfrekvens og -kvalitet at det kvalifiserar som svogerforskning.) I dag har eg difor tenkt å introdusera omgrepet Twitterblogging. Føler eigenteg det seier seg sjølv kva det dreiar seg om, men for dei som må ting inn med teskei kan det definerast som "blogginnlegg på maks 140 teikn om meir eller mindre (helst mindre) essensielle saker og ting som føregår i livet til bloggaren, gjerne utrykt på litt SMS-fjortis-inspirert språk, krydra med spennande forkortingar og kreativ teiknbruk" (eksempel finn ein t.d. her). Skilnaden frå sjangeren "tilstandsrapport" ligg altså både i stil og lengd.

Wednesday, March 25, 2009

Enda ein framgangsrapport

I dag har eg (i ukronologisk rekkefølgje):
  • Lese Studvest
  • Ete eit sjokoladekakestykkje (veldig godt)
  • Lese innlegg på Bokbloggen
  • Kjøpt havremjølk
  • Snudd eit histogram
  • Planta 16 tomatplanter på Molehill Empire
  • Hausta 16 tomatplanter på Molehill Empire
  • Lasta ned ein dings som skulle fiksa eit problem på Windows Media Player slik at eg får spela av ting eg vil spela av (blir alltid like fornøgd med meg sjølv når eg får slike ting til å fungera, sjølv om eg ikkje veit kva eg har lasta ned, korleis det installerte seg, kva som var problemet i utgangspunktet eller kvifor det no er løyst)
  • Skrive ca. 5 linjer på masteroppgåva
  • Leita etter spanske ord i hjernen min og på WordReference, med lite hell begge stadar
  • Vore innom Only og slege fast, enda ein gong, at dei ikkje har nokonting eg kunne tenkja meg å kjøpa lenger
  • Kjøpt bøker på Studia (sparte jo masse på Only...)
  • Løyst eit statistisk problem som er vagt relatert til masteroppgåva, men mest eit interessant tankeeksperiment ved å gjera det om til eit geometrisk problem (sidan geometri jo er den koselege og forståelege delen av matematikken)
  • Bestemt at eg likevel ikkje skal ta med noko om det statistiske problemet i oppgåva
  • Lurt litt på om hjernen kan fordampa eller sakte forvandlast til bomull utan at ein merkar det
  • Lurt litt på om ein ville vore i stand til å lura på om hjernen hadde fordampa dersom hjernen hadde fordampa (eller vorte forvandla til bomull)
  • Lurt litt på om bruken av verbtider i den førre setninga eigentleg var heilt reglementer
  • Slege opp reglementer, sidan dette er eit slikt ekkelt ord som eg ikkje er heilt sikker på korleis ein skal skriva fordi mi dialekt berre har 8 vokalfonem og ein del skrivemåtar difor er heilt og fullstendig ulogiske for meg
  • Tenkt litt på om det å gå heim og sjå Stargate Atlantis med Haldis eller lesa ferdig Fedra, min Fedra kanskje eigentleg er meir meiningsfylt som å sitja her noko lenger
  • Slege fast at jau, det er det nok

Friday, March 20, 2009

Vårteikn ved vårjamndøgn

.
Vårjamndøgn fell i 2009, ifølgje kjelda-til-alt-som-er-sant-og-interessant, på den 20. mars, kl. 12:44, norsk tid.

Dvs. akkurat no.

