Sunday, October 25, 2009

Silje mot verda (her representert ved UiB), del II

Eigentleg kan eg ikkje fordra folk so skuldar på andre og fråskriv seg ansvar.
Eigentleg burde det finnast ei aldersgrense for uttrykket "det var ikkje min feil".
Eigentleg er det likevel (sjølv om eg no, gammal og driven student som eg er, burde ha lært meg korleis ting fungerar) litt kjekt å kunna skyva alt over på nokon annan, uiversitetsadministrasjonen til dømes, når ting ikkje går som planlagd:

Sidan eksamenen har forsvunne fullstendig frå Studentweb etter at eg tok han, veit eg enda ikkje noko om resultatet mitt i statistikk, men det anar meg at eg har stroke. Og sjølv om min HF-hjerne sin svært begrensa toleranse for tal og formlar nok hadde mykje med den saki å gjera, tenkjer eg at det kanskje hadde gått litt betre om eg hadde visst at det var ein eksamen med "alle hjelpemiddel tillatne"... Dette var dessverre ikkje noko instituttet følte behov for å opplysa om. Informasjonen ligg dessutan på Internetten. Der kan ein enkelt finna han sjølv, ein må berre innsjå at når faget ikkje kjem opp automatisk på Mi Side etter oppmelding, må ein søka seg fram til det på eiga hand, forstå at det går fint å be om medlemskap i ei gruppe som eksisterte førre semester, og so finna fram til eit hypotetisk dokument i fillageret der det står: "alle hjelpemiddel tillatne". Pis åv keik, m.a.o. Og difor sjølvsagt ufatteleg naivt av oss som tok eksamenen å tru at sidan ingen av oss hadde grave fram denne fila og me difor stilte utan hjelpemiddel, kunne ein kanskje gi sensor beskjed om at eksamen var løyst utan... Tenk å finna på å føreslå slikt.
No hadde eg aldri forventa nokon fantastisk karakter i statistikk uansett, so eg tok ikkje den katastrofale eksamenen so tungt - var stort sett glad og fornøgd med at det heile var over og eg kunne finna på noko anna. Med statistikken ute av verda klarte eg omsider å bestemma meg for kva to nordiskfag eg ville ta eksamen i dette semesteret, og enda sjølvsagt på dei to som har eksamen same dag. Konteeksamen er jo ei fantastisk oppfinning, so eg tenkte det uansett skulle gå greit, men gjekk til administrasjonen for å spørja om obligatoriske aktivitetar i NOSP102. Fekk beskjed om at NOSP102 har undervisning kvart semester, og difor kan det ikkje kontast. Prøvde meg med NOSP208 i staden, sidan det er eit spesialiseringsfag og ein byter på tema. Fekk beskjed om at NOSP208 òg har undervisning kvart semester, dvs. emnekoden NOSP208, so det kan eg ta til våren, men då er det ikkje same tema som no. Rykk tilbake til start.
Klok av skade (litt erfaring har ein jo) gjekk eg til førelesar i NOSP208, sidan han er den typen som nærmar seg pensjonsalder, hugsar korleis ting var i gode gamle dagar og ikkje forstår kvifor alt må vera so vanskeleg, spesielt administrativt sett, no etter Den Store Reforma. Min type førelesar, m.a.o. Han foreslo eit eksmensformsbyte, frå skuleeksamen til bacheloroppgåve, og tok seg stort sett av å ordna det administrativt (ser for meg at han gikk til administrasjonen og sa "slik blir det" og so viste det seg at nett slik vart det og det var ikkje eingong særleg vanskeleg å få det til...).
I god Reformånd har dei fleste faga mine dette semesteret oppgåveinnlevering, med obligatorisk førsteutkast. Etter å ha brukt store delar av helga og natta på NOSP102-utkastet (dvs. på å stressa fordi eg ikkje hadde skrive det. Sjølve utkastet skreiv eg på ein times tid morgonen for innleveringa), kjende eg meg ganske fornøgd, logga inn på Mi Side kl.12:30, ein halvtime før fristen, og vart møtt med meldinga: "denne mappa er no stengd".
Dobbelsjekka fagkoden.
Gjekk inn på nytt.
Prøvde ei anna innleveringsmappa.
Ringde Ida på administrasjonen (jepp, har lært meg namnet på administrasjonsfolka på LLE. Klårt teikn på at eg har hatt altfor mykje med dei å gjera.) Sjølvsagt (det måtte jo vera slik, korleis kunne eg tru noko anna) hadde NOSP102, i motsetnad til alle andre fag på nordisk ikkje innleveringsfrist 20.10, men derimot 12.10. Dette burde eg vel ærleg talt ha fått med meg, men sidan dette nye instituttet mitt insisterar på å senda meg epost om kvar vesle filleting, og ikkje berre èin epost, men ein kopi av eposten for kvart fag eg er oppmeld i på nemnde institutt (og det er jo ca.1000) har eg for lengst slutta å finlesa dei. Eg les den fyrste, og så slettar eg resten, for at ikkje epostkontoen min skal fullstendig drukna i LLE-spam. Og dermed har eg tydelegvis gått glipp av denne fikse vesle vrien på innleveringa i det faget eg har krangla med administrasjonen og bytta eksamensform (sjølv om det "eigentleg er to veker sidan fristen for å byta!") for å få ta. Og sidan det heile vart oppklart for meg 10 min. før innleveringsfristen til dei andre faga rakk eg heller ikkje å kladda noko utkast til nokon av dei.
Resultatet er at dei 1000 faga mine no er reduserte til 3. To bittesmå, men ganske fantastiske lingvistikkfag og NOSP208 med bacheloroppgåve. Timeplanen vart plutseleg noko meir medgjerleg, og eg merkar at eigentleg kjenner eg meg ganske fornøgd med det heile. Kanskje eg no faktisk vil få litt fritid.

No comments: