Showing posts with label Defnixona o.a.. Show all posts
Showing posts with label Defnixona o.a.. Show all posts

Thursday, April 16, 2009

Wonderful Word of the Week

Sidan eg ikkje har funne ei ordlisteforklaring av tesaurus-ordet mitt denne veka, fann eg ut at eg kanskje skulle providera eit sjølv, i tilfelle tydinga ikkje er like gjennomsiktig for folk som ikkje er Indresogningar med over gjennomsnittleg fascinasjon for fabuløse ord og vendingar:

Honkalaus, adj./adv.
a) Som er utan honk.
Du må ta deg ein tur på IKEA og oppdatera bidnesortimentet
ditt - du har berre honkalause koppar.
b) Vanskeleg, vanvittig, dum, irrasjonell, absurd, unyttig, idiotisk osb. som ein honkalaus kopp.
For ei honkalaus plassering!

Fleire eksempel:
Eksempel 1
Eksempel 2

Monday, April 06, 2009

Twitterblogging

I løpet av ei prokrastineringsøkt for nokre dagar sidan var eg innom og såg på Twitter sin introduksjons-skryte-video, noko som overbeviste meg fullstendig om at eg absolutt ikkje skal skaffa meg Twitter-konto (dersom meir overtyding eigentleg trongst). Må likevel innrømma at eg er litt fascinert av maks-140-teiknsprinsippet og tenkjer at kanskje det er enda ein måte ein kan senka standarden for blogginnlegg på, og dermed, forhåpentlegvis, auka frekvensen på innlegga. (Muleg eg no snart har so mange teoriar om blogginnleggsfrekvens og -kvalitet at det kvalifiserar som svogerforskning.) I dag har eg difor tenkt å introdusera omgrepet Twitterblogging. Føler eigenteg det seier seg sjølv kva det dreiar seg om, men for dei som må ting inn med teskei kan det definerast som "blogginnlegg på maks 140 teikn om meir eller mindre (helst mindre) essensielle saker og ting som føregår i livet til bloggaren, gjerne utrykt på litt SMS-fjortis-inspirert språk, krydra med spennande forkortingar og kreativ teiknbruk" (eksempel finn ein t.d. her). Skilnaden frå sjangeren "tilstandsrapport" ligg altså både i stil og lengd.

Wednesday, October 29, 2008

Heimlengsla:

......... Å sitja på ein buss bygd for underernærte dvergar med ein fyr med dårleg balanse hengjande over seg i midtgangen og ei blålilla smerte i knea som på grunn av ein nådelaus (og kanskje suicidal) bussjåfør kombinert med livsfarlege fjellstiar (som det kanskje er like greit ein ikkje kan sjå i stupmørket utanfor vindauga) har vorte mosa inn ein hard plastseterygg i ein lang time og plutseleg få skrekkeleg lyst på kneippbrødskive med leverpostei.