Tuesday, December 07, 2010

Monday, December 06, 2010

Sunday, December 05, 2010

Andre søndag i advent

Julekalendarluke 5: Jokerluke!!!

Sidan det er tredje søndag i advent og greier blir det i dag ein liten ekstrapremie på den som greier flest rette på spørsmåla i julekalendaren. Tema er London.
Lukke til :)

1. Kva Londonattraksjonar er dette?
1.

2.

3.

4.

5.

6.

7.

8.
2. Kva for nokre av desse attrasjonane besøkte/såg me på turen i sommar?

3. Tilfeldige fakta om London:
  • Kva låg på staden der Buckingham Palace no ligg, før slottet vart bygd?
  • Kor lang er den kortaste avstanden du kan reisa frå ein stasjon til ein annan med tuben? (Ifølgje tilfeldige internettkjelder er dette den mest populære strekninga blant turistar i London, trass i at det er raskare å gå.)
  • Kva kalla romarane Themsen (pluss for etymologi)?

Saturday, December 04, 2010

Friday, December 03, 2010

Julekalenderluke 3

1. Kor mange stadar åt Haldis Scones?
2. Kor mange gonger åt Silje Haggis?
3. Til kor mange måltid åt Haldis ostekake til dessert?

Thursday, December 02, 2010

Wednesday, December 01, 2010

Julekalendar!

Frå i dag og kvar einaste dag til og med julafta blir det i år julekalenderquiz med spørsmål hovudsakleg om Silje og Haldis sin fantastiske ferietur i sommar. Og det blir premie – ordentleg fjong premie :) Kvar dag har ein moglegheit til å hanka inn 3 poeng, og for at det ikkje skal bli fyrst til mølla, men mogleg for alle å svara, så har me sett på moderasjon i kommentarfeltet. Dermed blir kommentarane og svara fyrst synlege dagen etter. Sidan me er så trege med dagens spørsmål vil det vera mogleg å svara ut dagen i morgon. Etter det reknar me med å vera i rute :)


Julekalendarluke 1

Kor er dette:
1.

2.

3.

Thursday, August 19, 2010

Nye ord

Gode forslag til ei norsk omsetjing av den nyaste glosen i Tesaurusen (i.e. skrivesperre som rammar bloggoppdatering) blir mottekne med takk.

Tuesday, August 03, 2010

Har fått kontor, telefon, internettilgang og ny e-postadresse.
Manglar tilgang til stort sett alt, men ordna fjongt bilde på kortsenteret i går og vart lova flunkande nytt kort, med allslags tilgangar, i neste veke.
Har helsa på instituttstyrar, HMS-ansvarleg og kaffitraktaren.
Har flytta inn bøker, skokasse, whiteboard, postits, førstehjelpsboks og kriseproviant.

Litt usikker på kva eg skal gjera no ...

Sunday, August 01, 2010

Har meldt flytting og er frå i dag av bergensar - i alle fall på papiret ...

Thursday, July 01, 2010

Feriedagsrapport

I dag har me:
  • Vore inne i eit 5 000 år gammalt gravkammer
  • Nesten køyrt på ein hare
  • Køyrt cirka til verdens ende for å sjå ein ruin
  • Nesten vorte blåsne av ein klippekant
  • Teke sjølvportrett på stranda
  • Overlevd monstersvermar av mordarmygg
  • Fått myggstikk
  • Fått mygg på auga
  • Mosa mygg med vindaugsviskar
  • Teke cirkatusen bilde av Orkneykyr og ein hest
  • Klappa nemnde kyr på nasen
  • Råna rundt heile Mainland Orkney
  • Køyrt på feil side av vegen
  • Vore på fuglekikking
  • Sett film om vikingar
  • Ete Orkneyangusbiff
  • Besøkt den nest største "byen" på Orkney
  • Vorte fråstolne eit heilt brød og to bananer
  • Kjøpt kokebokhefte med Birsayspesialitetar
  • Ete på Tea Room med utsikt til kyr og fuglar
  • For tredje dag på rad ete ostekake - ny type kvar dag
  • Sendt postkort frå Ingenmannsland
  • Fotodokumentert postkortsending frå Ingenmannsland
  • Lagt ein plan

