Wednesday, February 28, 2007

Om semesteravgift og slikt

På grunn av tidlegare skildra årstidsforvirring gjekk det ikkje opp for meg før slutten av februar at det er noko som heiter semesteravgift, og at denne må betalast til Studentskipnaden i Bergen sjølv om ein for tida oppheld seg ein heilt annan plass. Det oppsto sjølv sagt panikktilstandar då eg logga meg på Studentweb og det lyste mot meg i stygge grelle bokstavar at studenten ikkje var semesterregistrert og at fristen hadde gått ut 1. februar... Såg for meg at eg hadde mista studierett både i her og der (dvs. Noreg og Spania) og tenkte at no var det bye bye til Lånekassestipend og ERASMUS-stipend og alt som finst av økonomisk grunnlag for å kunna leva eit ganske bekymringsfritt utvekslingsliv i Barcelona. Etter ein lettare hysterisk telefonsamtale med heimlandet (kanskje det faktisk må seiast å ha vore ein "tyngre" hysterisk samtale...) og ein halvtimes rastlaus vandring i sirklar rundt Historisk-Geografisk fakultet medan eg snakka høgt med meg sjølv og fekk ein del rare blikk (noko som skal litt til for det er mykje rart ute og går her) ringde telefonen og mine gode foreldre (av og til er dei greie å ha) fortalde at Toril Ivarsøy på HF hadde opplyst dei om at det slett ikkje var noko krise og at det slett ikkje var første gong ein utvekslingsstudent gløymde å betala semesteravgifta (kanskje, kjære UiB, det hadde vore ein ide å senda ei lita påminning i januar?). Det går an å søka fritak frå fristen for semesterregistrering. Dessutan ville eg i alle høve få godkjent studiepoenga og behalda stipenda. Skrekkeleg letta og i supergodt humør tok eg metroen til Hostafrancs, kjøpte stracciatella-is på Mercadona og reiste på besøk til Erica, som tykte eg var litt rar som var i så godt humør, men var fornøgd med isen.
I går fekk eg endeleg ein etterlengta e-post frå UiB om at søknaden var behandla og at no sto det berre att for meg å btala semesteravgifta mi, og så blir eg registrert. Tykte eigentleg det var på tide dei svarte no, for dersom søknaden ikkje hadde gått igjennom hadde eg måtta søka meg inn på uiversitetet på nytt gjennom Samordna Opptak, og eg har ei kjensle av at fristen er no snart...
Så i dag har eg betalt semesteravgift og sendt kvittering til UiB, og reknar med å offisielt vera student der igjen snart. No ventar eg i andelaus spenning på svar frå kjære, snille Lånekassen, forhåpentlegvis med beskjed om at søknaden om fritak frå fristen for å søka om stipend og lån for våren 2007 (jepp, 19. mars finn eg ut at det finst eit gjeldsbrev ein plass som skulle vore signert og returnert innan 16. mars) har vorte behandla, dei innser at dei må vera snille med ein stakkars, forvirra og stadig fattigare utvekslingsstudent og dei har bestemt seg for å gi meg pengar til å gå på kino, handla sko og reisa på ferie i fire månadar til...

Årstidsforvirring

Det er siste dagen i februar (det gikk plutseleg og nådeslaust opp for meg i går at februar kun har 28 dagar...), og vanlegvis i slutten av februar vil eg ha ei kjensle av at tida har gått litt for fort, men at det er vinter, kanskje snart litt vår, eit stykkje etter jul, eit stykkje ut i vårsemesteret, ikkje så altfor lenge til Påske, men enno lenge lenge til eksamen. Dette året har eg gitt opp å ha noko som helst slags ide om kva tid på året det utan å sjå på kalendaren, og når eg ser på kalendaren trur eg som oftast at han er feil. Klimaet er berre ein av grunnane, men når det er varmt nok til å sitja ute og eta middag i november kan kvar og ein bli litt forvirra. September var slett ikkje ustabil og haustleg, men drepande varm og februar er ikkje snødekt og kald, men ganske behageleg, med opp mot 20 grader midt på dagen.
Er nok likevel semestersystemet her som er det største problemet. Det er absolutt ikkje slik det burde vera (dvs. slik det ville ha vore dersom eg fekk bestemma). Ved UB startar haustsemesteret i slutten av september (som forsåvidt var heilt OK) og sluttar i januar (som ikkje var like OK). Her har dei tydlegvis ikkje skjønt at det er grusomt forferdeleg å ha eksamen rett etter jul! Tenkte på eksamen heile julehelga og fekk slett ikkje nok av den obligatoriske kvalitetsjuleavslappinga eg trengde. Tilbake til Barcelona og biblioteket 2. januar, og begynte det nye året med to superstressa veker (litt av stresset kom kanskje delvis av at eg ikkje hadde opna ei bok heile hausten...). Eksamen 9., 10. og 16. januar, og så vinterferie! Rett etter eksamen! I slutten av januar! Vårsemesteret begynte 12. februar og sluttar i slutten av juni (har bytta litt fag her og der slik at eg sannsynlegvis no har siste eksamen den 20.). Blir ikkje mykje sommarferie i år. Har nettopp begynt med forelesningar og har enno ikkje heilt bestemt meg for kva fag eg skal ta, så det burde vera januar, men i dag skin sola som om ho trur det er mai, det er blå himmel og varmt og godt i Barcelona og eg vil ha ein is.

