Friday, May 11, 2007

Ikkje meir HF?!

Har nettopp logga meg på webmail, som eg gjer av og til for å sjå om UiB har sendt meg ny og livsviktig informasjon. Har enno ikkje opplevd å motta nok slikt frå UiB (den livsviktige informasjonen må leitast opp, han blir ikkje utdelt på e-post sånn heilt utan vidare...), men dette er kanskje det næraste dei har komme så langt. Rett under ein fin-fin mail frå Lånekassen med beskjed om at eg no har fått pengar (Jippi!) låg ein e-post frå UiB som eg rekna med at inneheldt fullstendig uinteressant og irrelevant informasjon som vanleg. I staden finn eg ei lenkje til "Endringer på HF fra 1. august 2007" der det bli forklart at når eg ein gong kjem tilbake til Bergen vil ingenting vera som før! Har fått med meg at dei ville omorganisera institutta, og eg hadde nesten greidd å komma over at Romansk Institutt er historie og at eg til hausten må dela institutt meg ekle tysk- og japansk-studentar. Og så fortel dei meg at HF ikkje skal heita HF lenger, at eg får ein institutt-leiar eg aldri har høyrt om, at instituttet mitt no ligg i det super-guffne HF-bygget, at Infosenteret ikkje meir er på Infosenteret, at alt er flytta på og omorganisert og forandra og ikkje berre ligg på ein anna plass, men heiter noko anna! Eg som trudde at når eg kom tilbake til Bergen ville alt vera kjend og ryddig og enkelt. Kva skal eg gjera no? Eg kjem ikkje til å finna fram til noko som helst! Må læra meg alt på nytt! Hadde meir enn nok med tanken på å skulle ta til å master! Trur dette blir for mykje for meg...

1 comment:

Anonymous said...

Aiai - høres superskummelt ut! Og skikkelig skandale. Får prise meg lykkelig over at jeg går over i de arbeidslediges rekker til høsten.