Wednesday, June 02, 2010

Sommarnatt i Sogn

Klokka er midt i natta og eigentleg burde eg sova no, for om nokre få, korte timar må eg stå opp att for å ta båten til byn igjen for å gå på vakt på turistinformasjonen kl.15. Vart berre heilt nøydd til å lasta ned litt lydbok til å ha klar på mp3-spelaren. Fem timar på båt er betre enn fem timar på buss, men det er likevel best å vera førebudd.
Berre litt over to dagar heime denne gongen, men det er jo meir enn ingenting,og slik stoda er no blir det nok ikkje nokon tur heimatt på ei stund, sjølv om eg må innrømma at det fristar når veret er så fint som det er no, det er akkurat passeleg sommarskymt i natta og det einaste ein kan høyra er ei og anna sauebjølle og suset frå Engjadalselva. Om dagen hoppar lamma våryre rundt husnovene, spredarane lagar tsjukk-tsjukk-lydar på markene og epletrea i hagen har pynta seg til eg skulle komma. No er det muligens blomsterpynten som er skuld i at eg, ganske umiddelbart etter at eg kom heim, fekk eit allergianfall av ein styrke det er lenge sidan eg har opplevd, og difor har gått og snufsa og nose og vore heller slapp og trøytt. Håpar at det kjem seg i Bergen, sjølv om det jo er blomster og tre nok der òg for tida. Håpar uansett det er floraen som er problemet og ikkje den lokale faunaen som heiter Tessa, er sju år, brunstripete og verdas mest perfekte skapning (i følgje ho sjølv), og som Mamma truar med å bli kvitt viss ikkje eg går til legen og får det svart på kvitt at eg ikkje har utvikla pelsdyrallergi ... Allergien har i det minste ikkje øydelagt for planane eg hadde for desse dagane: har vore på hyttemøbelshentingstur til Lom med Mamma og elles stort sett sove - utan vekkarklokke, utan bilstøy, utan fotgjengarovergangsulyd utanfor vindauga og utan dårleg samvit.

Wednesday, April 21, 2010

Karriereveg?

Kanskje dette kan vera ein karriereveg å satsa på, dersom det skulle visa seg at draumejobben ikkje står klar og ventar på ein ...

