I dag har eg (i ukronologisk rekkefølgje):
- Lese Studvest
- Ete eit sjokoladekakestykkje (veldig godt)
- Lese innlegg på Bokbloggen
- Kjøpt havremjølk
- Snudd eit histogram
- Planta 16 tomatplanter på Molehill Empire
- Hausta 16 tomatplanter på Molehill Empire
- Lasta ned ein dings som skulle fiksa eit problem på Windows Media Player slik at eg får spela av ting eg vil spela av (blir alltid like fornøgd med meg sjølv når eg får slike ting til å fungera, sjølv om eg ikkje veit kva eg har lasta ned, korleis det installerte seg, kva som var problemet i utgangspunktet eller kvifor det no er løyst)
- Skrive ca. 5 linjer på masteroppgåva
- Leita etter spanske ord i hjernen min og på WordReference, med lite hell begge stadar
- Vore innom Only og slege fast, enda ein gong, at dei ikkje har nokonting eg kunne tenkja meg å kjøpa lenger
- Kjøpt bøker på Studia (sparte jo masse på Only...)
- Løyst eit statistisk problem som er vagt relatert til masteroppgåva, men mest eit interessant tankeeksperiment ved å gjera det om til eit geometrisk problem (sidan geometri jo er den koselege og forståelege delen av matematikken)
- Bestemt at eg likevel ikkje skal ta med noko om det statistiske problemet i oppgåva
- Lurt litt på om hjernen kan fordampa eller sakte forvandlast til bomull utan at ein merkar det
- Lurt litt på om ein ville vore i stand til å lura på om hjernen hadde fordampa dersom hjernen hadde fordampa (eller vorte forvandla til bomull)
- Lurt litt på om bruken av verbtider i den førre setninga eigentleg var heilt reglementer
- Slege opp reglementer, sidan dette er eit slikt ekkelt ord som eg ikkje er heilt sikker på korleis ein skal skriva fordi mi dialekt berre har 8 vokalfonem og ein del skrivemåtar difor er heilt og fullstendig ulogiske for meg
- Tenkt litt på om det å gå heim og sjå Stargate Atlantis med Haldis eller lesa ferdig Fedra, min Fedra kanskje eigentleg er meir meiningsfylt som å sitja her noko lenger
- Slege fast at jau, det er det nok