Friday, February 23, 2007

Matrícula, matrícula

Jepp, det er februar, vårsemesteret starta forige veke, og eg er heldig nok til å få lov til å gå gjennom den fantastiske og fascinerande vidunderlege matrikuleringsprosessen ved Universitat de Barcelona igjen (jippi!). I dag er planen å skulka to forelesningar for å prøva å leita opp eit fag eg har lyst til å ta på Facultat de Filologia og så gå ein tur på Kontoret for Internasjonale relasjonar (frå no av: ORI) for å spørja om det er greit at eg forandrar fagvalet mitt, om eg kan ta dei faga eg har lyst til og kor smertefull den byrokratiske prosessen vil vera dersom eg har lyst til å ta eit fag på eit anna fakultet... Matrikulering for ERASMUS-studentar er måndag til onsdag, men sidan ORI har SVÆRT avgrensa opningstider er det alltid ein fordel å vera ute i litt god tid (dvs.: det hadde vore ein god ide å starta litt tidlegare...)

Kort resymé av matrikuleringsprosessen i haust:

Byrjinga av august 2006: Utvekslingstudentane kjem til Barcelona. Utvekslingsstudentane har forhåpentlegvis vore smarte nok til å melda seg på språkkurs på internett før dei kom. Oppmelding på internett betyr ikkje at du faktisk er oppmeld, at du er oppmeld til det du trur du er oppmeld til eller at du skal vera i den gruppa/klassen/rommet du har fått beskjed om, men det er eit steg i rett retning.
Utvekslingsstudentane går frå katalanskkurset ein time før slutt for å kunna gå på ORI slik dei har fått beskjed om (ORI har svært generøse opningstider, heile seks timar i veka). Utvekslingsstudentane ventar i gangen utanfor ORI i ein og ein halv time. Det visar seg at ORI ikkje har internett, telefon, studentkort, studiemateriell, faste opningstider og eller særleg mykje informasjon om noko som helst. Utvekslingsstudentane får beskjed om å komma at seinare. Dei skal få ein e-post med meir informasjon.
September 2006: Utvekslingsstudentane mottek ingen e-post. Gjennom ryktebørsen får dei likevel vita at studentkorta har dukka opp. Dei går for å henta studentkort og får spørsmål om kvifor dei ikkje har med det bildet til studentkortet dei ikkje hadde fått informasjon om at dei måtte ta med. Utvekslingsstudentane tek lekre passfoto i boksen på metroen og får fin-fine studentkort.
03.10.2006: Utvekslingsstudentane mottek ein e-post! Informasjonsmøte om matrikulering skal haldast 11.10 kl.12.00 i Aula Gran. Med tanke på den tydelege rasjoneringa av informasjon på fakultetet er utvekslingsstudentane svært takksame for denne uvanlege generøsiteten.
11.10.2006, ca. kl. 12.45: Etter ein og ein halv månad i Barcelona blir utvekslingsstudentane ynskte velkomne til byen og UB. Dei får informasjon om katalanskkurs som starta seks veker tidlegare, og ein katalansk samtalegaid der ein m.a. kan lesa korleis dei skulle ha uttrykt seg då dei leita etter ein stad å bu. Deretter får utvekslingsstudentane vita at oppmelding til fag vil forgå frå 23.-25. oktober, og at ein må melda seg opp til begge semestera på same tid.
Offisielt er dette det ein treng for å melda seg opp ved UB:
1) Skjema med personopplysningar universitetet allereie har fått tre gonger før.
2) Liste over fag.
3) Skjema som er ein kombinasjon av personopplysningar universitetet allereie har og liste over fag.
4) Underskrifta til ein eller annan tutor ved fakultetet.
5) Underskrifta til den ansvarlege for ORI.
6) Studentkort frå UB.
7) Kopi av studentkort.
8) Pass eller DNI.
9) Kopi av pass eller DNI.
10) Passfoto (nummer 3).
12.10.2006: Offisiell fridag i Spania.
13.10.2006: Uoffisiell fridag på UB.