Tykkjer eigentleg det er ganske trist at dette ikkje er ein høgtidsdag. Føresler at me sender eit brev til kongen (eller stasministaren eller kven de no er som bestemmer slikt) og forklarar kvifor vårjamndøgn er ein mykje betre kandidat til fri- og heilagdag, spesielt her oppe i nord, enn mange av dei dagane me no har avmerkte i kalendaren. Meinar ikkje nødvendigvis at me skal byta ut fridagar, men heller legga til nokre fleire. I dagens multikulturelle og multireligiøse (og antireligiøse) samfunn burde det jo verkeleg vera plass for meir enn dei kristne helgadagane. Og ettersom det kanskje blir litt problematisk å innføra heilagdagane til alle religionar (interessant, men komplisert, ser eg for meg...) kan me jo satsa på meir generelle, allmenne fridagar, som f.eks. vårjamndøgn (igjen, det er sjølvsagt ikkje snakk om ei redusering av talet på fridagar, berre ei evt. redefinering og omorganisering). Her kan Noreg gå føre og vera eit eksempel til etterfølgje for resten av verda, noko me jo er glade i å tenkja på oss sjølv som.
Vårjamndøgn er dessutan World Storytelling Day, noko som òg er verd å markera.

Sidan me no offisielt (i.e. ifølgje meg) har gått inn i sommarhalvåret og det går mot lysare tider (som jo er finst for dei som føler dei treng lys og litt irrelevant for oss andre, men uansett), nyttar eg høvet til å gi ei oppsummering av vårteikna eg har lagt merke til i det siste:
  • Vårlukt (no har det rett nok ikkje lukta vinter på ei god stund, kanskje fordi det eigentleg ganske sjeldan luktar vinter i ein by utan vinter, men det er uansett først no det verkeleg luktar vår).
  • Blomster i blomsterbedet utanfor stovevindauga.
  • Buekorpsøving på Sydnes.
  • Den gule jakken begynnar å bli for varm, sjølv på scooter.
  • Eksamensangsten (eller, enda skumlare, masterangsten) begynnar å melda seg (ganske personleg observasjon dette, sidan folk flest på Nygårdshøgden verkar uforskamma avslappa enda).
  • Folk utanfor vindauga mitt på lesesalen oppheld seg ute i friluft lenger enn det som er absolutt naudsynt for å røyka ein sigarett eller gå frå eitt bygg til eit anna.
  • Behovet for nye tennis-/jogge-/tøy-sko kjem snikande.
  • Særs skiglade medstudentar må stadig lengre vekk og opp for å gå på ski.
  • Påskemarsipan i butikken (som vel eigentleg berre betyr at restane av julemarsipanen no endeleg enten er selde eller kasta (evt. pakka vekk til neste år..), men det er jo eit slag vårteikn likevel).
  • Underskjørt er ikkje lenger absolutt nødvendig for ikkje å dø av kulde på lesesalen.
  • Torgallmenningen gir meg lyst på is.

Blomsterbedet i Elsters gate 8

Vår- og haustjamndøgn heiter forresten equinox på engelsk (frå latin aequinoctium). Dette er eitt av mine favorittord, litt fordi det har fin lyd og litt fordi det får meg til å tenkja på ein pegasus i måneskin, noko som ein jo blir nøydd til å tolka positivt.


Wednesday, March 18, 2009

Æsj...


Hadde planar om å begynna å gjera noko att i dag. Var flink nokre få dagar i førre veke, men det er lite hjelp i når hjernen og konsentrasjonen so tek ferie på ubestemt tid. Verkar litt som om dei må ha minst to dagar fri for kvar dag dei er aktive for tida.
Merkar at masterpanikken har slege inn att, delvis som eit resultat av at alle (kjennest det som) rundt meg har utsett innlevering til hausten. Panikken har ført til mange gode forsett om å gjera noko, fort!, men gode forsett har vel vist seg å særs sjeldan føra til noko særleg effektivitet for min del.
Merkar at konsentrasjonsnivået har sunke til eit nytt lågmål (har problem med å jobba meg gjennom meir enn eitt avsnitt tekst av gangen). Det er no so lågt at eg lurar på om det kan reknast som ei form for ADHD. (Tenkjer då helst på AD-delen, føler meg alt anna enn hyperaktiv...)
Merkar at kvar gong eg vurderar mengda av atterhald eg må nemna om datasettet mitt er eg klar for å gi opp heile masteroppgåva.
Merkar at alt lesestoff, inkl. faglitteratur, som ikkje er direkte relevant for oppgåva har vorte utruleg interessant i det siste.
Merkar at EE-nivået (Energi&Entusiasme) har falle so mykje at eg ikkje eingong gidd å legg krefter i å finna nye prokrastineringsprosjekt.
Merkar at tankar som "skulle eg ikkje kanskje heller vore møbelsnekkar/ bibliotekar/ arkeolog/ lege/ smusslitteraturforfattar/ elektrikar/ kunstnar/ action-heltinne/ instumentbyggjar/ museumskonservator/ you-name-it, og kva gjer eg eigentleg her?" melder seg stadig oftare.

