Feirar med bilde frå Bokdagen i 2007 då eg var i Barcelona der feiringa oppsto og framleis er ein kjempefest med bøker og roser overalt i gatene og eit yrande folkeliv (ikkje at det er så stille slik til kvardags på la Rambla, men 23. april er det ekstra vanskeleg å ta seg fram både der, på Passeig de Gracia og elles på alle opne plassar og torg i byen). Bergen har nok ikkje akkurat same nivå på feiringa, men har høyrt rykter om at det føregår saker og ting på Torgallmenningen. Det pleier jo vera utandørs bruktboksal så eg har tenkt meg ein tur inn litt seinare for å sjekka forholda. Må berre drikka opp kaffien og jobba litt meir med oppgåva (dvs. sørfa litt meir på interntt) fyrst. Strålande fint ver vart det jo og alt i dag; mystisk eigentleg at det aldri pleier regna 23. april... (kan jo henda det er eg som innbillar meg ting, men likar å tru det har med datoen å gjera).
God St.Jordi alle saman!Thursday, April 23, 2009
Wednesday, April 22, 2009
Kvardagsgleder
Har kjøpt skriveblokk med ein rosa elg på og lommelykt med dynamo.
Det gjeld å gleda seg over små ting her i livet :)
Det gjeld å gleda seg over små ting her i livet :)
&ik&:
Twitterblogging
Tuesday, April 21, 2009
Friday, April 17, 2009
Tilfeldig internetting
Trur dette er den typen post som på Elin sin blogg fell i kategorien "Resultat av tilfeldig internetting..." Ikkje heilt sikker på korleis eg hamna på denne sida, men det er jo eit klassisk trekk ved internettsørfing. Uansett, har no slege fast at kanskje det er greit å vera språkmasterstudent likevel, samanlikna med andre ting ein kan ta seg til her i livet.
Nokre av desse jobbane skjønnar eg rett nok ikkje kvifor er med på listene, men andre er det meir forståeleg at ein har trekt fram. Personleg tykkjer eg kanskje "flatus odor judge" må vera ein av dei aller mest disgustingaste. Kva er det som får folk til å frivilleg utsetja seg for slikt?
Nokre av desse jobbane skjønnar eg rett nok ikkje kvifor er med på listene, men andre er det meir forståeleg at ein har trekt fram. Personleg tykkjer eg kanskje "flatus odor judge" må vera ein av dei aller mest disgustingaste. Kva er det som får folk til å frivilleg utsetja seg for slikt?
Thursday, April 16, 2009
Wonderful Word of the Week
Sidan eg ikkje har funne ei ordlisteforklaring av tesaurus-ordet mitt denne veka, fann eg ut at eg kanskje skulle providera eit sjølv, i tilfelle tydinga ikkje er like gjennomsiktig for folk som ikkje er Indresogningar med over gjennomsnittleg fascinasjon for fabuløse ord og vendingar:
Honkalaus, adj./adv.
a) Som er utan honk.
Du må ta deg ein tur på IKEA og oppdatera bidnesortimentet ditt - du har berre honkalause koppar.
b) Vanskeleg, vanvittig, dum, irrasjonell, absurd, unyttig, idiotisk osb. som ein honkalaus kopp.
For ei honkalaus plassering!
Fleire eksempel:
Eksempel 1
Eksempel 2
Honkalaus, adj./adv.
a) Som er utan honk.
Du må ta deg ein tur på IKEA og oppdatera bidnesortimentet ditt - du har berre honkalause koppar.
b) Vanskeleg, vanvittig, dum, irrasjonell, absurd, unyttig, idiotisk osb. som ein honkalaus kopp.
For ei honkalaus plassering!
Fleire eksempel:
Eksempel 1
Eksempel 2
&ik&:
Defnixona o.a.,
Språktullogkrull
Wednesday, April 15, 2009
Friday, April 10, 2009
Påskeprokrastinering
Ting å driva med når ein eigentleg bør driva med andre ting:
- Løysa sudoku
- Løysa kryssord
- Spela WordGames på Merriam Webster
- Rydda i Molehill Empire-hagen
- Sjå på fjonge remix-videoar på YouTube
- Koka kaffi
- Lesa litt i ei bok
- Lesa litt i ei anna bok
- Lesa avisa
- Lesa nyheiter på nettet
- Sørfa på nettbokhandelsider
- Lasta ned musikk/filmar/TV-seriar
- Koka meir kaffi
- Leita etter fleire sudokuar/kryssord
- Lesa måndagsavisa
- Ta oppvasken
- Ta klesvasken
- Ta husvasken
- Tømma boset
- Tømma papirboset
- Rydda i stova
- Rydda på rommet
- Rydda i bokhylla
- Rydda i kjøleskåpet
- Rydda på datamaskina
- Skriva ein plan over kva ein har tenkt å skriva/gjera i forhold til masteroppgåva
- Skriva blogginnlegg om prokrastinering
- Føla seg effektiv og ta kvelden.
Monday, April 06, 2009
Twitterblogging
I løpet av ei prokrastineringsøkt for nokre dagar sidan var eg innom og såg på Twitter sin introduksjons-skryte-video, noko som overbeviste meg fullstendig om at eg absolutt ikkje skal skaffa meg Twitter-konto (dersom meir overtyding eigentleg trongst). Må likevel innrømma at eg er litt fascinert av maks-140-teiknsprinsippet og tenkjer at kanskje det er enda ein måte ein kan senka standarden for blogginnlegg på, og dermed, forhåpentlegvis, auka frekvensen på innlegga. (Muleg eg no snart har so mange teoriar om blogginnleggsfrekvens og -kvalitet at det kvalifiserar som svogerforskning.) I dag har eg difor tenkt å introdusera omgrepet Twitterblogging. Føler eigenteg det seier seg sjølv kva det dreiar seg om, men for dei som må ting inn med teskei kan det definerast som "blogginnlegg på maks 140 teikn om meir eller mindre (helst mindre) essensielle saker og ting som føregår i livet til bloggaren, gjerne utrykt på litt SMS-fjortis-inspirert språk, krydra med spennande forkortingar og kreativ teiknbruk" (eksempel finn ein t.d. her). Skilnaden frå sjangeren "tilstandsrapport" ligg altså både i stil og lengd.
&ik&:
Defnixona o.a.
Subscribe to:
Posts (Atom)