Tuesday, April 20, 2010

Livet utan internett

Mest truleg pga. ein feil i huseigarmannen sin ruter (ein feil som ikkje kunne utbetrast umiddelbart sidan huseigarmannen oppheldt seg på hytta) har me her i Elsters gate vore utan internett i tre dagar. Litt som med flystoppen (som forresten ikkje på nokon måte har påverka meg personleg i same grad som tapet av 24-timars internettilgang), er det først når krisa oppstår at ein verkeleg forstår kor viktig det ein har mista er for den kvardagslege lukkekjensla. Det tok berre få minutt frå internett sa takk for seg til abstinensane begynte å melda seg, desperasjonen steig raskt etter kvart som det gjekk opp for meg kva denne unnataks-tilstanden faktisk innebar.
Det fyrste som vart klart var at eg ikkje kom til å bli ferdig med den obligatoriske innleveringa i italiensk omsetjing til måndag, sidan eg faktisk ikkje har andre italienskordlister tilgjengeleg enn dei som ligg på nettet og eg dessutan ikkje hadde moglegheita til å senda innleveringa til førelesaren. Manglande e-post blir fort eit kjempeproblem for ein person som har telefonskrekk og litt menneskefobi og difor trivst best med den uformelle, men likevel noko avstandsskapande kommunikasjonsforma e-post representerer. Når ein då faktisk har ein jobb som er fullstendig e-postbasert og i tillegg behov for å få kontakt med folk ein ikkje har annan kontaktinfo for enn e-postadresse, blir livet vanskeleg. Elles har eg innsett at ein viktig del av mitt sosiale liv føregår på nettet, gjennom MSN, Skype, bloggen, andre sine bloggar, Shelfari osb. slik at eg, sjølv om eg har eit relativ lågt behov for sosialt samvær og framleis ikkje har (eller har planar om å skaffa) konto på verken Fjesboka eller Twitter, snart følte meg ganske sosialt understimulert.
Det neste problemet som melde seg var TV-relatert - no hadde μTorrent, sympatisk nok, gjort seg ferdig med Dr.Who-episoden frå førre veke før tilkoplinga forsvann, men så var det slutt på moglegheita for å skaffa seg nye episodar av noko som helst. På toppen av dette forsvann jo dessutan nett-TV (har vorte litt fan av at mange NRK-program, inkl. nyhende, kan sjåast når det passar meg, ev. direkte på datamaskina der ho måtte befinna seg og med øyretelefonar, som vårt elles eksellente fjernsyn manglar) og YouTube, noko som alvorleg hemma mine underhaldnings-vanar.
Det har i tillegg vist seg at eg, både når det gjeld kjennskap til ord på ulike språk, og når det gjeld nyhende og generell encyklopedisk informasjon om verda, reknar det eg kan finna på internett som ein integrert del av mine eigne kunnskapar, og mine kunnskapar krympar difor faretruande av å ikkje ha tilgang, 24 timar i døgnet, med eit enkelt tastetrykk, til Google, Wikipedia, Wordreference, Ordboka, NRK og andre ufeilbarlege kjelder til meir eller mindre korrekt og meir eller mindre interessant informasjon om Livet, Universet og Alt.
Elles er det jo velkjent at mangelen på internett opplevest som ein stor feil på datamaskina, av ein slik magnityd, eigentleg, at maskina i seg sjølv blir ganske uinteressant. Trur ho opplever det slik sjølv òg - ho sender i alle fall stadig vekk feilmeldingar av typen: "Har desperat prøvd å kople til denne hjelpe-/oppdateringa-/meir info-sida, men FÅR IKKJE KONTAKT!!!"
I dag begynte dagen min med den strålande beskjeden at Internetten var tilbake på plass. Eg trakk pusten djupt og kjende abstinensane sleppa taket allereie før eg hadde slege på datamaskina og fått dagens dose av "innleiande prokrastinering". Livet er på skinner igjen, framtida ser lys ut. ven bryr seg med fly når ein kan reisa kor som helst i CyberSpace.
Eit par avsluttande observasjonar: det verkar som behovet for internett aukar dramatisk dersom ein veit at ein ikkje har internett, så eit godt råd er at dersom ein mistar internett er det best å unngå å vita om det så lenge som absolutt mogleg. Dessutan har eg komme til at internettilgang eigentleg burde komma med same type åtvaring som dei PinexForte-tablettene tannlegen resepterte til meg i går: "Vanedannande!" Ein gong i fjern fortid (Møhlenpris-åra) førte eg jo faktisk ein eksistens utan internettilkopling i heimen, og var lukkeleg uvitande om dei steinalderske forholda eg levde under og kva eg gjekk glipp av. Då eg først fekk denne typen tilgang såg eg helst på det som luksus. Interessant kor fort "luksus" kan bli "absolutt behov". No er det i alle fall ingen veg tilbake - eg ser ikkje for meg at eg nokonsinne i framtida vil kunna leva eit liv utan konstant internettilgang utan å få varige psykiske skadar.

1 comment:

John said...

Velkommen tilbake til cyberverden :-D