Wednesday, February 28, 2007

Årstidsforvirring

Det er siste dagen i februar (det gikk plutseleg og nådeslaust opp for meg i går at februar kun har 28 dagar...), og vanlegvis i slutten av februar vil eg ha ei kjensle av at tida har gått litt for fort, men at det er vinter, kanskje snart litt vår, eit stykkje etter jul, eit stykkje ut i vårsemesteret, ikkje så altfor lenge til Påske, men enno lenge lenge til eksamen. Dette året har eg gitt opp å ha noko som helst slags ide om kva tid på året det utan å sjå på kalendaren, og når eg ser på kalendaren trur eg som oftast at han er feil. Klimaet er berre ein av grunnane, men når det er varmt nok til å sitja ute og eta middag i november kan kvar og ein bli litt forvirra. September var slett ikkje ustabil og haustleg, men drepande varm og februar er ikkje snødekt og kald, men ganske behageleg, med opp mot 20 grader midt på dagen.
Er nok likevel semestersystemet her som er det største problemet. Det er absolutt ikkje slik det burde vera (dvs. slik det ville ha vore dersom eg fekk bestemma). Ved UB startar haustsemesteret i slutten av september (som forsåvidt var heilt OK) og sluttar i januar (som ikkje var like OK). Her har dei tydlegvis ikkje skjønt at det er grusomt forferdeleg å ha eksamen rett etter jul! Tenkte på eksamen heile julehelga og fekk slett ikkje nok av den obligatoriske kvalitetsjuleavslappinga eg trengde. Tilbake til Barcelona og biblioteket 2. januar, og begynte det nye året med to superstressa veker (litt av stresset kom kanskje delvis av at eg ikkje hadde opna ei bok heile hausten...). Eksamen 9., 10. og 16. januar, og så vinterferie! Rett etter eksamen! I slutten av januar! Vårsemesteret begynte 12. februar og sluttar i slutten av juni (har bytta litt fag her og der slik at eg sannsynlegvis no har siste eksamen den 20.). Blir ikkje mykje sommarferie i år. Har nettopp begynt med forelesningar og har enno ikkje heilt bestemt meg for kva fag eg skal ta, så det burde vera januar, men i dag skin sola som om ho trur det er mai, det er blå himmel og varmt og godt i Barcelona og eg vil ha ein is.

3 comments:

H said...

Ai,ai - har blitt for vant til at du ikke oppdaterer. Her var det jo to poster og greier!! Høres forresten fryktelig skummelt ut å skulle melde seg opp til fag og sånt i Barcelona. Føler meg plutselig veldig verdsatt av UiB. Skal være flink og begynne å gjøre en innsats med skrivingen. (Btw - får sommerferie 5 dager før deg, muhahahahahaha)

-S- said...

Det var frykteleg skummelt, men no som eg har overlevd det (for no er eg faktisk offisielt matrikulert for vårsemesteret òg!) kjenner eg meg klar for nesten kva som helst! Har verkeleg lært å setja pris på gode gamle UiB. Her nede har eg fått ei heilt ny forståing av konsept som byrokrati og papirarbeid, og har insett at UiB er faktisk imponerande godt organisert. Det kjem berre an på kva du samanliknar med...

H said...

Ja, har noen vage minner om at det som nå virker helt selvfølgelig var fryktelig skummelt første semesteret på UiB. Hvis UiB sin metode viser seg å være den beste sier det egentlig skummelt mye om tilstandene andre steder.Er imponert over evnene du tillærer deg - ikke mye igjen nå før du kan prøve deg på gresk eller italiensk byråkrati:-)