I tillegg har Frieleguden forlate meg og dei siste dagane har eg vore omgidd av dårleg kaffi. Ikkje berre den eg kokar sjølv (som jo pleier vera av varierande kvalitet), men både kaffien i SiB-kantina og den i kaffiautomaten i fjerde har vorte merkbart kjipare sidan helga.

Har filosofert litt over omgrepet "selvmedlidenhet" (tilfeldig?), som eg ikkje er i stand til å finna eit nynorsk ord for (sjølvmedkjensle finst ikkje i ordboka, og høyrest dessutan skikkeleg rart ut):
Er det eigentleg mogeleg å føla (saman) med seg sjølv? Ville ikkje dette innebera eit innslag av schizofreni?
Isofall, kan eg få godkjend utsett innlevering av masteroppgåva på bakgrunn av psykiske helseproblem?
Dersom ikkje, kva konsekvensar får det? Kva anna kan ein gjera saman med seg sjølv?
Dessutan: Kan ein bruka autosympati som eit framandordleg synonym for dette konseptet (evt. som nynorsk synonym, sidan latin og gresk og slikt er heilt uproblematisk i nynorsk, det er tysk som er Satans verk)?

Dersom det finst prokrastinatorar der ute på den Vide Vebben som er desperate nok etter å kasta vekk tid til å ha lese heilt hit, ville eg setja eg pris på om de kunne gi meg ei tilbakemelding med dykkar tankar om desse essensielle filosofiske spørsmåla.

Thursday, March 12, 2009

Vestnorsk snurrepipp [snurrus pippus vestlandis]

Wednesday, March 11, 2009

Breaking News

The lost supervisor has been found!
He is sorry for not having answered my e-mails earlier, but he was temporarily occupied in the jungle.

I now need to urgently start working really hard and stop wasting time on the blog.

Tuesday, March 10, 2009

Dagsmålsliste tysdag 10.03.09:

  • Stå opp tidlegare enn på måndag (dvs. før 14:00).
  • Snakka med husverten og sjekka om scooteren verkar.
  • Levera biblioteksbøker.
  • Kjøpa liksommjølk.
  • Sjekka om Bergen Storsenter framleis har ting på sal.
  • Kontakta Solveig og høyra om ho veit om ein måte å få tak i Miguel på.
  • Finna (og sjå) nyaste House-episoden.
  • Sjekka yrkesinndeling for informantar i statistikken.
  • Skilja agricultores og obreros og sjå om det finst skilnad mellom gruppene.
  • Leita opp statitikk over kva jobbar nics. i CR generelt utfører (Otros amenazantes?) og hist. utvikling.
  • Finna statistikk over costaricansk utvandring til USA (Mito roto?)
  • Skriva ut samfunnsbakgrunnskap.; rydda og sjå om noko av det kan brukast.
  • Prøva å komma inn på http://www.migracion.go.cr/ for å finna oppdatert migrasjonsstatistikk for CR.
  • Skriva ut info. frå Statistical Yearbook for Lat.Am. and the Caribbean.
  • Finna statistikk over remisser frå nics. i CR til slektningar i Nic.
  • Samanlikna gjennomsnittar for San José og Valle Central og tolka.
  • Senda e-post m/spørsmål om kvifor cor.testen for yrkesgruppestatistikken ikkje verkar og dessutan kvifor plot-funksjonen i R gir ei heilt anna framstilling når eg brukar ho på region, kvifor rownames ikkje vil festa seg på plottet over reg.mat og kva Error in t(obj$rowcoord[, 1:nd]) : subscript out of bounds eigentleg betyr.
  • Helst skriva 10 sider på masteroppgåva (joda, innser at iallefall dette punktet er heilt urealistisk).
  • Vurdera om eg kanskje er litt i overkant tidsoptimistisk...

