Wednesday, April 21, 2010

Karriereveg?

Kanskje dette kan vera ein karriereveg å satsa på, dersom det skulle visa seg at draumejobben ikkje står klar og ventar på ein ...

Tuesday, April 20, 2010

Livet utan internett

Mest truleg pga. ein feil i huseigarmannen sin ruter (ein feil som ikkje kunne utbetrast umiddelbart sidan huseigarmannen oppheldt seg på hytta) har me her i Elsters gate vore utan internett i tre dagar. Litt som med flystoppen (som forresten ikkje på nokon måte har påverka meg personleg i same grad som tapet av 24-timars internettilgang), er det først når krisa oppstår at ein verkeleg forstår kor viktig det ein har mista er for den kvardagslege lukkekjensla. Det tok berre få minutt frå internett sa takk for seg til abstinensane begynte å melda seg, desperasjonen steig raskt etter kvart som det gjekk opp for meg kva denne unnataks-tilstanden faktisk innebar.
Det fyrste som vart klart var at eg ikkje kom til å bli ferdig med den obligatoriske innleveringa i italiensk omsetjing til måndag, sidan eg faktisk ikkje har andre italienskordlister tilgjengeleg enn dei som ligg på nettet og eg dessutan ikkje hadde moglegheita til å senda innleveringa til førelesaren. Manglande e-post blir fort eit kjempeproblem for ein person som har telefonskrekk og litt menneskefobi og difor trivst best med den uformelle, men likevel noko avstandsskapande kommunikasjonsforma e-post representerer. Når ein då faktisk har ein jobb som er fullstendig e-postbasert og i tillegg behov for å få kontakt med folk ein ikkje har annan kontaktinfo for enn e-postadresse, blir livet vanskeleg. Elles har eg innsett at ein viktig del av mitt sosiale liv føregår på nettet, gjennom MSN, Skype, bloggen, andre sine bloggar, Shelfari osb. slik at eg, sjølv om eg har eit relativ lågt behov for sosialt samvær og framleis ikkje har (eller har planar om å skaffa) konto på verken Fjesboka eller Twitter, snart følte meg ganske sosialt understimulert.
Det neste problemet som melde seg var TV-relatert - no hadde μTorrent, sympatisk nok, gjort seg ferdig med Dr.Who-episoden frå førre veke før tilkoplinga forsvann, men så var det slutt på moglegheita for å skaffa seg nye episodar av noko som helst. På toppen av dette forsvann jo dessutan nett-TV (har vorte litt fan av at mange NRK-program, inkl. nyhende, kan sjåast når det passar meg, ev. direkte på datamaskina der ho måtte befinna seg og med øyretelefonar, som vårt elles eksellente fjernsyn manglar) og YouTube, noko som alvorleg hemma mine underhaldnings-vanar.
Det har i tillegg vist seg at eg, både når det gjeld kjennskap til ord på ulike språk, og når det gjeld nyhende og generell encyklopedisk informasjon om verda, reknar det eg kan finna på internett som ein integrert del av mine eigne kunnskapar, og mine kunnskapar krympar difor faretruande av å ikkje ha tilgang, 24 timar i døgnet, med eit enkelt tastetrykk, til Google, Wikipedia, Wordreference, Ordboka, NRK og andre ufeilbarlege kjelder til meir eller mindre korrekt og meir eller mindre interessant informasjon om Livet, Universet og Alt.
Elles er det jo velkjent at mangelen på internett opplevest som ein stor feil på datamaskina, av ein slik magnityd, eigentleg, at maskina i seg sjølv blir ganske uinteressant. Trur ho opplever det slik sjølv òg - ho sender i alle fall stadig vekk feilmeldingar av typen: "Har desperat prøvd å kople til denne hjelpe-/oppdateringa-/meir info-sida, men FÅR IKKJE KONTAKT!!!"
I dag begynte dagen min med den strålande beskjeden at Internetten var tilbake på plass. Eg trakk pusten djupt og kjende abstinensane sleppa taket allereie før eg hadde slege på datamaskina og fått dagens dose av "innleiande prokrastinering". Livet er på skinner igjen, framtida ser lys ut. ven bryr seg med fly når ein kan reisa kor som helst i CyberSpace.
Eit par avsluttande observasjonar: det verkar som behovet for internett aukar dramatisk dersom ein veit at ein ikkje har internett, så eit godt råd er at dersom ein mistar internett er det best å unngå å vita om det så lenge som absolutt mogleg. Dessutan har eg komme til at internettilgang eigentleg burde komma med same type åtvaring som dei PinexForte-tablettene tannlegen resepterte til meg i går: "Vanedannande!" Ein gong i fjern fortid (Møhlenpris-åra) førte eg jo faktisk ein eksistens utan internettilkopling i heimen, og var lukkeleg uvitande om dei steinalderske forholda eg levde under og kva eg gjekk glipp av. Då eg først fekk denne typen tilgang såg eg helst på det som luksus. Interessant kor fort "luksus" kan bli "absolutt behov". No er det i alle fall ingen veg tilbake - eg ser ikkje for meg at eg nokonsinne i framtida vil kunna leva eit liv utan konstant internettilgang utan å få varige psykiske skadar.

