Saturday, February 21, 2009

Bokblogging I, del 1

Inspirert av Haldis tenkte eg kanskje eg skulle hengja meg på bokbloggebølgja, òg sidan eg ofte får litt behov for å dela det med andre når eg er spesielt imponert, spesielt lite imponert eller elles spesielt sterkt påverka av ei leseoppleving. So her kjem Bokblogging del I:

Bokblogging I, Part 1, by -Silje-. This an AraMateix publication. All AraMateix publications are not in the public domain. Recording by -Silje-

Sidan me no har flytta ut på landet og det ligg trintom ein halvtimes gange mellom hus og lesesal, noko som utgjer ein times mp3-tid for dagen, tenkte eg at det kanskje kunne vera verd å testa konseptet lydbok (hadde forsovidt lydbøker då eg var liti, av typen som seier plingeling når ein skal bla om til neste sida i bildeboka som fylgjer med, men føler ikkje det blir heilt det same). Den første ideen min var å prøva biblioteket (kjøping av lydbøker er frykteleg uaktuelt), so eg gikk meg ein laaaang omveg om Folkebiblioteket ein dag på veg heim for å sjekka utvalet, som viste seg å vera serdeles skuffande. Har litt problem med å få uttrykt kor oppgidd eg kan bli over samtida sin fascinasjon for uintellektuell litteratur, ofte representert ved krim (ikkje at krim alltid er uinteressant eller uintellektuell, men mesteparten er det notildags) og, i aukande grad, av Anne B. Ragde (ikkje at eg har lese noko av henne, men eg tillet meg i dette høvet å vera uhøyrt fordomsfull). (Er det forresten eit godt teikn når ein begynnar å sutre over forholda notildags i ein alder av 25?) Ein del av den geniale planen min hadde dessutan vore å finna lydbøker på andre språk enn norsk (i hovudsak på tysk) for at eg i tillegg til å få intellektuell puttinn medan eg går, skulle få pussa oppatt språkkunnskapar som har meir eller mindre gått i djup dvale. Multitasking (som btw.lissom treng ei norsk omsetjing) på høgt nivå, tenkte eg. Biblioteket har dessverre ikkje eit spesielt stort utval av lydbøker på interessante språk, og ein særs liten del av dette utvalet er interessant som litteratur. Det kan jo tenkast at eg var litt i overkant kresi, men for å ikkje gi Prosjekt Lydbok eit dårleg utgangspunkt som kanskje kunne gjera meg negativt innstilt til lydbøker i all framtid, meinte eg det var viktig å i det minste velja ei bok eg verkeleg kunne tenkja meg å lesa.
Lånte til slutt On the Road av Jack Kerouac. Tingen såg ut som ei lydbok og sto i lydbokseksjonen, men var vel eigentleg meir ei samling utdrag ispreidd småeksperimentell jazzmusikk. Kanskje passande for sjangeren, men ikkje akkurat det eg hadde tenkt meg.
Det var på dette tidspunktet eg vende meg til min gamle venn Internettet og ba om råd. Og Internettet sa: "Bli lydbok", og det vart lydbok, i form av Librivox, ei side der ein kan lasta ned lydbøker på diverse språk heilt gratis. Eit fantastisk konsept eg allereie har prøvd ut for m.a. e-bøker (kanskje meir om det eksperimentet på eit anna tidspunkt, kven veit). Einaste problem er at det kun er gratis fordi det stort sett dreiar seg om forholdsvis gamle bøker (har vel noko med opphavsrett å gjera, går eg utifrå). Gjekk uansett laus på katalogen (som faktisk er imponerande stor), med friskt mot - gammalt er jo, som kjend, på ingen måte synonymt med dårleg.
Hadde i utgangspunktet sett meg ut Faust som ei bok som kunne vera interessant (bittelittegrann ambisiøst med mitt tysknivå kanskje, men finst det eigentleg ei lov som seier at ein læra seg å krabba før ein kan gå? Inkårt måtte jo siga inn...). Denne skulle, ifølgje katalogsøk, vera ei lydbok Folkebiblioteket tilbyr, men var ikkje å oppdriva der. På LibriVox er ho i kjømda, og sida har dessutan ei svært sympatisk varslingsteneste som sender ein e-post når ei bok ein ventar på er ferdig opplasta. I teorien har eg no difor tid til å starta litt mindre ambisiøst, for so å avansera til Faust på eit seinare tidspunkt (so vil det jo visa seg om eg nokon sinne kjem so langt eller om det heile går i grøfta før den tid).
Anyway... Bestemde meg til slutt for å begynna med Joyce (har store ambisjonar om å lesa Ulysses snart, men snart begynte for ein god del år sidan. Me får sjå til sommaren...) og lasta inn A Portrait of the Artist as a Young Man på mp3-spelaren.

End of Bokblogging I, Part 1.

1 comment:

H said...

Ah, dette gav meg en god start på mandagen. Venter i spenning på neste del:-)