Monday, March 09, 2009

Flink

Har sendt e-post på italiensk til il Mulino for å spørja om kvifor eg ikkje har fått grammatikken eg har bestilt hjå dei (og betalt for) enda. Har ikkje gjort noko særleg meir i dag, men merkar at dette var nok til å få meg til å føla meg ganske flink. Muleg eg treng høgare standardar for eiga flinkheit viss eg skal komma i mål med noko denne våren...

Monday, March 02, 2009

Oppdateringspress

Har, som de sikkert ser, lagt ut nye fjonge sideelement (trur ikkje me skal gå inn på kor lang tid det faktisk tok meg å få bloggen til å gå med på at eg ville ha sideelement på begge sider av innlegga...), som, etter overskriftene å dømma oppdaterast med jamne mellomrom. Veldig skeptisk til kor lurt dette eigentleg er, men det vil jo visa seg. Kan henda dei forsvinn att om ikkje so altfor lenge.
Uansett, sidan eg av og til, innimellom bloggoppdatering og andre andre viktige prokrastineringssysler, sit og jobbar litt med språk og sånt, dumpar eg stadig borti fine sitat som eg kjenner trong til å dela med verda, men som ikkje alltid passar inn i masteroppgåva (har innsett at det kan bli for mykje sitat og at eg kanskje treng litt meir tekst som eg har dikta sjølv innimellom). No kan ein jo òg spørja seg om det å putta dei i masteroppgåva eigentleg er å dela dei med verda, sidan eg ser for meg at ein særs liten del av verda nokon gong kjem til å ha noko med masteroppgåva mi å gjera. Om verda kjenner trong til å bli gjort merksam på desse sitata føler eg er heilt irrelevant.
Elles er det jo alltid like kjekt med fjonge ord, og medan Suzanne har sett i gong eit svært aktverdig prosjekt med å skaffa ord til ordlause omgrep, tenkte eg eg skulle slå eit slag for ord som allereie eksisterar, men som kanskje blir brukt for lite eller som berre rett og slett fortener meir merksemd. Forslag blir mottekne med takk, men avgjerda om kva som skal reknast som gjævt nok til å leggast ut reserverar eg hermed for meg sjølv.
Månadens språksitat er på jiddisch, i tilfelle nokon lurte. Vekas ord er eit av mine favorittord i heile verda. Etymologien er verd å lesa om.

Friday, February 27, 2009

Svart hol

Eg har eit svart hol i hjernen min av og til. Det kjem og går litt, men i dag er det definitivt til stades og syg til seg alt som kjem i nærleiken av det, med det resultatet at idear og tankar forsvinn sporlaust frå ein augeblunk til neste. Eg les ei setning på ei nettside, tenkjer "dette kan eg bruka", klikkar på Word- dokumentet mitt og har gløymt ikkje berre det eg skulle skriva, men kva heile nettsida handla om. Eg set inn ei fotnote og går inn i EndNote, men før eg har komme so langt har eg gløymt kva eg skriv om og kva for ei bok eg difor skulle sitera frå, for ikkje å snakka om sidetalet.
Det går framover, men sakte sakte...
Skilpaddetempo. Snigletempo.
Tilbakeståandegullfiskhukommelsestempo.