Monday, April 12, 2010

Galaxy song

Kven seier at musikk ikkje kan vera lærerikt? Har ein ambisjon om å læra meg i alle fall nokre av faktaa i denne teksten ...

Gamle folk no til dags!

-S- finn ikkje glaskonteinaren utanfor butikken. Apotekdelen av butikken er tom for kundar. -S- går inn for å spørja ei apotekdame som står og ryddar litt i hyllene. Stiller seg ved sida av apotekdama og blir ignorert.

-S-: Hei!
Apotekdama ser opp.
Apotekdama: Hei.
-S-: Veit du om det finst ein glaskonteinar her ein plass?
Apotekdama: Det måtte i så fall vera utanfor.
-S- inni hovudet sitt: Verkeleg?! Og eg som trudde glaskontainaren sto her inne på apoteket ...
-S-: Men veit du kor han står?
Apotekdama: Du får vel sjå ute på plassen her då.
-S- inni hovudet sitt: Tusen takk for hjelpa. Rart eg ikkje tenkte på det før eg gjekk inn her for å spørja.
-S-: Okei ...

-S- blir sur og går og spør på den andre butikken, der ho får hjelp av ei høfleg ung dame.

Monday, April 05, 2010

Påskerapport

Då var vel påsken så godt som over og eg har sjølvsagt ikkje gjort halvparten av det eg hadde planlagt at eg skulle få gjort på ti fridagar heime utan husarbeid og førelesning og jobb. Enda, som vanleg, utan at det var planlagd og utan at eg heilt forstår korleis det skjedde, med å ta meg heilt å fullstendig fri. Det eg har fått gjort (utanom å eta altfor mykje og sjå uendelege mengder krim på TV, som jo er obligatoriske påskeaktivitetar), er sova, lenge og ofte. Og sjølv om eg eigentleg har kjend meg ganske utsliti heile ferien og har lurt på korleis det går an å bli så trøytt av å gjera så lite, så trur eg kanskje det var nødvendig og at det har hjelpt og at eg no er klar for ny dyst! Prøver iallefall hardt å overbevisa meg sjølv om det.
I dag var planen å panikkjobba og få gjort unna noko av det aller viktigaste arbeidet eg ikkje har gjort i påsken. Men så kjem H og seier at klokka 18 må ein ut og drikka øl, og då må ein jo sjølvsagt ut og drikka øl. Triste greier, sidan eg hadde mykje meir lyst til å lesa grammatikk, formatera korpusmateriale og vaska hus ...

* * *

I tillegg til all sovinga har eg faktisk fått lese ein del i påsken. Ikkje krim, sidan eg meinar at krim absolutt gjer seg best på TV, men eg har bl.a. omsider lese ut fjerde bind av Krig og fred (så no har eg berre att epilogen ...) og eg har endeleg lese Slaughterhouse 5, ei av bøkene som har stått lengst på har-store-planar-om-å-lesa-snart-lista mi. Dessutan har eg, av alle ting, lese ein biografi, ein sjanger eg prinsipielt ikkje er nokon fan av sidan andre folk sine liv sjeldan interesserer meg noko særleg. Men, eg var på Kvarteret for nokre veker sidan og høyrde forfattaren, Hege Duckert, snakka om Mitt grådige hjerte, og bestemde meg for at eg vart nøydd til å gi ho ein sjanse. Trur eg kan slå fast at eg er ganske positivt overraska.
Har planar om å anmelda boka skikkeleg før eller sidan, men det blir nok ikkje i dag kjenner eg. Legg ved bidrag frå dei fire kvinnene boka handlar om her, og så får me sjå om det blir ein bloggpost på Bokbloggen etter kvart.

«Den lille piken lærer seg at man må være elsket for å bli lykkelig. For å bli elsket må man vente på kjærligheten. Kvinnen er Tornerose, Askepott, Snøhvit, den som lider og tar imot alt.»
Simone de Beauvoir


Billie Holiday: Strange Fruit

Frida Kahlo: Las dos Fridas

«Å være seg selv. Å være noe i seg selv. Å ha noe som er sitt eget, utrette noe som er sitt, for å kunne leve og for å holde ut at kjærligheten kan forsvinne.
Det er nødvendig.»
Karen Blixen

Sunday, April 04, 2010