Thursday, February 26, 2009

No more Avisturking

Har i dag vore på BT og spurt om det gikk an å få kjøpa ein aviskassesak. "Aviskassesak?" sa mannen i informasjonen og smilte. Og so gikk han og henta ein svart postkasse med BT-logo. OK, tenkte eg, og spurde kor mykje han ville ha for han. "Du ser so grei ut at den skal du få av meg", sa mannen, og pakka han i ein plastpose for meg. Og eg gikk ut i vårsola og kjøpte espresso og velviljen min mot BT var gjenoppretta.
Har vore litt småsur på dei i det siste, noko som mest er avisbudet sin feil. Veit jo frå før at avisbud generelt er litt tilbakeståande (ikkje at eg har møtt eit avisbud, trur ikkje det er so ofte me er ute og luskar på same tid av døgnet, men slik frå handlingane å dømma kan iallefall ikkje våre avisbud vera spesielt intelligente), men kor vanskeleg kan det eigentleg vera å levera oss èi turr avis (fortrinnsvis dagens - tenk at eg måtte slå opp i engelskordlista for å finna "fortrinnsvis" på norsk!) kvar morgon? I tillegg til at budet føler for å legga avisa ute på dagar med heftig regn (men gjerne i postkassa når det er opplett) har me fleire helgar no (stort sett kvar helg faktisk) berre fått avisa èin dag. Denne veka fekk me laurdagsavisa på måndag, og stadig oftare er avisa ikkje kommi når eg er klar for frukost. At det er litt ork å ta på seg sko for å gå heilt bort til postkassa om morgonen er jo ikkje budet sin feil, men det er enda ein god grunn til å skaffa seg ein boks nærare.
Men utdeling av gratis avisboks tykkjer eg er eit svært positivt trekk, og viss me kan få dette nye vidunderet på plass i kveld ser eg for meg at all avisproblem er løyst for all framtid!

9 comments:

H said...

Aiai - nå mangler det bare å trene opp avisbudet til å legge avisen i kassen. Mulig det innebærer å designe et skilt med instruksjoner.

Fortrinnsvis er ellers et utmerket ord.

e said...

Fantastisk. Silje bare ordner:)

e said...

Aiai! Ny farge på bloggen igjen!

-S- said...

Mhm. Litt sinte på han idag. Han motarbeia meg. Får lov te å velja farge på alt utanom etikett-linkadn og klokkeslette på slutten ao innleggi. Dai mao vera rosa å blaoe. So no ha eg tepassa restn ao linkadn å slekt itte dei, men sjikkele missfenøydde me å ikkje ha nåke val!

H said...

Synes den grønne fargen er veldig fin da.

Z said...

Grønt er kult :D Særlig i islam.

Z said...

Jeg er forresten ganske irritert på postbudet av og til (som jo nesten er det samme som et avisbud), for med en gang "nei-til-reklame"-klistremerket har regnet bort (noe som tar ca 2 uker), så hagler det reklame opp i postkassen igjen. Så forrige gang det hadde regnet vekk tapetserte vi postkasse med klistremerker - oppå, foran, på siden og under lokket. Men med en gang de to merkene oppå hadde regnet vekk, overså postbudet glatt de ca. 100 andre (ok, kanskje ikke mer enn 4), og slengte oppi reklame igjen. Grr.

-S- said...

Me ha no ikkje fått avisa to daga i strekk, sjøl me nye fjønge boks, so Haldis hadde gått te da drastiske stege å ringa BT. Vise seg at vårt avisbud vart oppsagt å at me må venta litt uregelmessigheita i avisleveringi framøve te dei får skaffa nytt bud. Bør ikkje ta før lange ti. Velviljen kom kansje på plass atte igår, men da e grense før k mykje dei ha å gå på før han fesvinne atte...

-S- said...

Ha forrestn bestemt meg før at eg må slutta å kasta vekk ti på bloggåtfjonging og sjå å få jort nåke nyttigt framøve, so da ser ut te at dan grøne fargen bli verande ei stund.