Thursday, February 26, 2009

No more Avisturking

Har i dag vore på BT og spurt om det gikk an å få kjøpa ein aviskassesak. "Aviskassesak?" sa mannen i informasjonen og smilte. Og so gikk han og henta ein svart postkasse med BT-logo. OK, tenkte eg, og spurde kor mykje han ville ha for han. "Du ser so grei ut at den skal du få av meg", sa mannen, og pakka han i ein plastpose for meg. Og eg gikk ut i vårsola og kjøpte espresso og velviljen min mot BT var gjenoppretta.
Har vore litt småsur på dei i det siste, noko som mest er avisbudet sin feil. Veit jo frå før at avisbud generelt er litt tilbakeståande (ikkje at eg har møtt eit avisbud, trur ikkje det er so ofte me er ute og luskar på same tid av døgnet, men slik frå handlingane å dømma kan iallefall ikkje våre avisbud vera spesielt intelligente), men kor vanskeleg kan det eigentleg vera å levera oss èi turr avis (fortrinnsvis dagens - tenk at eg måtte slå opp i engelskordlista for å finna "fortrinnsvis" på norsk!) kvar morgon? I tillegg til at budet føler for å legga avisa ute på dagar med heftig regn (men gjerne i postkassa når det er opplett) har me fleire helgar no (stort sett kvar helg faktisk) berre fått avisa èin dag. Denne veka fekk me laurdagsavisa på måndag, og stadig oftare er avisa ikkje kommi når eg er klar for frukost. At det er litt ork å ta på seg sko for å gå heilt bort til postkassa om morgonen er jo ikkje budet sin feil, men det er enda ein god grunn til å skaffa seg ein boks nærare.
Men utdeling av gratis avisboks tykkjer eg er eit svært positivt trekk, og viss me kan få dette nye vidunderet på plass i kveld ser eg for meg at all avisproblem er løyst for all framtid!

Wednesday, February 25, 2009

Dagens absurditet

Ved-sida-av-meg-på-lesesalen-Rakel fekk nettopp denne SMSen (frå eit ukjend nummer):
"hva heter frida? hva heter du?"
Eit av livets store mysterium...

Tuesday, February 24, 2009

Bokblogging I, del 2


Bokblogging I, Part 2, by -Silje-. This is an AraMateix publication. All AraMateix publications are not in the public domain. Recording by -Silje-

Observasjon 1: Kvifor, når handlinga føregår i Irland og forfattaren er irsk og irsk engelsk er ein av dei stiligaste variantane av engelsk, skulle eg ynskja å høyra boka lesi på heavy USAnsk?

Observasjon 2: Eitt problem med lydbøker er at det har fryktleg mykje å seia (iallefall for meg) om ein likar stemma og lesemåten til opplesaren. Mi første lydbok vart lesi av Peter Bobby, som i tillegg til å vera svært USAnsk hadde ein lite behageleg leserytme i første del av boka.

Konklusjon førsteinntrykk: På ingen måte overtydande, men eg bestemde meg likevel for å halda fram, mest fordi eg har litt tvangstankar i samband med ideen om å ikkje lesa ferdig ei bok, men delvis òg for å ikkje vera pinglete og gi opp Mr. Peter Bobby, the Artist og Prosjekt Lydbok slik med ein gong. Alle fortener visstnok ein sjanse til (litt usikker på dette, prinsipielt sett, men let tvilen komma alle til gode i dette tilfellet).