14-15.10.2006: Helg.
16-20.10.2006: Faga som er forehandsgodkjende frå UiB kan ikkje brukast fordi dei :
a) ikkje finst
b) går i feil semester
c) har forelesningar på same tid som andre fag
d) byggjer på fag ein ikkje har teke
e) slett ikkje høyrest så fristande ut når ein finn ut kva dei faktisk inneheld
Ei ny fagliste må utarbeidast. Helge Bjørlo ved UiB kan ikkje hjelpa. Toril Ivarsøy ved UiB er tydelegvis ikkje på jobb, eller vel å ignorera lettare desperate e-postar frå utvekslingsstudentar i Barcelona...
20.10.2006: Merce Aventin, ansvarleg for seksjonen for mellomalderstudiar ved UB forbarmar seg over ein tiltakande fortvila utvekslingsstudent og hjelper så godt ho kan. Nok til å reetablera litt tru på verda og menneske generelt, men dessverre ikkje så mykje meir.
Forslag til løysing: Melda seg opp utan fag. Skal visstnok vera mogeleg, men involverar visstnok store mengder papirarbeid (dvs. større mengder papirarbeid enn vanleg oppmelding).
23.10.2006: Framleis ikkje ein lyd frå UiB. Etter to timars venting i gangen utanfor ORI tek Ana Gómez ein telefon og den fortvila utvekslingsstudenten får beskjed om at det ikkje er noko problem å melda seg opp for vårsemesteret i februar. Informasjon bør helst haldast tilbake og mognast ei stund før han blir delt ut, elles blir han ikkje satt nok pris på... (Aquí no hi ha cap problema. Hi ha burocracia...) Kopiar blir skaffa ved la copisteria på universitetsområdet som no (imponerande nok) har opna og er i drift.
24.10.2006:
11:00: Utvekslingsstudenten komponerar liste over fag for haustsemesteret 2006.
11:20: Mercé Aventin er ikkje på kontoret sitt.
11:30: Mercé Aventin er ikkje på kontoret sitt. Utvekslingsstudenten leitar opp ein annan tutuor.
11:45: Ein snill, men litt smårar tutor fortel om konferanse i Oslo, spør om ikkje Bergen er ein Hansa-by og skriv under på papir.
12:30: Ana Gómez spør kvifor utvekslinsstudenten ikkje har satt opp liste over fag for vårsemesteret og får ei noko oppgidd påminning om gårsdagen. Ho skriv under på papir.
13:05: Ei av sekretærane i la secretaria tek imot utvekslinsstudenten sine papir og opplyser om at det ikkje på nokon måte går an å melda seg opp i februar. Etter ei lengre, noko audmjukande scene ber ho den lettare hysteriske, stadig meir høglytte og gråtkvalte utvekslingsstudenten roe seg ned, medan ho går og snakkar med nokon på kontoret.
13:10: Utvekslingsstudenten er offisielt meld opp i tre fag for haustsemesteret 2006 og får utsetjing på ubestemd tid når det gjeld oppmeldinga for vårsemesteret.
12.10.2006: Etter å ha gått gjennom den uendelege prosessen av skjemautfylling og underskriftsanking enda ein gong blir får utvekslingsstudenten utvida oppmeldinga si til også å omfatta tre fag for vårsemesteret 2007. Sidan det eine faget som i utgangspunktet var grunnen til at oppmelding i februar var utelukka ikkje kan inkluderast i oppeldinga i oktober fordi ein berre kan melda seg opp i dette faget i februar (mhm... dei er store på logikk her) må matrikuleringsprosessen repeterast i februar dersom studenten framleis har lyst til å ta faget. O lykke!

English version:
(Seing as this post is mainly a product of the rather astonishing amount of frustration a Norwegian is able to acumulate in one and a half months of dealing with Spanish, ups sorry, Catalan, burocracy, and therefore rather boring, the author has taken the liberty of shortening the English version slightly.)
Matriculating at the UB is a long, difficult, frustrating and painful process. Don't ever try it if you do not absolutely have to.