Saturday, September 13, 2008

Diálogo de Rakel y Silje viendo llover en León





Morgon i León. Rakel har stått opp, dusja og ete frukost. Silje har vakna.
På rommet til Rakel:

Rakel: Å nei, det har begynt å regne.
Silje: Uff, igjen?
(kikkar ut vindauga)
Men så lenge det ikkje regnar meir enn dette...
(på få sekund tek regnet seg kraftig opp)
Rakel: Kanskje me skal venta litt med å gå ut.
Silje: Ja, det stilnar nok litt. Det kan jo ikkje regna slik heile dagen.


Mange timar seinare: Rakel og Silje, i kvar sin stol, stirar ut i regnet.

Rakel: Ein blir heilt apatisk av slikt ver. Blir berre sitjande å stira.
Silje: Eg veit...
...
Rakel: Hugsar du den novella frå spansken? Av García Marquez...
Silje: mhm...
...

(regnet tek seg opp)






2 comments:

Z said...

Oi.

H said...

Hoi, heftig regnvær. Her er det ikke særlig mye regn, bare mengder av dugg om morgenen slik at sykkelsetet alltid er vått når jeg skal på jobb om morgenen. Ser forresten ut til at jeg er stuck i Dnamark hele november, så du og Elin får finne hotell og sånn uten meg:-(