Tuesday, April 20, 2010

Livet utan internett

Mest truleg pga. ein feil i huseigarmannen sin ruter (ein feil som ikkje kunne utbetrast umiddelbart sidan huseigarmannen oppheldt seg på hytta) har me her i Elsters gate vore utan internett i tre dagar. Litt som med flystoppen (som forresten ikkje på nokon måte har påverka meg personleg i same grad som tapet av 24-timars internettilgang), er det først når krisa oppstår at ein verkeleg forstår kor viktig det ein har mista er for den kvardagslege lukkekjensla. Det tok berre få minutt frå internett sa takk for seg til abstinensane begynte å melda seg, desperasjonen steig raskt etter kvart som det gjekk opp for meg kva denne unnataks-tilstanden faktisk innebar.
Det fyrste som vart klart var at eg ikkje kom til å bli ferdig med den obligatoriske innleveringa i italiensk omsetjing til måndag, sidan eg faktisk ikkje har andre italienskordlister tilgjengeleg enn dei som ligg på nettet og eg dessutan ikkje hadde moglegheita til å senda innleveringa til førelesaren. Manglande e-post blir fort eit kjempeproblem for ein person som har telefonskrekk og litt menneskefobi og difor trivst best med den uformelle, men likevel noko avstandsskapande kommunikasjonsforma e-post representerer. Når ein då faktisk har ein jobb som er fullstendig e-postbasert og i tillegg behov for å få kontakt med folk ein ikkje har annan kontaktinfo for enn e-postadresse, blir livet vanskeleg. Elles har eg innsett at ein viktig del av mitt sosiale liv føregår på nettet, gjennom MSN, Skype, bloggen, andre sine bloggar, Shelfari osb. slik at eg, sjølv om eg har eit relativ lågt behov for sosialt samvær og framleis ikkje har (eller har planar om å skaffa) konto på verken Fjesboka eller Twitter, snart følte meg ganske sosialt understimulert.
Det neste problemet som melde seg var TV-relatert - no hadde μTorrent, sympatisk nok, gjort seg ferdig med Dr.Who-episoden frå førre veke før tilkoplinga forsvann, men så var det slutt på moglegheita for å skaffa seg nye episodar av noko som helst. På toppen av dette forsvann jo dessutan nett-TV (har vorte litt fan av at mange NRK-program, inkl. nyhende, kan sjåast når det passar meg, ev. direkte på datamaskina der ho måtte befinna seg og med øyretelefonar, som vårt elles eksellente fjernsyn manglar) og YouTube, noko som alvorleg hemma mine underhaldnings-vanar.
Det har i tillegg vist seg at eg, både når det gjeld kjennskap til ord på ulike språk, og når det gjeld nyhende og generell encyklopedisk informasjon om verda, reknar det eg kan finna på internett som ein integrert del av mine eigne kunnskapar, og mine kunnskapar krympar difor faretruande av å ikkje ha tilgang, 24 timar i døgnet, med eit enkelt tastetrykk, til Google, Wikipedia, Wordreference, Ordboka, NRK og andre ufeilbarlege kjelder til meir eller mindre korrekt og meir eller mindre interessant informasjon om Livet, Universet og Alt.
Elles er det jo velkjent at mangelen på internett opplevest som ein stor feil på datamaskina, av ein slik magnityd, eigentleg, at maskina i seg sjølv blir ganske uinteressant. Trur ho opplever det slik sjølv òg - ho sender i alle fall stadig vekk feilmeldingar av typen: "Har desperat prøvd å kople til denne hjelpe-/oppdateringa-/meir info-sida, men FÅR IKKJE KONTAKT!!!"
I dag begynte dagen min med den strålande beskjeden at Internetten var tilbake på plass. Eg trakk pusten djupt og kjende abstinensane sleppa taket allereie før eg hadde slege på datamaskina og fått dagens dose av "innleiande prokrastinering". Livet er på skinner igjen, framtida ser lys ut. ven bryr seg med fly når ein kan reisa kor som helst i CyberSpace.
Eit par avsluttande observasjonar: det verkar som behovet for internett aukar dramatisk dersom ein veit at ein ikkje har internett, så eit godt råd er at dersom ein mistar internett er det best å unngå å vita om det så lenge som absolutt mogleg. Dessutan har eg komme til at internettilgang eigentleg burde komma med same type åtvaring som dei PinexForte-tablettene tannlegen resepterte til meg i går: "Vanedannande!" Ein gong i fjern fortid (Møhlenpris-åra) førte eg jo faktisk ein eksistens utan internettilkopling i heimen, og var lukkeleg uvitande om dei steinalderske forholda eg levde under og kva eg gjekk glipp av. Då eg først fekk denne typen tilgang såg eg helst på det som luksus. Interessant kor fort "luksus" kan bli "absolutt behov". No er det i alle fall ingen veg tilbake - eg ser ikkje for meg at eg nokonsinne i framtida vil kunna leva eit liv utan konstant internettilgang utan å få varige psykiske skadar.

Monday, April 12, 2010

Galaxy song

Kven seier at musikk ikkje kan vera lærerikt? Har ein ambisjon om å læra meg i alle fall nokre av faktaa i denne teksten ...

Gamle folk no til dags!

-S- finn ikkje glaskonteinaren utanfor butikken. Apotekdelen av butikken er tom for kundar. -S- går inn for å spørja ei apotekdame som står og ryddar litt i hyllene. Stiller seg ved sida av apotekdama og blir ignorert.

-S-: Hei!
Apotekdama ser opp.
Apotekdama: Hei.
-S-: Veit du om det finst ein glaskonteinar her ein plass?
Apotekdama: Det måtte i så fall vera utanfor.
-S- inni hovudet sitt: Verkeleg?! Og eg som trudde glaskontainaren sto her inne på apoteket ...
-S-: Men veit du kor han står?
Apotekdama: Du får vel sjå ute på plassen her då.
-S- inni hovudet sitt: Tusen takk for hjelpa. Rart eg ikkje tenkte på det før eg gjekk inn her for å spørja.
-S-: Okei ...

-S- blir sur og går og spør på den andre butikken, der ho får hjelp av ei høfleg ung dame.