Lesinga tok seg heldigvis opp. Ikkje at Mr. Bobby vart noko mindre USAnsk, men han vart hakket mindre irriterande. Er litt usikker på om den mystiske rytmen og tonefallet i første del var eit resultat av at han prøvde å tilpassa seg hovudpersonen sin unge alder, eller om det berre var det at han vart meir van med å lesa etter kvart. Sette uansett pris på endringa.
Boka derimot, tok seg ned. Ho har berre fem kapittel, som iallefall i lydbokversjonen er delte opp i mindre deler, og dei to første kapitla tek for seg barndommen til the Artist. Kapittel tre er ei einaste lang dommedagspreik. Masse "du skal brenna i Helvete og pinast i all Æve for at du ikkje gjer som Gud har gitt deg beskjed om" og deprimerte og angrande filosoferingar om ei syndefull fortid (mest pga. hyppig omgang med prostituerte) og ei grusom framtid i Helvete frå the Artist si side. Utanom nokre småinteressante skildringar av Helvete (men har lese mykje meir interessante skildringar andre plassar, Dante f.eks...), var det ikkje spesielt mykje eg fekk ut av denne delen av boka og etter fleire timars svovelpreik var nok ikkje konsentrasjonen om det som strøymde inn i øyrene mine so stor lenger. So, eit stykkje ut i kapittel fire (dersom eg hugsar rett), går the Artist i kyrkja, finn ein prest og legg ut om syndene sine i detalj, i god katolsk stil. Deretter kjenner han seg ovanpå og overlegen og fødd på ny ei stund, før han mot slutten av boka (dersom eg skjønte dette rett) endeleg konverterar til ateismen (eller iallefall agnostisismen). Mot slutten tek det seg litt opp att, sjølv om dei djupe filosofiske samtalane er litt harde å følgja, spesielt dersom ein er litt trøytt og omringa av høglydd trafikk i bergensvêr. Det skal òg seiast at latinen min på ingen måte er god nok til å fylgja replikkane i dei tilfella dei ikkje er omsette, og at å høyra ein USAnar lesa latin er eit lite Helvete i seg sjølv.

Andre observasjonar: Det hadde vore ein god idé å dela opp bøkene i mindre deler, for det er ikkje alltid det passar å høyra ei 45 min. lang opplesing og dessutan likar ikkje mp3-spelaren min dei - han blir sur og gretten og har det med å låsa seg litt og generelt skapa trøbbel i rein protest. Dessutan burde dei kutta litt ned på introduksjonane. Det er verkeleg ikkje påkrevd at dei opplyser meg om kva bok eg høyrer på, kven som har skrive ho, kven som les osb.osb. i byrjinga av kvar einaste ny del.

Konklusjon: Ikkje overtydd om at lydbok er heilt min ting, men framleis heller ikkje overtydd om at det er ein dårleg idé. Problemet blir å finna kombinasjonen rett bok og rett opplesar. Har no rydda meir plass på mp3-spelaren for å kunna ha deler fleire bøker der om gongen, slik at eg har litt å velja mellom. Har lasta ned meir litteratur, både romanar, faglitteratur, poesi og noveller, på diverse språk, og satsar på å finna den perfekte lydboka snart.
Will let u know...

End of Bokblogging I.

Monday, February 23, 2009

Ord på kryss og skrå - Ei forteljing om frustrasjon

.
Korleis seier ein eigentleg "haldningskampañe" på spansk?!?!
Kan Wikipedia stolast meir på som omsetjingsassistent enn som kjelde?
Skal ein velja å bruka "prevalente"eller "preponderante"?! - og kvifor slik ei overflod av fjonge&fengjande ord i denne contexto når det ikkje går an å oppdriva eitt einaste ynkjeleg lite eit til neste setning?!
Kviforkviforkvifor (helvete, helvete!) kan ein ikkje Ctrl-Z'e EndNote?!?!
Burde nettordlister eigentleg ha nok psykologi til å ha dårlege og gode dagar, slik at Diccionario de la Real Academia Española er amigo med meg i dag og finn alt eg leitar etter, medan WordReference derimot er meir på jordet enn vanleg og berre surmular? (Og gir det eigentleg meining å seia at eit omsetjingsprogram oppheld seg på ein åker?)
Korleis uttrykkjer ein "input" på andre språk enn engelsk? Innputt? Meir spesifikt i ein diskusjon om behaviourisme? (Bør ein eigentleg nedlata seg til å diskutera behaviourisme i det heile...?)
Kvifor har alle spr`k sine tastatur nokre teikn plassert p`usannsynleg lite praktiske stadar? Og kvifor skulle eg vilja ha den idiotiske "caps lock"-tasten på ein slik utsett plass når eg brukar han circus ein gong kvar kongedaude? Dessutan: kvifor, n`r Word kan kjenna att spr`ket eg skriv p`, er Windows so utruleg tilbakestànde npr det gjeld `skjñnna kva for eit tastatur eg vil ha til ei kvar tid?
Finst det ord for "todeling", "tredeling" osb. på andre språk? Korleis skal ein elles uttrykka dette effektivt? ("deling i tre" er ikkje effektivt...)
Kvifor kjem eg ikkje på fabelaktig profesjonelle uttrykk som "tek sikte på", som fint&flott oppsummerar akkurat det har lyst til å seia, når eg skriv på norsk?! Å komma på det medan eg skriv spansk er jo heilt futilt!
Kvifor har ikkje nokon laga ei ordliste som omset fabelaktig profesjonelle uttrykk som "tek sikte på" til andre språk?

