Monday, February 23, 2009

Ord på kryss og skrå - Ei forteljing om frustrasjon

.
Korleis seier ein eigentleg "haldningskampañe" på spansk?!?!
Kan Wikipedia stolast meir på som omsetjingsassistent enn som kjelde?
Skal ein velja å bruka "prevalente"eller "preponderante"?! - og kvifor slik ei overflod av fjonge&fengjande ord i denne contexto når det ikkje går an å oppdriva eitt einaste ynkjeleg lite eit til neste setning?!
Kviforkviforkvifor (helvete, helvete!) kan ein ikkje Ctrl-Z'e EndNote?!?!
Burde nettordlister eigentleg ha nok psykologi til å ha dårlege og gode dagar, slik at Diccionario de la Real Academia Española er amigo med meg i dag og finn alt eg leitar etter, medan WordReference derimot er meir på jordet enn vanleg og berre surmular? (Og gir det eigentleg meining å seia at eit omsetjingsprogram oppheld seg på ein åker?)
Korleis uttrykkjer ein "input" på andre språk enn engelsk? Innputt? Meir spesifikt i ein diskusjon om behaviourisme? (Bør ein eigentleg nedlata seg til å diskutera behaviourisme i det heile...?)
Kvifor har alle spr`k sine tastatur nokre teikn plassert p`usannsynleg lite praktiske stadar? Og kvifor skulle eg vilja ha den idiotiske "caps lock"-tasten på ein slik utsett plass når eg brukar han circus ein gong kvar kongedaude? Dessutan: kvifor, n`r Word kan kjenna att spr`ket eg skriv p`, er Windows so utruleg tilbakestànde npr det gjeld `skjñnna kva for eit tastatur eg vil ha til ei kvar tid?
Finst det ord for "todeling", "tredeling" osb. på andre språk? Korleis skal ein elles uttrykka dette effektivt? ("deling i tre" er ikkje effektivt...)
Kvifor kjem eg ikkje på fabelaktig profesjonelle uttrykk som "tek sikte på", som fint&flott oppsummerar akkurat det har lyst til å seia, når eg skriv på norsk?! Å komma på det medan eg skriv spansk er jo heilt futilt!
Kvifor har ikkje nokon laga ei ordliste som omset fabelaktig profesjonelle uttrykk som "tek sikte på" til andre språk?

Nokre gonger trur eg hjernen min har ei språkfeilkopling ein stad. SPANSK NO! ¡Español! ¡Olé! ¡Caramba! #Nein nein nein!!#

Kanskje på tide å call it a Day. Sjølv om denne eigentleg ikkje har gjort seg fortent til mayuscula...

6 comments:

e said...

Fantastisk.

-S- said...

Hei! Oppdatering pliis: kelais jikk førelesningi?

H said...

Alle disse tingene er en del av fenomenet "Alle tings iboende faenskap"...

-S- said...

Som jo e dan ultimate forklaringi på stort sett alt.

-S- said...

"Programa de cambio de actitudes". Slik seie ein haldningskampanje på spansk. E ikkje allti lika imponerte øve effektivitetn i detta språke. Stor fan av samansette ord!

e said...

Jeg er også et sammensatteordfan.