Monday, April 05, 2010

Påskerapport

Då var vel påsken så godt som over og eg har sjølvsagt ikkje gjort halvparten av det eg hadde planlagt at eg skulle få gjort på ti fridagar heime utan husarbeid og førelesning og jobb. Enda, som vanleg, utan at det var planlagd og utan at eg heilt forstår korleis det skjedde, med å ta meg heilt å fullstendig fri. Det eg har fått gjort (utanom å eta altfor mykje og sjå uendelege mengder krim på TV, som jo er obligatoriske påskeaktivitetar), er sova, lenge og ofte. Og sjølv om eg eigentleg har kjend meg ganske utsliti heile ferien og har lurt på korleis det går an å bli så trøytt av å gjera så lite, så trur eg kanskje det var nødvendig og at det har hjelpt og at eg no er klar for ny dyst! Prøver iallefall hardt å overbevisa meg sjølv om det.
I dag var planen å panikkjobba og få gjort unna noko av det aller viktigaste arbeidet eg ikkje har gjort i påsken. Men så kjem H og seier at klokka 18 må ein ut og drikka øl, og då må ein jo sjølvsagt ut og drikka øl. Triste greier, sidan eg hadde mykje meir lyst til å lesa grammatikk, formatera korpusmateriale og vaska hus ...

* * *

I tillegg til all sovinga har eg faktisk fått lese ein del i påsken. Ikkje krim, sidan eg meinar at krim absolutt gjer seg best på TV, men eg har bl.a. omsider lese ut fjerde bind av Krig og fred (så no har eg berre att epilogen ...) og eg har endeleg lese Slaughterhouse 5, ei av bøkene som har stått lengst på har-store-planar-om-å-lesa-snart-lista mi. Dessutan har eg, av alle ting, lese ein biografi, ein sjanger eg prinsipielt ikkje er nokon fan av sidan andre folk sine liv sjeldan interesserer meg noko særleg. Men, eg var på Kvarteret for nokre veker sidan og høyrde forfattaren, Hege Duckert, snakka om Mitt grådige hjerte, og bestemde meg for at eg vart nøydd til å gi ho ein sjanse. Trur eg kan slå fast at eg er ganske positivt overraska.
Har planar om å anmelda boka skikkeleg før eller sidan, men det blir nok ikkje i dag kjenner eg. Legg ved bidrag frå dei fire kvinnene boka handlar om her, og så får me sjå om det blir ein bloggpost på Bokbloggen etter kvart.

«Den lille piken lærer seg at man må være elsket for å bli lykkelig. For å bli elsket må man vente på kjærligheten. Kvinnen er Tornerose, Askepott, Snøhvit, den som lider og tar imot alt.»
Simone de Beauvoir


Billie Holiday: Strange Fruit

Frida Kahlo: Las dos Fridas

«Å være seg selv. Å være noe i seg selv. Å ha noe som er sitt eget, utrette noe som er sitt, for å kunne leve og for å holde ut at kjærligheten kan forsvinne.
Det er nødvendig.»
Karen Blixen

Sunday, April 04, 2010

Monday, March 29, 2010

Til ære for Våren

Men det er snø i lufta i Gaupne i dag ...