Nokre gonger trur eg hjernen min har ei språkfeilkopling ein stad. SPANSK NO! ¡Español! ¡Olé! ¡Caramba! #Nein nein nein!!#

Kanskje på tide å call it a Day. Sjølv om denne eigentleg ikkje har gjort seg fortent til mayuscula...

Sunday, February 22, 2009

Dagen eksperiment: Avisturking

.
a) Turketrommel
Ganske sjølvforklarande vil eg tru...
- Resultat: Avisa går i oppløysing lenge før ho er turr. Ingen suksess.

b) Stykejarn
Ein gammal butlerklassikar som det viser seg at ein ikkje treng butlerskule for å meistra.
Forsøk 1: Med tørkapapir på toppen av øverste blad
- Resultat: Ikkje spesielt effektivt (men fungerar kanskje dersom sin har mei tålamod enn meg...)
Forsøk 2: Med tørkepapir mellom blada
- Resultat: Mykje meir effektivt, spesielt dersom ein har ubegrensa tilgang på nytt og turrt tørkepapir
Forsøk 3: Utan tørkepapir (kan kombinerast med 2)
- Resultat: Kanskje det mest effektive, men gir risiko for misfarga klede for folk som ikkje har eit strykejarn kun til avisstryking
NB: Det kan vera ein god idé å plassera noko mellom underste blad og underlaget dersom ein ikkje vil ha toppen av tørketrommelen sin (evt. anna underlag) dekorert med Nemistriper (evt. andre bilde/tekst frå underste blad).

c) Lufttørking
Kan gjerast på mange måtar, t.d. -> sjå illustrasjon
- Resultat: Forløpig uvisst, men det ser lovande ut. Dette er den mest tidkrevjande metoden, men kan anbefalast (tru det eller ei, men dette er det faktisk lov å skriva på nynorsk) dersom ein ikkje har det spesielt travelt med å lesa avisa, då det òg er den minst arbeidskrevjande.

Saturday, February 21, 2009

Bokblogging I, del 1

Inspirert av Haldis tenkte eg kanskje eg skulle hengja meg på bokbloggebølgja, òg sidan eg ofte får litt behov for å dela det med andre når eg er spesielt imponert, spesielt lite imponert eller elles spesielt sterkt påverka av ei leseoppleving. So her kjem Bokblogging del I:

Bokblogging I, Part 1, by -Silje-. This an AraMateix publication. All AraMateix publications are not in the public domain. Recording by -Silje-

