Wednesday, February 28, 2007

Om semesteravgift og slikt

På grunn av tidlegare skildra årstidsforvirring gjekk det ikkje opp for meg før slutten av februar at det er noko som heiter semesteravgift, og at denne må betalast til Studentskipnaden i Bergen sjølv om ein for tida oppheld seg ein heilt annan plass. Det oppsto sjølv sagt panikktilstandar då eg logga meg på Studentweb og det lyste mot meg i stygge grelle bokstavar at studenten ikkje var semesterregistrert og at fristen hadde gått ut 1. februar... Såg for meg at eg hadde mista studierett både i her og der (dvs. Noreg og Spania) og tenkte at no var det bye bye til Lånekassestipend og ERASMUS-stipend og alt som finst av økonomisk grunnlag for å kunna leva eit ganske bekymringsfritt utvekslingsliv i Barcelona. Etter ein lettare hysterisk telefonsamtale med heimlandet (kanskje det faktisk må seiast å ha vore ein "tyngre" hysterisk samtale...) og ein halvtimes rastlaus vandring i sirklar rundt Historisk-Geografisk fakultet medan eg snakka høgt med meg sjølv og fekk ein del rare blikk (noko som skal litt til for det er mykje rart ute og går her) ringde telefonen og mine gode foreldre (av og til er dei greie å ha) fortalde at Toril Ivarsøy på HF hadde opplyst dei om at det slett ikkje var noko krise og at det slett ikkje var første gong ein utvekslingsstudent gløymde å betala semesteravgifta (kanskje, kjære UiB, det hadde vore ein ide å senda ei lita påminning i januar?). Det går an å søka fritak frå fristen for semesterregistrering. Dessutan ville eg i alle høve få godkjent studiepoenga og behalda stipenda. Skrekkeleg letta og i supergodt humør tok eg metroen til Hostafrancs, kjøpte stracciatella-is på Mercadona og reiste på besøk til Erica, som tykte eg var litt rar som var i så godt humør, men var fornøgd med isen.
I går fekk eg endeleg ein etterlengta e-post frå UiB om at søknaden var behandla og at no sto det berre att for meg å btala semesteravgifta mi, og så blir eg registrert. Tykte eigentleg det var på tide dei svarte no, for dersom søknaden ikkje hadde gått igjennom hadde eg måtta søka meg inn på uiversitetet på nytt gjennom Samordna Opptak, og eg har ei kjensle av at fristen er no snart...
Så i dag har eg betalt semesteravgift og sendt kvittering til UiB, og reknar med å offisielt vera student der igjen snart. No ventar eg i andelaus spenning på svar frå kjære, snille Lånekassen, forhåpentlegvis med beskjed om at søknaden om fritak frå fristen for å søka om stipend og lån for våren 2007 (jepp, 19. mars finn eg ut at det finst eit gjeldsbrev ein plass som skulle vore signert og returnert innan 16. mars) har vorte behandla, dei innser at dei må vera snille med ein stakkars, forvirra og stadig fattigare utvekslingsstudent og dei har bestemt seg for å gi meg pengar til å gå på kino, handla sko og reisa på ferie i fire månadar til...

4 comments:

H said...

Fristen for søking til samordna opptak er 14. april, så den når du fortsatt hvis du skulle trenge det:-)Hvordan gjør du det forresten med ferie og sånn - reiser du hjem først eller rett på tur etter siste eksamen?

-S- said...

Trur eg skal greia å unngå Samordna Opptak.
Reiser rett på tur etter siste eksamen. Veit enno ikkje sikkert noko som helst, verken kor eg skal, kor lenge eller når eg reiser heim. Alt eg veit er at eg skal innom Italia :)

H said...

Det er bra det er flere enn meg som er litt vage når det gjelder fremtiden:-) Synes forresten du burde slenge opp noen bilder fra Barcelona i bloggen din sånn at vi som ikke er der kan se hvordan det ser ut.

-S- said...

Har tenkt på det, men det er skikkeleg hardt å hugsa å finna bilde medan eg er heime, lasta dei over på Mp3-spelaren og ta med meg denne og ikkje minst kabelen som gjer at eg faktisk kan spelaren
til datamaskina på universitetet. Skal sjå om eg får gjort noko med det etter kvart. Har fått beskjed av Erica om at bildet mitt på MSN er frykteleg og at eg bør forandra det så fort som mogeleg, så eg bør vel prøva å få gjort det snart...