Monday, March 22, 2010

Monday, March 15, 2010

Soundtrack of my Life

Mp3-spelaren må vera ein av mine favorittoppfinningar i nyare tid. Eg veit ikkje lenger korleis eg kom meg gjennom kvardagen tilbake i gamledagar, då eg måtte vera utan musikk i timevis av gangen. Den store skrekken er sjølvsagt å gå tom for batteri ute på vegen ein stad, noko som før, for flire mp3-spelarar sidan, kunne løysast ved å gå inn i næraste butikk og kjøpa nytt, men som no inneber at eg må klara meg utan anna lyd enn bildur, fuglekvitter og skrikande småungar til eg kjem meg til næraste datamaskin. Verda kjem brått skremmande nær. Rett nok hender det eg let øyretelefonane vera på, berre sånn i tilfelle (om ein går utan kan ein jo risikera at kva som helst slags lugubre individ skulle føla for å snakka til ein), men det er ikkje heilt det same. No har eg heldigvis god tilgang på datamaskiner, og har vorte ganske god på å hugsa å lada batteriet når eg har sjansen (det har nesten vorte ein generell leveregel på linje med "gå alltid på do når du har sjansen, uansett om det kjennest naudsynt eller ikkje"), og foreløpig har spelaren rimeleg bra batteri. Sjanse for at han varer lenge nok til å få nedsett batterikapasitet er vel òg heller liten (denne spelaren har eg faktisk hatt ganske lenge no, fleire månadar...).
Men det eg eigentleg skulle skriva om var konsekvensane av å gå rundt med musikk på øyra heile tida. Utanom dei openbert positive, som mulegheita til å stenga verda ganske fullstendig ute og konstant bli utsett for gode vibbar (undersøkingar viser at folk som høyrer på musikk på mp3-spelar har betre mental helse enn andre), og nokre ikkje udelt positive, som f.eks. tiltakande øyresus og eit par nær-døden-opplevingar i trafikken, har vanen òg ført til at eg gjerne assosierer spesielle sangar eller sangarar med stadar eller situasjonar. Slik går det til at når eg høyrer All these Things that I've done står eg brått på Passeig de Gracia i Barcelona, når eg Kent spelar Berlin sit eg på ein skranglete gammal buss midt i eit nattemørkt mellomamerikansk ingenmannsland, Karl Jenkins manar fram bilde av eit snødekka Voss, medan Glasvegas tek meg med på mopedtur til Haukeland i augustsol. The Soundtrack of my Life.

Den siste veka har øyreormane mine stort sett vore henta frå eit faktisk soundtrack, nemleg dei til saman fem CDane med musikk frå Battlestar Galactica. Det meste har difor vore instrumentalmusikk (har funne to sangar med tekst, ein av dei er ein versjon av Bob Dylan-sangen All along the Watchtower - anbefalast òg), noko som frustrerer meg litt innimellom sidan eg ikkje kan synga med. Vedlagt eit lite utval ...





Monday, March 08, 2010

Sunday, February 28, 2010

Tuesday, February 23, 2010

Møbelsnikring light

Eigentleg skulle eg jo vore møbelsnikkar, ikkje lingvist, men det er kanskje litt seint å gjera noko med no. Har likevel ambisjonar om store møbelsnikringsprosjekt ein gong i framtida, når eg får tid, ork og, ikkje minst, plass.
Veit ikkje heilt om dette eigentleg kan reknast som eit møbel, men monteringa innebar saging av trematerialar (rett nok med brødkniv, sidan eg berre eig grovsag og ikkje t.d. baufil), liming og litt hamring (oppheng...), så det er ikkje så langt unna. "Kunst&handverk" kanskje?
Har lenge tenkt at eg burde oppbevara øyrepynten min litt meir skånsamt, og samtidig gjera han litt meir tilgjengeleg (så langt har han budd i ein boks, noko som gjer at alt festar seg saman i store flokar og fell i fillebitar når eg desperat prøver å slita det frå kvarandre om morgonen).
Ganske fornøgd med resultatet, eigentleg. Fekk berre plass til ein brøkdel av øyrepynten min, men det vart meir dekorativt enn eg hadde tenkt. Har allereie litt lyst på ei ramme til, men det blir nok ikkje med det fyrste. Sjølve jobben var ikkje så vanskeleg eller tidkrevjande, men materialinnkjøp inneber ein tur på IKEA, og det er jo litt arbeidsamt...


Bildet vart ikkje så fantastisk, for fotoapparatet mitt nekta å virka i dag (litt bekymra for at det har teke skade av å bli oppbevart i minusgrader...) og snapshot-funksjonen til webkameraet mitt gir ikkje bilder av spesielt imponerande kvalitet, men eg håpar det i alle fall formidlar eit inntrykk av ideen.

Monday, February 22, 2010

In da muud

Litt hekta på 40-talsmusikk for tida. Trur det kanskje det begynte som
ein Dr.Who/Torchwood-konsekvens...


