Tuesday, February 24, 2009

Bokblogging I, del 2


Bokblogging I, Part 2, by -Silje-. This is an AraMateix publication. All AraMateix publications are not in the public domain. Recording by -Silje-

Observasjon 1: Kvifor, når handlinga føregår i Irland og forfattaren er irsk og irsk engelsk er ein av dei stiligaste variantane av engelsk, skulle eg ynskja å høyra boka lesi på heavy USAnsk?

Observasjon 2: Eitt problem med lydbøker er at det har fryktleg mykje å seia (iallefall for meg) om ein likar stemma og lesemåten til opplesaren. Mi første lydbok vart lesi av Peter Bobby, som i tillegg til å vera svært USAnsk hadde ein lite behageleg leserytme i første del av boka.

Konklusjon førsteinntrykk: På ingen måte overtydande, men eg bestemde meg likevel for å halda fram, mest fordi eg har litt tvangstankar i samband med ideen om å ikkje lesa ferdig ei bok, men delvis òg for å ikkje vera pinglete og gi opp Mr. Peter Bobby, the Artist og Prosjekt Lydbok slik med ein gong. Alle fortener visstnok ein sjanse til (litt usikker på dette, prinsipielt sett, men let tvilen komma alle til gode i dette tilfellet).

Lesinga tok seg heldigvis opp. Ikkje at Mr. Bobby vart noko mindre USAnsk, men han vart hakket mindre irriterande. Er litt usikker på om den mystiske rytmen og tonefallet i første del var eit resultat av at han prøvde å tilpassa seg hovudpersonen sin unge alder, eller om det berre var det at han vart meir van med å lesa etter kvart. Sette uansett pris på endringa.
Boka derimot, tok seg ned. Ho har berre fem kapittel, som iallefall i lydbokversjonen er delte opp i mindre deler, og dei to første kapitla tek for seg barndommen til the Artist. Kapittel tre er ei einaste lang dommedagspreik. Masse "du skal brenna i Helvete og pinast i all Æve for at du ikkje gjer som Gud har gitt deg beskjed om" og deprimerte og angrande filosoferingar om ei syndefull fortid (mest pga. hyppig omgang med prostituerte) og ei grusom framtid i Helvete frå the Artist si side. Utanom nokre småinteressante skildringar av Helvete (men har lese mykje meir interessante skildringar andre plassar, Dante f.eks...), var det ikkje spesielt mykje eg fekk ut av denne delen av boka og etter fleire timars svovelpreik var nok ikkje konsentrasjonen om det som strøymde inn i øyrene mine so stor lenger. So, eit stykkje ut i kapittel fire (dersom eg hugsar rett), går the Artist i kyrkja, finn ein prest og legg ut om syndene sine i detalj, i god katolsk stil. Deretter kjenner han seg ovanpå og overlegen og fødd på ny ei stund, før han mot slutten av boka (dersom eg skjønte dette rett) endeleg konverterar til ateismen (eller iallefall agnostisismen). Mot slutten tek det seg litt opp att, sjølv om dei djupe filosofiske samtalane er litt harde å følgja, spesielt dersom ein er litt trøytt og omringa av høglydd trafikk i bergensvêr. Det skal òg seiast at latinen min på ingen måte er god nok til å fylgja replikkane i dei tilfella dei ikkje er omsette, og at å høyra ein USAnar lesa latin er eit lite Helvete i seg sjølv.

Andre observasjonar: Det hadde vore ein god idé å dela opp bøkene i mindre deler, for det er ikkje alltid det passar å høyra ei 45 min. lang opplesing og dessutan likar ikkje mp3-spelaren min dei - han blir sur og gretten og har det med å låsa seg litt og generelt skapa trøbbel i rein protest. Dessutan burde dei kutta litt ned på introduksjonane. Det er verkeleg ikkje påkrevd at dei opplyser meg om kva bok eg høyrer på, kven som har skrive ho, kven som les osb.osb. i byrjinga av kvar einaste ny del.

Konklusjon: Ikkje overtydd om at lydbok er heilt min ting, men framleis heller ikkje overtydd om at det er ein dårleg idé. Problemet blir å finna kombinasjonen rett bok og rett opplesar. Har no rydda meir plass på mp3-spelaren for å kunna ha deler fleire bøker der om gongen, slik at eg har litt å velja mellom. Har lasta ned meir litteratur, både romanar, faglitteratur, poesi og noveller, på diverse språk, og satsar på å finna den perfekte lydboka snart.
Will let u know...

End of Bokblogging I.

6 comments:

e said...

Stephen Fry leser Harry Potter. Vi har alle lest dem, men det er verdt det å høre bøkene lest av Stephen Fry. Befjonget.

Ellers så må jeg si at jeg er imponert over oppdateringsfrekvensen. Og litt bekymret. Kjenner presset...

H said...

Jeg har i hvert fall blitt helt overbevist om at den boken ikke er noe for meg.

Kom forresten på at jeg har hørt en lydbok en gang. En av Terry Pratchett sine Discworld-bøker. Den var bra (lesing og intro og det hele), så dersom du nedlater deg til den typen litteratur er den å anbefale:-) (De har den på biblioteket.)

Elin: Det burde du...

-S- said...

Merka at tulleposten so skulle senka terskelen før k eg kunne legga ut enda me å fjerna heile terskelen, so da bli sikkert meir blogging framøve, men muligens mykje rart og ikkje nødvendigvis superinteressant...
Ha bjønt på Moby Dick, som eg forventa at skulle vera skikkele kjedele, men so langt e eg veldi positivt overraska. Ska vurdera Pratchett og Fry i framtii, men merka at øyresusen min begynna å ta seg opp. Lura på om eg må pausa litt, sjøl om tanken på å gå i ein halvtime utan lyd på øyra skremmer meg meir enn han sikkert burde.

e said...
This comment has been removed by the author.
e said...

Work in progress, eller? Ny farge hver gang jeg har tittet innom her i dag...

Ja, jeg prokrastinerer...

-S- said...

Kan du sei... Hakje bjønt me nåketing nyttig endao eg, å eg hadde plana om ein skikkele effektive dag.
Finne ikkje dan perfekte fargen, men dan kan eg leita itte ein an dag.
Ha førstee at HTML-spraok e nåke eg ikkje skjønna og sannsynlevis alder kjemme te å lera meg, men fekk i da minsta på plass to sidedingsa itte mykje om og men...
Kansje eg ska jera nåke ant no. Men føst må eg eta...