Sidan me no har flytta ut på landet og det ligg trintom ein halvtimes gange mellom hus og lesesal, noko som utgjer ein times mp3-tid for dagen, tenkte eg at det kanskje kunne vera verd å testa konseptet lydbok (hadde forsovidt lydbøker då eg var liti, av typen som seier plingeling når ein skal bla om til neste sida i bildeboka som fylgjer med, men føler ikkje det blir heilt det same). Den første ideen min var å prøva biblioteket (kjøping av lydbøker er frykteleg uaktuelt), so eg gikk meg ein laaaang omveg om Folkebiblioteket ein dag på veg heim for å sjekka utvalet, som viste seg å vera serdeles skuffande. Har litt problem med å få uttrykt kor oppgidd eg kan bli over samtida sin fascinasjon for uintellektuell litteratur, ofte representert ved krim (ikkje at krim alltid er uinteressant eller uintellektuell, men mesteparten er det notildags) og, i aukande grad, av Anne B. Ragde (ikkje at eg har lese noko av henne, men eg tillet meg i dette høvet å vera uhøyrt fordomsfull). (Er det forresten eit godt teikn når ein begynnar å sutre over forholda notildags i ein alder av 25?) Ein del av den geniale planen min hadde dessutan vore å finna lydbøker på andre språk enn norsk (i hovudsak på tysk) for at eg i tillegg til å få intellektuell puttinn medan eg går, skulle få pussa oppatt språkkunnskapar som har meir eller mindre gått i djup dvale. Multitasking (som btw.lissom treng ei norsk omsetjing) på høgt nivå, tenkte eg. Biblioteket har dessverre ikkje eit spesielt stort utval av lydbøker på interessante språk, og ein særs liten del av dette utvalet er interessant som litteratur. Det kan jo tenkast at eg var litt i overkant kresi, men for å ikkje gi Prosjekt Lydbok eit dårleg utgangspunkt som kanskje kunne gjera meg negativt innstilt til lydbøker i all framtid, meinte eg det var viktig å i det minste velja ei bok eg verkeleg kunne tenkja meg å lesa.
Lånte til slutt On the Road av Jack Kerouac. Tingen såg ut som ei lydbok og sto i lydbokseksjonen, men var vel eigentleg meir ei samling utdrag ispreidd småeksperimentell jazzmusikk. Kanskje passande for sjangeren, men ikkje akkurat det eg hadde tenkt meg.
Det var på dette tidspunktet eg vende meg til min gamle venn Internettet og ba om råd. Og Internettet sa: "Bli lydbok", og det vart lydbok, i form av Librivox, ei side der ein kan lasta ned lydbøker på diverse språk heilt gratis. Eit fantastisk konsept eg allereie har prøvd ut for m.a. e-bøker (kanskje meir om det eksperimentet på eit anna tidspunkt, kven veit). Einaste problem er at det kun er gratis fordi det stort sett dreiar seg om forholdsvis gamle bøker (har vel noko med opphavsrett å gjera, går eg utifrå). Gjekk uansett laus på katalogen (som faktisk er imponerande stor), med friskt mot - gammalt er jo, som kjend, på ingen måte synonymt med dårleg.
Hadde i utgangspunktet sett meg ut Faust som ei bok som kunne vera interessant (bittelittegrann ambisiøst med mitt tysknivå kanskje, men finst det eigentleg ei lov som seier at ein læra seg å krabba før ein kan gå? Inkårt måtte jo siga inn...). Denne skulle, ifølgje katalogsøk, vera ei lydbok Folkebiblioteket tilbyr, men var ikkje å oppdriva der. På LibriVox er ho i kjømda, og sida har dessutan ei svært sympatisk varslingsteneste som sender ein e-post når ei bok ein ventar på er ferdig opplasta. I teorien har eg no difor tid til å starta litt mindre ambisiøst, for so å avansera til Faust på eit seinare tidspunkt (so vil det jo visa seg om eg nokon sinne kjem so langt eller om det heile går i grøfta før den tid).
Anyway... Bestemde meg til slutt for å begynna med Joyce (har store ambisjonar om å lesa Ulysses snart, men snart begynte for ein god del år sidan. Me får sjå til sommaren...) og lasta inn A Portrait of the Artist as a Young Man på mp3-spelaren.

End of Bokblogging I, Part 1.

Wednesday, February 18, 2009

Prestasjonsangst

.
Det har vist seg å vera eit problem at originalitets-, interessantheits- og generelt fantastiskheits-nivået eg føler eit blogginnlegg bør ha aukar proporsjonalt med tida som har gått sidan sist eg la noko ut på bloggen. Har difor i dag bestemt meg for å legga ut noko eksepsjonelt ufantastisk (i.e. dette) for å dempa presset litt. Teorien er at det no er større sannsyn for at det kjem meir (om enn ikkje noko spesielt fantastisk) i ei ikkje altfor fjern framtid.
.