Wednesday, February 17, 2010

Musikk-måndag

Hadde på eit tidspunkt ein plan om ein slags fast tema-post i veka for å tvinga meg sjølv til å oppdatera og kanskje gjera det lettare å finna noko å blogga om. Den originale tema-vekespost-ideen ligg foreløpig og kosar seg på is medan han ventar på at eg skal få Fri og God Tid til å setja i gang med alle dei viderløftige fritidsplanane eg måtte ha kokt saman, (og det er ikkje så reint få) - eit tidspunkt som magisk bevegar seg framover i tid like kjapt som meg og slik held seg frekt-og-friedig like utanfor rekkevidde.
Anyways, poenget, for å komma tilbake til dét etter den førre fantastiske det-er-midt-på-natta-og-eg-har-jobba-heile-dagen-og-dessutan-drukke-rom-og-då-har-eg-det-med-å-uttrykka-meg-i-5-linjers-setningar-setningen, er (poenget altså): eg har tenkt å begynna med ein temavekespost som kanskje, muligens, kan henda, ber bittelitt preg av latskap og kreativitetstørke, men dog ... Musikk-måndag startar denne veka, med tilbakeverkande kraft, og skal etter planen følgjast opp kvar måndag framover på ubestemt tid. Har eg hatt denne typen føresett før? Jepp. Har det vore spesielt vellukka? Nope. Evig pessimist.

Okidok, på høg tid å gi seg. Dagens øyreorm:


Sunday, January 24, 2010

Hjerneskade?

Lurar på om det muligens er noko som er feil i hjernen når ein brukar tid og krefter på å lura på om det finst eit framandord for "framandord"?

Sunday, January 17, 2010

Tilfeldig testing

Gleda ved tilfeldig internettesting:

The Holy Test:
Congratulations, you ave passed the Hypocrite Test!
You are officially Unholier Than Thou.
The world is a happier place with you in it.


The Nerd Test:
Your Score Summary:
Low Ranking Nerd. Definitely a nerd but low on the totem pole of nerds

The Stupid Test:

Friday, January 15, 2010

Boklista 10 år!

In 1999, that is, during my first year in college/vidaregåande, I started keeping a systematic list of all the books that I read, including number of pages, genre etc. This means I can actually say with certainty how much and what I’ve read each year for the last ten years. Ironically, 2009 – the year that marks a decade of “booklisting” – is an absolute low point so far… Including bits and pieces I read for the University, articles etc. last year I read approximately 45 books. By comparison, in 2007 and 08 I read 62 books a year.
I blame the masters thesis, for several reasons. Firstly because I did not have time or energy to read as much this year as I usually do. Secondly because I’ve read a much larger proportion of scientific articles this year than I have ever done before – in addition to not counting as books, articles are harder to read and take longer.
I know this makes me look rather geeky and weird, but I still think it’s fun, so here are some statistics from my now ten-year-old booklist (these numbers of course exclude newspapers, magazines, comics etc., and include academic literature only since I started studying at the University):
  • Top reading year in terms of pages: 2002 – 16 500 pages (2002 was the year I spent 6 months on what was basically an extended holiday in Costa Rica, passing most of my time with a book and a glass of lemonade in a hammock.)
  • The year with the highest proportion of text read in English: 2002 – 76% (not a lot of Norwegian literature can be found in Costa Rica, but loads of US tourists…)
  • The year with the highest proportion of text read in any foreign language: 2007 – 90% (I spent the first half of 2007 in Barcelona, the second half reading up on the subject of my masters thesis.)
  • The year with the highest proportion of text read in foreign languages other than English: 2008 – 54% (Master thesis related non-fiction and Italian literature studies would explain this.)
  • The year with the highest percentage of University related literature: 2004 (Surprise, surprise: the year I did History 100-levels.)
  • Average number of books read each year 1999-2009: 55
  • Average number of pages read each year 1999-2009: ca. 13 000

The biggest changes in these ten years, seem to be the rising proportion of foreign language texts, especially those in other language than English, and the type of texts that I have read. I beleive that I probably spend just as much, if not more time reading now, even if the statistics would indicate otherwise. Compared to the sort of books I read ten years ago, now read much "heavier" literature: non-fiction (bot University related and not) and classics, which take more time and effort to read, but which usually turn out to be more rewarding in the end.

Wednesday, January 13, 2010

Dagens dikt

Når eg blir stor skal eg bli haiku-poet.
Desse er skrivne av Yoko Homo, og frekt&freidig stolne frå UnPoetia.

Haiku 457b:
This is a haiku
I even counted the syl-
Lables to make sure.

Haiku 406a:

Don't you just hate it
When you're writing a haiku
And don't get to fin-